< 1 Mose 45 >

1 Da konnte Joseph sich nicht mehr bezwingen vor allen, die um ihn standen, und er rief: Laßt jedermann von mir hinausgehen! Und es stand niemand bei ihm, als Joseph sich seinen Brüdern zu erkennen gab.
Då kunde ikkje Josef dylja tårorne lenger for alle deim som stod ikring honom. Han ropa: «Lat alle ganga ut ifrå meg!» Og det var ingen inne, då Josef opendaga seg for brørne sine.
2 Und er erhob seine Stimme mit Weinen; und die Ägypter hörten es, und das Haus des Pharao hörte es.
Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao.
3 Und Joseph sprach zu seinen Brüdern: Ich bin Joseph. Lebt mein Vater noch? Und seine Brüder konnten ihm nicht antworten, denn sie waren bestürzt [O. schraken zurück] vor ihm.
Og Josef sagde med brørne sine: «Eg er Josef. Liver far min endå?» Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa.
4 Da sprach Joseph zu seinen Brüdern: Tretet doch zu mir her! Und sie traten herzu. Und er sprach: Ich bin Joseph, euer Bruder, den ihr nach Ägypten verkauft habt.
Då sagde Josef med brørne sine: «Kjære væne, kom hit til meg!» So gjekk dei burt til honom. Då sagde han: «Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland.
5 Und nun betrübet euch nicht, und es entbrenne nicht in euren Augen, daß ihr mich hierher verkauft habt; denn zur Erhaltung des Lebens hat Gott mich vor euch hergesandt.
Men no skal de ikkje syta eller harmast, for di de selde meg hit! Til livberging for mange hev Gud sendt meg fyre dykk.
6 Denn schon zwei Jahre ist die Hungersnot im Lande, und noch sind fünf Jahre, daß kein Pflügen noch Ernten sein wird.
For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta.
7 Und Gott hat mich vor euch hergesandt, um euch einen Überrest zu setzen auf Erden und euch am Leben zu erhalten für [And.: durch] eine große Errettung.
Men Gud sende meg fyre, av di han vilde leiva ætt etter dykk på jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa.
8 Und nun, nicht ihr habt mich hierher gesandt, sondern Gott; und er hat mich zum Vater des Pharao gemacht und zum Herrn seines ganzen Hauses und zum Herrscher über das ganze Land Ägypten.
So er det då ikkje de, som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev gjort meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarlandet.
9 Eilet und ziehet hinauf zu meinem Vater und sprechet zu ihm: So spricht dein Sohn Joseph: Gott hat mich zum Herrn von ganz Ägypten gemacht; komm zu mir herab, säume nicht!
Skunda dykk og far heim til far min, og seg med honom: «So segjer Josef, son din: «Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom no ned til meg! Dryg ikkje!
10 Und du sollst im Lande Gosen wohnen und nahe bei mir sein, du und deine Söhne und die Söhne deiner Söhne und dein Kleinvieh und deine Rinder und alles was du hast.
Du skal få bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev.
11 Und ich will dich daselbst versorgen, denn noch fünf Jahre ist Hungersnot; daß du nicht verarmest, du und dein Haus und alles, was du hast.
Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so det ikkje skal vanta deg noko, korkje deg eller huslyden din eller nokon av dine.»»
12 Und siehe, eure Augen sehen es und die Augen meines Bruders Benjamin, daß mein Mund es ist, der zu euch redet.
No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar til dykk.
13 Und berichtet meinem Vater alle meine Herrlichkeit in Ägypten und alles was ihr gesehen habt; und eilet und bringet meinen Vater hierher herab.
Ber då bod til far min um all mi æra og magt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min!»
14 Und er fiel seinem Bruder Benjamin um den Hals und weinte; und Benjamin weinte an seinem Halse.
So lagde han armarne um halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret og innmed barmen hans.
15 Und er küßte alle seine Brüder und weinte an ihnen; und danach redeten seine Brüder mit ihm.
Og han kysste alle brørne sine og gret, medan han heldt deim i fanget. Og sidan rødde brørne hans med honom.
16 Und das Gerücht wurde im Hause des Pharao gehört, indem man sprach: Josephs Brüder sind gekommen! Und es war gut in den Augen des Pharao und in den Augen seiner Knechte.
Og det spurdest i huset åt Farao, at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennerne hans vart fegne.
17 Und der Pharao sprach zu Joseph: Sage deinen Brüdern: Tut dieses: Beladet eure Tiere und ziehet hin, gehet nach dem Lande Kanaan,
Og Farao sagde med Josef: «Seg du med brørne dine: «So skal de gjera: de skal klyvja på dyri dykkar og fara, til de kjem heim til Kana’ans-landet.
18 und nehmet euren Vater und eure Haushaltungen und kommet zu mir; und ich will euch das Beste des Landes Ägypten geben, und ihr sollt das Fett des Landes essen.
Då skal de taka far dykkar og huslydarne dykkar og koma hit til meg, so skal eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal få eta av landsens feita.»
19 Und du bist beauftragt: Tut dieses: Nehmet euch aus dem Lande Ägypten Wagen für eure Kinder und für eure Weiber, und holet euren Vater und kommet.
Seg du deim frå meg: «So skal de gjera: de skal taka med dykk vogner frå Egyptarlandet til borni og konorne dykkar og henta far dykkar og koma.
20 Und laßt es euch nicht leid sein um euren Hausrat, denn das Beste des ganzen Landes Ägypten soll euer sein.
Og de skal ikkje kvida dykk, um de må fara ifrå husbunaden dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få.»»
21 Und die Söhne Israels taten also, und Joseph gab ihnen Wagen nach dem Befehl des Pharao und gab ihnen Zehrung auf den Weg.
Og Israels-sønerne gjorde so. Og Josef gav deim vogner, som Farao hadde sagt, og gav deim nista med på vegen.
22 Er gab ihnen allen, einem jeden, Wechselkleider, und Benjamin gab er dreihundert Silbersekel und fünf Wechselkleider.
Og han gav deim alle kvar sin klædnad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvdalar og fem klædnader.
23 Und seinem Vater sandte er dieses: [O. desgleichen] zehn Esel, beladen mit dem Besten Ägyptens, und zehn Eselinnen, beladen mit Getreide und Brot und Nahrung für seinen Vater auf den Weg.
Og sameleis sende han far sin ti asen, som bar av alt det beste som fanst i Egyptarland, og ti asenfyljor, som bar korn og brød og mat til far hans på ferdi.
24 Und er entließ seine Brüder, und sie zogen hin; und er sprach zu ihnen: Erzürnet euch nicht auf dem Wege!
So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sagde med deim: «De må ikkje verta usams på vegen!»
25 Und sie zogen aus Ägypten hinauf und kamen in das Land Kanaan zu ihrem Vater Jakob.
So tok dei ut frå Egyptarland, og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana’ans-land.
26 Und sie berichteten ihm und sprachen: Joseph lebt noch, und er ist Herrscher über das ganze Land Ägypten. Da erstarrte sein Herz, denn er glaubte ihnen nicht.
Og dei bar fram bodet til honom og sagde: «Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarland.» Men han var like kald i hjarta; for han trudde deim ikkje.
27 Und sie redeten zu ihm alle Worte Josephs, die er zu ihnen geredet hatte; und er sah die Wagen, die Joseph gesandt hatte, ihn zu holen. Und der Geist ihres Vaters Jakob lebte auf;
So sagde dei honom alt det Josef hadde sagt med deim, og han såg vognerne som Josef hadde sendt til å henta honom i. Då kvikna far deira i hugen:
28 und Israel sprach: Genug! Joseph, mein Sohn, lebt noch! Ich will hinziehen und ihn sehen, ehe ich sterbe.
«Å du store syn!» sagde Israel, «Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå honom, fyrr eg døyr.»

< 1 Mose 45 >