< Genèse 35 >
1 Dieu dit à Jacob: Lève-toi, monte à Béthel, et demeures-y; là, tu dresseras un autel au Dieu qui t’apparut, lorsque tu fuyais Ésaü, ton frère.
Og Gud sagde til Jakob: «Gjer deg reidug, og far upp til Betel, og gjev deg til der, og bygg eit altar åt Gud, han som synte seg for deg, då du rømde for Esau, bror din.»
2 Jacob dit à sa maison et à tous ceux qui étaient avec lui: Otez les dieux étrangers qui sont au milieu de vous, purifiez-vous, et changez de vêtements.
Då sagde Jakob med husfolket sitt og alle deim som var med honom: «Få burt dei framande gudarne, som er hjå dykk, og fjelga dykk, og byt klæde!
3 Nous nous lèverons, et nous monterons à Béthel; là, je dresserai un autel au Dieu qui m’a exaucé dans le jour de ma détresse, et qui a été avec moi pendant le voyage que j’ai fait.
Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på den vegen eg for.»
4 Ils donnèrent à Jacob tous les dieux étrangers qui étaient entre leurs mains, et les anneaux qui étaient à leurs oreilles. Jacob les enfouit sous le térébinthe qui est près de Sichem.
Då let dei Jakob få alle dei framande gudarne som dei hadde hjå seg, og ringarne som dei hadde i øyro; og Jakob grov det ned under den eiki som stend innmed Sikem.
5 Ensuite ils partirent. La terreur de Dieu se répandit sur les villes qui les entouraient, et l’on ne poursuivit point les fils de Jacob.
So tok dei ut, og ein otte frå Gud kom yver byarne rundt ikring deim, so dei sette ikkje etter Jakobs-sønerne.
6 Jacob arriva, lui et tous ceux qui étaient avec lui, à Luz, qui est Béthel, dans le pays de Canaan.
Og Jakob kom til Luz, som ligg i Kana’ans-land - no heiter det Betel - både han og alt folket som var med honom.
7 Il bâtit là un autel, et il appela ce lieu El-Béthel; car c’est là que Dieu s’était révélé à lui lorsqu’il fuyait son frère.
Der bygde han eit altar, og kalla den staden «Gud i Betel»; for der hadde Gud synt seg for honom den gongen han rømde for bror sin.
8 Débora, nourrice de Rebecca, mourut; et elle fut enterrée au-dessous de Béthel, sous le chêne auquel on a donné le nom de chêne des pleurs.
Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart jorda nedanfor Betel, attunder ei eik; den kallar dei Gråtareiki.
9 Dieu apparut encore à Jacob, après son retour de Paddan-Aram, et il le bénit.
Gud synte seg endå ein gong for Jakob, den tid han kom frå heim Mesopotamia, og velsigna honom.
10 Dieu lui dit: Ton nom est Jacob; tu ne seras plus appelé Jacob, mais ton nom sera Israël. Et il lui donna le nom d’Israël.
Og Gud sagde til honom: «Du heiter Jakob! heretter skal du ikkje heita Jakob; Israel skal du heita!» Sidan kalla dei honom Israel.
11 Dieu lui dit: Je suis le Dieu tout-puissant. Sois fécond, et multiplie: une nation et une multitude de nations naîtront de toi, et des rois sortiront de tes reins.
Og Gud sagde til honom: «Eg er Gud, den Allvelduge. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.
12 Je te donnerai le pays que j’ai donné à Abraham et à Isaac, et je donnerai ce pays à ta postérité après toi.
Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det vil eg gjeva deg; ætti di etter deg vil eg gjeva det landet.»
13 Dieu s’éleva au-dessus de lui, dans le lieu où il lui avait parlé.
So for Gud upp ifrå honom på den staden han var då han tala med honom.
14 Et Jacob dressa un monument dans le lieu où Dieu lui avait parlé, un monument de pierres, sur lequel il fit une libation et versa de l’huile.
Då reiste Jakob upp ein stein på den staden han var då han tala med honom, ein minnestein, og auste drykkoffer på honom, og slo olje utyver honom.
15 Jacob donna le nom de Béthel au lieu où Dieu lui avait parlé.
Og Jakob kalla den staden han var då Gud tala med honom, Betel.
16 Ils partirent de Béthel; et il y avait encore une certaine distance jusqu’à Éphrata, lorsque Rachel accoucha. Elle eut un accouchement pénible;
So tok dei ut att frå Betel, og då dei hadde att som eit augneleite til Efrat, fekk Rakel barnilt, og ho vart strengt sjuk.
17 et pendant les douleurs de l’enfantement, la sage-femme lui dit: Ne crains point, car tu as encore un fils!
Og medan ho låg i hardaste riderne, sagde ljosmori med henne: «Syt ikkje no! Her hev du ein son att.»
18 Et comme elle allait rendre l’âme, car elle était mourante, elle lui donna le nom de Ben-Oni; mais le père l’appela Benjamin.
Og i det same ho sålast - for ho laut døy - kalla ho honom Benoni; men far hans kalla honom Benjamin.
19 Rachel mourut, et elle fut enterrée sur le chemin d’Éphrata, qui est Bethléhem.
Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.
20 Jacob éleva un monument sur son sépulcre; c’est le monument du sépulcre de Rachel, qui existe encore aujourd’hui.
Og Jakob reiste upp ein minnestein på gravi hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel; han stend der den dag i dag.
21 Israël partit; et il dressa sa tente au-delà de Migdal-Éder.
So tok Israel ut att, og sette upp tjeldbudi si burtanfor Bølingstårnet.
22 Pendant qu’Israël habitait cette contrée, Ruben alla coucher avec Bilha, concubine de son père. Et Israël l’apprit. Les fils de Jacob étaient au nombre de douze.
Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg hjå Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. Sønerne hans Jakob var tolv i talet.
23 Fils de Léa: Ruben, premier-né de Jacob, Siméon, Lévi, Juda, Issacar et Zabulon.
Sønerne hennar Lea var Ruben, eldste son hans Jakob, og Simeon og Levi og Juda og Issakar og Sebulon.
24 Fils de Rachel: Joseph et Benjamin.
Og sønerne hennar Rakel var Josef og Benjamin.
25 Fils de Bilha, servante de Rachel: Dan et Nephthali.
Og sønerne åt Bilha, terna hennar Rakel, var Dan og Naftali.
26 Fils de Zilpa, servante de Léa: Gad et Aser. Ce sont là les fils de Jacob, qui lui naquirent à Paddan-Aram.
Og sønerne åt Zilpa, terna hennar Lea, var Gad og Asser. Dette var sønerne hans Jakob, som han hadde fenge i Mesopotamia.
27 Jacob arriva auprès d’Isaac, son père, à Mamré, à Kirjath-Arba, qui est Hébron, où avaient séjourné Abraham et Isaac.
Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Arbabyen, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.
28 Les jours d’Isaac furent de cent quatre-vingts ans.
Og dagarne hans Isak vart hundrad og åtteti år.
29 Il expira et mourut, et il fut recueilli auprès de son peuple, âgé et rassasié de jours, et Ésaü et Jacob, ses fils, l’enterrèrent.
Då sålast Isak og døydde, og kom saman med federne sine, gamall og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønerne hans, fylgde honom til gravi.