< Ézéchiel 7 >

1 La parole de l’Éternel me fut adressée, en ces mots:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Et toi, fils de l’homme, ainsi parle le Seigneur, l’Éternel, Sur le pays d’Israël: Voici la fin! La fin vient sur les quatre extrémités du pays!
Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren med Israels land: Ende! Komen er enden yver landsens fire hyrno.
3 Maintenant la fin vient sur toi; J’enverrai ma colère contre toi, Je te jugerai selon tes voies, Je te chargerai de toutes tes abominations.
No er enden komen yver deg, og eg vil senda vreiden min mot deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
4 Mon œil sera pour toi sans pitié, Et je n’aurai point de miséricorde; Mais je te chargerai de tes voies, Et tes abominations seront au milieu de toi; Et vous saurez que je suis l’Éternel.
Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; men åtferdi di vil eg leggja på deg, og dine styggjor skal vera midt i deg, og de skal sanna at eg er Herren.
5 Ainsi parle le Seigneur, l’Éternel: Un malheur, un malheur unique! Voici, il vient!
So segjer Herren, Herren: Ulukka, ei ulukka ein gong for alle, sjå, ho kjem.
6 La fin vient, la fin vient, elle se réveille contre toi! Voici, elle vient!
Ein ende kjem, ja, enden kjem, han vaknar imot deg, sjå, ho kjem.
7 Ton tour arrive, habitant du pays! Le temps vient, le jour approche, jour de trouble, Et plus de cris de joie dans les montagnes!
No er det din tur, du som i landet bur. Tidi er komi, nær er dagen med ståkande rådløysa og ikkje med fagnadrop på fjelli.
8 Maintenant je vais bientôt répandre ma fureur sur toi, Assouvir sur toi ma colère; Je te jugerai selon tes voies, Je te chargerai de toutes tes abominations.
No, um eit lite bil, vil eg renna ut min harm yver deg og tøma ut all min vreide på deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
9 Mon œil sera sans pitié, Et je n’aurai point de miséricorde; Je te chargerai de tes voies, Et tes abominations seront au milieu de toi. Et vous saurez que je suis l’Éternel, celui qui frappe.
Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; som di åtferd hev vore, let eg deg få det, og dine styggjor skal midt i deg vera. Og de skal sanna at eg, Herren, slær.
10 Voici le jour! Voici, il vient! Le tour arrive! La verge fleurit! L’orgueil s’épanouit!
Sjå, dagen! sjå, det kjem! Lagnadsstundi tek til; riset blømer, ovmodet grønkar.
11 La violence s’élève, pour servir de verge à la méchanceté: Plus rien d’eux, de leur foule bruyante, de leur multitude! On ne se lamente pas sur eux!
Valdsgiren reiser seg til eit ris yver gudløysa. Ikkje noko av deim, inkje av deira ståkande hop, inkje av deira bråk, inkje av deira herlegdom vert att hjå deim.
12 Le temps vient, le jour approche! Que l’acheteur ne se réjouisse pas, Que le vendeur ne s’afflige pas! Car la colère éclate contre toute leur multitude.
Tidi er komi, dagen er nær. Kjøparen fagne seg ikkje, og seljaren syrgje ikkje! For vreide logar mot heile deira hop.
13 Non, le vendeur ne recouvrera pas ce qu’il a vendu, Fût-il encore parmi les vivants; Car la prophétie contre toute leur multitude ne sera pas révoquée, Et à cause de son iniquité nul ne conservera sa vie.
For seljaren skal ikkje få att det han selde, um han enn er i live, for syni mot heile hopen skal ikkje snu attende, og i si misgjerning skal ingen kunna verja sitt liv.
14 On sonne de la trompette, tout est prêt, Mais personne ne marche au combat; Car ma fureur éclate contre toute leur multitude.
Dei blæs i stridslur og bur seg vel i alt, men ingen fer ut til striden; for min harm er imot heile deira hop.
15 L’épée au dehors, la peste et la famine au-dedans! Celui qui est aux champs mourra par l’épée, Celui qui est dans la ville sera dévoré par la famine et par la peste.
Sverdet ute, sotti og svolten inne; den som er på marki, skal døy for sverd, og den som er i byen, honom skal svolt og sott tyna.
16 Leurs fuyards s’échappent, Ils sont sur les montagnes, comme les colombes des vallées, Tous gémissant, Chacun sur son iniquité.
Og slepp det undan einkvar utav deim, skal dei vera på fjelli som duvor i dalarne, alle med klagelæte, kvar og ein for si misgjerning.
17 Toutes les mains sont affaiblies, Tous les genoux se fondent en eau.
Alle hender skal siga, og alle kne skal verta veike som vatn.
18 Ils se ceignent de sacs, Et la terreur les enveloppe; Tous les visages sont confus, Toutes les têtes sont rasées.
Og dei skal gyrda seg med sekk, og skjelving skal hylja deim, og kvart eit andlit skal blygjast av skam, og kvart hovud skal vera fleinskalla.
19 Ils jetteront leur argent dans les rues, Et leur or sera pour eux un objet d’horreur; Leur argent et leur or ne pourront les sauver, Au jour de la fureur de l’Éternel; Ils ne pourront ni rassasier leur âme, Ni remplir leurs entrailles; Car c’est ce qui les a fait tomber dans leur iniquité.
Sylvet sitt skal dei kasta på gatorne, og gullet sitt skal dei vyrda som saur. Deira sylv og gull skal ikkje kunna berga deim på Herrens vreide-dag; dei skal ikkje kunna metta si sjæl eller fylla sin mage med det, for det hev vorte ein støytestein til misgjerning;
20 Ils étaient fiers de leur magnifique parure, Et ils en ont fabriqué les images de leurs abominations, de leurs idoles. C’est pourquoi je la rendrai pour eux un objet d’horreur;
og den glimande prydnadsting av det hev dei bruka til storlæte, og dei hev gjort sine styggjelege bilæte av det, sine ufyselege avgudar; difor gjer eg det til saur for deim.
21 Je la donnerai en pillage aux mains des étrangers, Et comme butin aux impies de la terre, Afin qu’ils la profanent.
Og eg vil lata framande hender rana det og gudlause på jordi gjera det til herfang, og dei skal vanhelga det.
22 Je détournerai d’eux ma face, Et l’on souillera mon sanctuaire; Des furieux y pénétreront, et le profaneront.
Og eg vil snu mi åsyn frå deim. Og ransmenner skal vanhelga min skatt; dei skal brjota seg inn åt honom og vanhelga honom.
23 Prépare les chaînes! Car le pays est rempli de meurtres, La ville est pleine de violence.
Gjer lekkja i stand! for landet er fullt av blod-domar, og byen er full av valdsverk.
24 Je ferai venir les plus méchants des peuples, Pour qu’ils s’emparent de leurs maisons; Je mettrai fin à l’orgueil des puissants, Et leurs sanctuaires seront profanés.
Og eg vil lata dei verste av heidningarne koma, og dei skal eigna til seg husi deira. Og eg vil gjera ende på ovmodet hjå dei hardsette, og heilagdomarne deira skal verta vanhelga.
25 La ruine vient! Ils cherchent le salut, et point de salut!
Rædsla kjem, og dei skal søkja fred, men ingen finna.
26 Il arrive malheur sur malheur, Un bruit succède à un bruit; Ils demandent des visions aux prophètes; Les sacrificateurs ne connaissent plus la loi, Les anciens n’ont plus de conseils.
Ulukka på ulukka skal koma, fretnad på fretnad fær ein høyra; og dei skal søkja etter syn hjå profeten, lov skal kverva for presten, og råder for dei gamle.
27 Le roi se désole, le prince s’épouvante, Les mains du peuple du pays sont tremblantes. Je les traiterai selon leurs voies, Je les jugerai comme ils le méritent, Et ils sauront que je suis l’Éternel.
Kongen skal syrgja, og fyrsten skal klæda seg i fælske, og henderne på landslyden skal skjelva. Etter åtferdi deira vil eg gjera med deim, og med deira domar vil eg døma deim, og dei skal sanna at eg er Herren.

< Ézéchiel 7 >