< Ézéchiel 6 >
1 Et la parole du Seigneur me vint, disant:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde;
2 Fils de l'homme, tourne la face contre les monts d'Israël, et prophétise contre eux.
Menneskjeson! Vend di åsyn mot Israelsfjelli og spå mot deim.
3 Et dis-leur: Montagnes d'Israël, écoutez la parole du Seigneur. Ainsi dit le Seigneur aux montagnes, aux collines, aux vallons et aux forêts: Voilà que j'amène contre vous le glaive, et vos hauts lieux seront détruits.
Og du skal segja: De Israelsfjell, høyr ordi frå Herren, Herren! So segjer Herren, Herren til fjelli og til haugarne, til gili og til dalarne: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder dykkar offerhaugar.
4 Et vos autels seront brisés, et vos enclos détruits; et je jetterai vos cadavres en face de vos idoles.
Og dykkar altar skal verta lagde i øyde og dykkar solstolpar sundkrasa, og eg vil lata dykkar gjennomstungne falla framfor augo på dykkar ufysne avgudar.
5 Et je disperserai vos ossements autour de vos autels,
Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt kringum dykkar altar.
6 Et dans toutes vos demeures. Vos villes seront dépeuplées et vos hauts lieux abolis, afin que vos autels soient abattus, vos idoles brisées et vos enclos détruits.
På kvar einaste stad der de bur, skal byarne verta lagde i øyde og offerhaugarne verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude og dykkar ufysne avgudar sundkrasa og upp i inkje og solstolparne dykkar nedhogne og dykkar verk utstrokne;
7 Et les cadavres tomberont au milieu de vous, et vous saurez que je suis le Seigneur.
og gjennomstungne skal falla midt ibland dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.
8 Quand ceux de vous qui auront échappé au glaive seront parmi les nations, pendant votre dispersion dans les royaumes,
Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.
9 Ceux de vous qui auront échappé et qui seront captifs parmi les nations se souviendront de moi. J'ai juré contre leur cœur, qui s'est prostitué loin de moi, contre leurs yeux, qui se sont prostitués à leurs désirs. Et ils se frapperont au visage en souvenir de toutes leurs abominations.
Og dei av dykk som slepp undan, skal minnast meg millom folki som dei er burtførde til, når eg hev knasa deira utrue hjarta som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap søkte etter deira ufysne avgudar. Og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort, med alle sine styggjor.
10 Et ils reconnaîtront que moi, le Seigneur, j'ai parlé.
Og dei skal sanna at eg er Herren. Ikkje fåfengt hev eg tala um å senda denne ulukka på deim.
11 Voici ce que dit le Seigneur: Bats des mains, frappe du pied, et dis: Malheur, malheur sur toutes les abominations de la maison d'Israël! Ils périront par le glaive, par la peste et par la famine.
So segjer Herren, Herren: Slå i hop handlovarne dine og trappa med foten og ropa: «Ai, ei!» yver alle dei vonde styggjorne i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd, svolt og sott.
12 Celui qui est près tombera sous le glaive; celui qui est loin périra par la peste; et celui qui est assiégé mourra de faim. Et j'assouvirai sur eux ma colère.
Den som er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal falla for sverdet, og den som er leivd og berga, skal døy av svolten, og eg vil tøma min harm yver deim.
13 Et vous saurez que je suis le Seigneur, quand vos cadavres seront au milieu de vos idoles, autour de vos autels sur toute haute colline, sous chaque arbre touffu, où ils offraient les odeurs de l'encens à toutes leurs idoles.
Og de skal sanna et eg er Herren, når deira gjenomstungne ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt kringum altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppar og under kvart eit grønt tre og under kvar ei lauvrik eik, på den staden der dei ofra godange åt dei ufysne avgudarne sine.
14 Et j'étendrai la main sur eux, et je désolerai la terre, et je la ruinerai dans toutes ses demeures à partir du désert de Déblatha. Et vous saurez que je suis le Seigneur.
Og eg vil retta ut handi mi mot deim og gjera landet til audn og øyda - verre enn Dibla-øydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.