< Deutéronome 14 >

1 Soyez les fils du Seigneur votre Dieu: Vous ne vous raserez point la chevelure au sujet d'un mort.
De er Guds born; de må ikkje skjera dykk i holdet, eller raka dykk snaude frami skallen av di de syrgjer yver ein avliden.
2 Car tu es un peuple saint pour le Seigneur ton Dieu, qui t'a choisi pour que tu sois son peuple particulier, séparé de toutes les nations qui couvrent la face de la terre.
For eit heilagt folk er du, vigt åt Herren, din Gud; deg hev Herren valt til sitt eigande folk framum alle andre folk på heile jordi.
3 Vous ne mangerez rien d'impur.
Du må ikkje eta noko som er ufyselegt.
4 Voici les animaux que vous mangerez: rejetons des troupeaux de bœufs, de brebis et de chèvres,
Dette er dei dyri de må eta: Uksen, sauen og geiti,
5 Cerf, chevreuil, pycargue, gazelle, girafe,
hjorten og gasella og antilopen og steinbukken og dådyret og villuksen og villgeiti.
6 Tout quadrupède à sabot, dont l'ongle se sépare en deux; et tout animal ruminant; vous pouvez en manger.
Alle firføtte dyr som hev klauver, og som jortar, deim kann de eta.
7 Voici les animaux que vous ne mangerez pas, soit parmi les ruminants, soit parmi ceux qui ont les pieds fourchus, ou les ongles fendus: chameau, lièvre, hérisson; s'ils ruminent, ils n'ont point le pied fourchu, ce qui pour vous les rend impurs.
Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av deim som hev klauver: Kamelen og haren og bergtassen, for dei jortar, men hev ikkje klauver; dei skal vera ureine for dykk -
8 Le porc: s'il a le pied fourchu, l'ongle fendu, il ne rumine pas, ce qui pour vous le rend impur; vous ne mangerez pas de ses chairs, vous ne toucherez pas à son corps mort.
og svinet, for det hev klauver, men jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. Kjøtet av dei dyri må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje koma nær deim.
9 Vous mangerez, parmi tout ce qui vit dans l'eau, ce qui a nageoires et écailles.
Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som hev uggar og reist, kann de eta.
10 Vous ne mangerez pas ce qui n'a ni nageoires ni écailles; c'est impur pour vous.
Men det som ikkje hev uggar og reist, må de ikkje eta; det skal vera ureint for dykk.
11 Vous mangerez tout oiseau pur.
Alle reine fuglar kann de eta.
12 Voici ceux que vous ne mangerez pas: aigle, griffon, aigle de mer,
Det er berre desse fuglane de ikkje må eta: Ørnen og gribben og sjøørnen
13 Vautour, milan et leurs semblables,
og glenta og heile falkeætti
14 Corbeau et ses semblables,
og alle fuglar av ramneætti
15 Autruche, chouette et mouette,
og strussen og gauken og måsen og alle haukeslagi,
16 Héron, cygne et ibis,
kattula og stunulven og kveldknarren
17 Plongeon, épervier et leurs semblables, huppe et nycticorax,
og hegren og etslegribben og kavfuglen
18 Pélican, charadrion et leurs semblables, porphyrion et hibou;
og storken og heidloi og alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.
19 Tous ceux des êtres ailes qui se traînent à terre sont impurs: vous n'en mangerez point.
Alt flugjande krek skal vera ureint for dykk; de må ikkje eta det.
20 Vous mangerez de tout oiseau pur.
Men alt fljugande som er reint, kann de eta.
21 Vous ne mangerez d'aucun corps mort; donnez-les à manger au prosélyte établi dans vos villes ou vendez-les, car vous êtes un peuple saint appartenant au Seigneur votre Dieu. Vous ne ferez point cuire d'agneau dans le lait de sa mère.
De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur millom dykk, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for du er eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda eit kid i mjølki åt mor si.
22 Tu prélèveras la dîme de tout fruit de tes semailles, de tout produit annuel de tes champs.
Tiendi av avlingi di, av alt det som veks på marki år etter år, skal du taka med deg
23 Tu la mangeras dans le lieu qu'aura choisi le Seigneur pour que son nom y soit invoqué; tu feras l'offrande des dîmes de ton blé, de ton vin, de ton huile, des premiers-nés de tes bœufs et de tes menus troupeaux, afin que tu saches craindre sans cesse le Seigneur ton Dieu.
til den staden som Herren, din Gud, vel seg til bustad; der skal du halda måltid for hans åsyn, og eta tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren, din Gud, alle dagar.
24 Et si le chemin est long, si tu ne peux les transporter parce que tu résides loin du lieu choisi par le Seigneur pour que son nom y soit invoque, et si le Seigneur t'a béni,
Men er vegen for lang for deg, er den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad for langt burte, og hev Herren velsigna deg med so rik ei grøda at du ikkje kann føra tiendi dit,
25 Tu paieras tes dîmes en argent; tu prendras l'argent dans tes mains, et tu iras au lieu que le Seigneur aura choisi.
so skal du gjera det i pengar, og pengarne skal du knyta inn i eit plagg og taka med deg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.
26 Là, tu rachèteras, à prix d'argent, toutes choses que ton âme désirera: bœufs, brebis, chèvres, ou vin et boisson fermentée; puis, tu les consommeras, devant le Seigneur ton Dieu, et tu te réjouiras, toi et ta famille,
For dei pengarne skal du då kjøpa alt det du hev hug til, uksar og sauer og vin og sterke drykkjer, alt det som hugen din trår etter, og so skal du halda måltid der for Herrens åsyn, og gleda deg, du og huslyden din.
27 Et le lévite de tes villes, parce qu'il n'a point, comme toi, de part ni d'héritage.
Og leviten som bur hjå deg, må du ikkje gløyma; for han hev ikkje fenge nokon arvlut liksom du.
28 Après trois ans, tu donneras toutes les dîmes de tes fruits; tu les déposeras en tes villes, la troisième année.
Tridje kvart år skal du taka undan heile tiendi av det du hev avla det året, og leggja det upp i byarne dine.
29 Et le lévite y viendra, parce qu'il n'a point, comme toi, de part ni d'héritage; le prosélyte, l'orphelin, la veuve, viendront pareillement en tes villes, et ils mangeront de tes dîmes, et ils se rassasieront, afin que le Seigneur ton Dieu te bénisse en toutes tes œuvres.
So skal levitarne koma; for dei hev ingen arvlut liksom du; og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dykkar, skal koma, og få det dei treng. Då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt det du gjer og tek deg fyre.

< Deutéronome 14 >