< Apocalypse 17 >

1 Et l’un des sept anges qui avaient les sept coupes, vint et me parla, disant: Viens ici; je te montrerai la sentence de la grande prostituée qui est assise sur plusieurs eaux,
Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, kom og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg domen yver den store skjøkja, som sit ved dei mange vatni,
2 avec laquelle les rois de la terre ont commis fornication; et ceux qui habitent sur la terre ont été enivrés du vin de sa fornication.
henne som kongarne på jordi hev hora med, og dei som bur på jordi, vart drukne av hennar hordoms vin.»
3 Et il m’emporta en esprit dans un désert: et je vis une femme assise sur une bête écarlate, pleine de noms de blasphème, ayant sept têtes et dix cornes.
Og han førde meg i åndi burt i ei øydemark, og eg såg ei kvinna sitja på eit skarlakraudt dyr, som var fullt med spottings namn og hadde sju hovud og ti horn.
4 Et la femme était vêtue de pourpre et d’écarlate, et parée d’or et de pierres précieuses et de perles, ayant dans sa main une coupe d’or pleine d’abominations, et les impuretés de sa fornication;
Og kvinna var klædd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perlor; ho hadde i handi ei gullskål full med styggedom og med ureinska av hordomen hennar.
5 et [il y avait] sur son front un nom écrit: Mystère, Babylone la grande, la mère des prostituées et des abominations de la terre.
Og på panna hennar var skrive eit namn, ein løyndom: Babylon, den store, mor åt skjøkjorne og styggedomarne på jordi.
6 Et je vis la femme enivrée du sang des saints, et du sang des témoins de Jésus; et, en la voyant, je fus saisi d’un grand étonnement.
Og eg såg kvinna fullskjenkt med blodet av dei heilage og med blodet av Jesu vitne, og eg undra meg storleg då eg såg henne.
7 Et l’ange me dit: Pourquoi es-tu étonné? Je te dirai, moi, le mystère de la femme et de la bête qui la porte, qui a les sept têtes et les dix cornes.
Og engelen sagde til meg: «Kvi undra du deg? Eg vil segja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne, og som hev dei sju hovudi og ti horni.
8 La bête que tu as vue était, et n’est pas, et va monter de l’abîme et aller à la perdition; et ceux qui habitent sur la terre, dont les noms ne sont pas écrits dès la fondation du monde au livre de vie, s’étonneront, en voyant la bête, – qu’elle était, et qu’elle n’est pas, et qu’elle sera présente. (Abyssos g12)
Det dyret du såg, det var og er ikkje, og det skal stiga upp or avgrunnen og fara burt til undergang; og dei som bur på jordi, som ikkje hev namni sine skrivne i livsens bok frå verdi vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att. (Abyssos g12)
9 Ici est l’entendement, qui a de la sagesse: Les sept têtes sont sept montagnes où la femme est assise;
Her spørst det um vitet som hev visdom! Dei sju hovudi er sju fjell, som kvinna sit på,
10 ce sont aussi sept rois: cinq sont tombés; l’un est; l’autre n’est pas encore venu, et, quand il sera venu, il faut qu’il demeure un peu de temps.
og dei er sju kongar; dei fem er falne, den eine er til, den andre er ikkje komen endå; og når han kjem, skal han berre halda seg ei stutt tid.
11 Et la bête qui était et qui n’est pas, est, elle aussi, un huitième, et elle est d’entre les sept, et elle s’en va à la perdition.
Og dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande og er og ein av dei sju og fer burt til undergang.
12 Et les dix cornes que tu as vues sont dix rois qui n’ont pas encore reçu de royaume, mais reçoivent pouvoir comme rois, une heure, avec la bête.
Og dei ti horni som du såg, er ti kongar som ikkje endå hev fenge rike, men dei fær magt som kongar ein time saman med dyret.
13 Ceux-ci ont une seule et même pensée, et ils donnent leur puissance et leur pouvoir à la bête.
Desse hev same tanken, og si kraft og magt gjev dei til dyret.
14 Ceux-ci combattront contre l’Agneau; et l’Agneau les vaincra, car il est Seigneur des seigneurs et Roi des rois, et ceux qui sont avec lui, appelés, et élus, et fidèles.
Desse skal strida mot Lambet, og Lambet skal vinna yver deim, for det er herren yver herrar og kongen yver kongar, og dei som er med det, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Et il me dit: Les eaux que tu as vues, où la prostituée est assise, sont des peuples et des foules et des nations et des langues.
Og han sagde til meg: «Dei vatni som du såg der skjøkja sit, er landslydar og flokkar og folk og tungemål.
16 Et les dix cornes que tu as vues et la bête, – celles-ci haïront la prostituée et la rendront déserte et nue, et mangeront sa chair et la brûleront au feu;
Og dei ti horni som du såg, og dyret, desse skal hata skjøkja og gjera henne aud og naki, og kjøtet hennar skal dei eta, og henne sjølv skal dei brenna upp med eld.
17 car Dieu a mis dans leurs cœurs d’exécuter sa pensée, et d’exécuter une seule et même pensée, et de donner leur royaume à la bête, jusqu’à ce que les paroles de Dieu soient accomplies.
For Gud gav deim i hjarta å fullføra hans tanke og fullføra den eine og same tanken og gjeva dyret sitt rike, til dess Guds ord er fullførde.
18 Et la femme que tu as vue est la grande ville qui a la royauté sur les rois de la terre.
Og kvinna som du såg, er den store byen som hev kongeveldet yver kongarne på jordi.»

< Apocalypse 17 >