< Osée 1 >
1 La parole de l’Éternel qui vint à Osée, fils de Beéri, aux jours d’Ozias, de Jotham, d’Achaz, et d’Ézéchias, rois de Juda, et aux jours de Jéroboam, fils de Joas, roi d’Israël.
Herrens ord som kom til Hosea, son åt Be’eri, i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son åt Joas, var konge i Israel.
2 Commencement de la parole de l’Éternel par Osée. Et l’Éternel dit à Osée: Va, prends-toi une femme prostituée et des enfants de prostitution; car le pays s’est entièrement prostitué en abandonnant l’Éternel.
Herrens fyrste ord til Hosea var at han sagde til honom: «Gakk stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv på med hor og fer soleis burt ifrå Herren.»
3 Et il s’en alla et prit Gomer, fille de Diblaïm; et elle conçut, et lui enfanta un fils.
Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer dotter, hans Diblajim. Og ho vart med barn og fødde honom ein son.
4 Et l’Éternel lui dit: Appelle son nom Jizreël, car encore un peu de temps, et je visiterai le sang de Jizreël sur la maison de Jéhu, et je ferai cesser le royaume de la maison d’Israël;
Og Herren sagde til honom: «Lat honom heita Jizre’el! For um ein stakkut stund vil eg lata huset hans Jehu lida for Jizre’els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus.
5 et il arrivera, en ce jour-là, que je briserai l’arc d’Israël dans la vallée de Jizreël.
Den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jizre’els dal.»
6 Et elle conçut encore, et enfanta une fille; et il lui dit: Appelle son nom Lo-Rukhama, car je ne ferai plus miséricorde à la maison d’Israël, pour leur pardonner encore;
Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sagde han til honom: «Lat henne heita Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev deim.
7 mais je ferai miséricorde à la maison de Juda, et je les sauverai par l’Éternel leur Dieu; et je ne les sauverai pas par l’arc, ni par l’épée, ni par la guerre, [ni] par des chevaux, ni par des cavaliers.
Men Judas hus miskunnar eg og let deim verta frelste av Herren, deira Gud. Men med boge og sverd og krig, med hestar og ridarar frelser eg deim ikkje.»
8 Et elle sevra Lo-Rukhama. Et elle conçut, et enfanta un fils.
Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.
9 Et il dit: Appelle son nom Lo-Ammi, car vous n’êtes pas mon peuple, et je ne serai pas à vous.
Då sagde han: «Lat honom heita Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.»
10 Cependant le nombre des fils d’Israël sera comme le sable de la mer, qui ne peut se mesurer ni nombrer; et il arrivera que, dans le lieu où il leur a été dit: Vous n’êtes pas mon peuple, il leur sera dit: Fils du Dieu vivant.
Men talet på Israels born skal vera som sanden på havsens strand, den som ikkje kann mælast eller teljast. Og det skal verta so, at der ein fyrr sagde til deim: «De er ikkje mitt folk, » der skal ein segja til deim: «Borni åt den livande Gud.»
11 Et les fils de Juda et les fils d’Israël se rassembleront, et s’établiront un chef, et monteront du pays; car la journée de Jizreël est grande.
Og Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og velja seg ein konge og fara upp or landet. For stor er Jizre’els dag.