< Daniel 1 >
1 La troisième année du règne de Joakim, roi de Juda, Nabuchodonosor, roi de Babylone, vint contre Jérusalem et l’assiégea.
I det tridje styringsåret åt Jojakim, kongen i Juda, kom Nebukadnessar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen.
2 Le Seigneur livra entre ses mains Joakim, roi de Juda, et une partie des vases de la maison de Dieu; et il les emporta au pays de Sennaar, dans la maison de son dieu, et il déposa les vases dans le trésor de son dieu.
Og Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans vald, og likeins sume av kjeraldi i Guds hus; han førde deim til Sinearlandet, til gudshuset sitt. Og kjeraldi flutte han inn i skattkammeret åt guden sin.
3 Le roi dit à Asphenez, chef de ses eunuques, d’amener d’entre les enfants d’Israël, de la race royale ou de la noblesse,
Og kongen baud Aspenaz, den øvste hirdmannen sin, at han av Israel skulde velja ut nokre sveinar, av kongsætt og av adelsætt,
4 des jeunes gens sans aucun défaut, beaux de figure, doués de toutes sortes de talents, instruits et intelligents, pleins de vigueur, pour qu’ils se tinssent dans le palais du roi et qu’on leur enseignât la littérature et la langue des Chaldéens.
sveinar som var lytelause og fagre å sjå til og vituge til å leggja seg etter alt slags visdom, evnerike og lærehuga ungsveinar, som kunde verta føre til å tena i kongsgarden; og han skulde gjeva deim upplæring i kaldæisk skrift og tungemål.
5 Le roi leur assigna pour chaque jour une portion des mets royaux et du vin dont il buvait, afin que, ayant été élevés pendant trois ans, ils se tinssent au bout de ce temps devant le roi.
Kongen etla til åt deim det dei skulde hava kvar dag av forkunnmaten åt kongen og av vinen som han drakk, og baud at dei skulde fostra deim upp i tri år; når den tidi var lidi, skulde dei få gjera tenesta hjå kongen.
6 Il y avait parmi eux, d’entre les enfants de Juda, Daniel, Ananias, Misaël et Azarias.
Millom deim var Daniel, Hananja, Misael og Azarja av Juda-sønerne.
7 Le chef des eunuques leur donna des noms; il appela Daniel Baltassar, Ananias Sidrac, Misaël Misac, et Azarias Abdénago.
Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.
8 Daniel résolut en son cœur de ne pas se souiller par les mets du roi et par le vin dont il buvait, et il demanda au chef des eunuques de ne pas l’obliger à se souiller.
Men Daniel sette seg fyre at han ikkje vilde gjera seg urein med kongsmaten, eller med den vinen som han drakk; og han bad den øvste hirdmannen um å sleppa å gjera seg urein.
9 Et Dieu fit trouver à Daniel grâce et faveur auprès du chef des eunuques.
Og Gud let Daniel finna nåde og miskunn hjå den øvste hirdmannen.
10 Le chef des eunuques dit à Daniel: « Je crains le roi, mon maître, qui a fixé ce que vous devez manger et boire; car pourquoi verrait-il vos visages plus défaits que ceux des jeunes gens de votre âge? Vous mettriez en danger ma tête auprès du roi. »
Men den øvste hirdmannen sagde til Daniel: «Eg ottast at herren min, kongen, som hev teke avgjerd um maten og drykken dykkar, skal tykkja at de er meir skrinnleitte enn dei andre sveinarne på dykkar alder, og so kjem de til å føra skuld yver hovudet mitt hjå kongen.»
11 Alors Daniel dit au maître d’hôtel, que le chef des eunuques avait établi sur Daniel, Ananias, Misaël et Azarias:
Då sagde Daniel til hovmeisteren som den øvste hirdmannen hadde sett yver Daniel, Hananja, Misael og Azarja:
12 « Fais, je te prie, un essai avec tes serviteurs pendant dix jours, et qu’on nous donne des légumes à manger et de l’eau à boire.
«Gjer ein freistnad med tenarane dine i ti dagar, og gjev oss grønt å eta og vatn å drikka.
13 Après cela, tu regarderas nos visages et le visage des jeunes gens qui mangent les mets du roi, et, selon que tu auras vu, tu agiras avec tes serviteurs. »
So kann du sidan likna vår utsjånad i hop med utsjånaden på dei som et av kongsmaten; og so kann du gjera med tenarane dine etter det du då ser.»
14 Il consentit à leur demande et les éprouva pendant dix jours.
Han laga seg etter deim i dette og gjorde ein freistnad med deim i ti dagar.
15 Au bout de dix jours, ils se trouvèrent avoir meilleur visage et plus d’embonpoint que tous les jeunes gens qui mangeaient les mets du roi.
Då dei ti dagarne var lidne røyndest det at dei var fagrare å sjå til og betre i hold enn alle dei sveinar som hadde ete av kongsmaten.
16 Et le maître d’hôtel emportait les mets et le vin qu’ils devaient boire, et leur donnait des légumes.
Då let hovmeisteren deim sleppa den maten som kongen hadde etla åt deim, og den vinen som dei skulde ha drukke, og gav deim grønt.
17 A ces jeunes gens, à tous les quatre, Dieu donna du savoir et de l’habileté dans toute la littérature et en toute sagesse, et Daniel avait l’intelligence de toutes sortes de visions et de songes.
Til desse fire sveinarne gav no Gud kunnskap og vit på alt slag skrift og visdom; og Daniel skyna seg på alle syner og draumar.
18 Au bout du temps fixé par le roi pour les amener, le chef des eunuques les amena devant Nabuchodonosor.
Og då den tidi kom då kongen hadde bode at dei skulde førast fram for honom, førde den øvste hirdmannen deim fram for Nebukadnessar.
19 Le roi s’entretint avec eux, et il ne se trouva personne parmi eux tous comme Daniel, Ananias, Misaël et Azarias; ils furent donc admis au service du roi.
Og då kongen tala med deim, fanst det ingen millom deim alle som kunde mæla seg med Daniel, Hananja, Misael og Azarja; so vart dei då tenarar hjå kongen.
20 Sur tous les sujets qui réclamaient de la sagesse et de l’intelligence, et sur lesquels le roi les interrogeait, il les trouvait dix fois supérieurs à tous les lettrés et magiciens qui étaient en tout son royaume.
Og stødt når kongen spurde deim til i ei sak som det skulde visdom til å skyna seg på, fann han at dei var ti gonger visare enn alle runemeistrar og manarar som fanst i heile hans rike.
21 Daniel fut ainsi jusqu’à la première année du roi Cyrus.
Og Daniel heldt fram soleis til det fyrste styringsåret åt kong Kyrus.