< Sophonie 1 >

1 Parole de Yahvé qui fut adressée à Sophonie, fils de Cushi, fils de Guedalia, fils d'Amaria, fils d'Ézéchias, du temps de Josias, fils d'Amon, roi de Juda.
Herrens ord som kom til Sefanja, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Hizkia, i dei dagar då Josia Amonsson var konge i Juda.
2 Je vais tout balayer de la surface de la terre, dit Yahvé.
Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren.
3 Je balaierai l'homme et l'animal. Je balaierai les oiseaux du ciel, les poissons de la mer, et les tas de décombres avec les méchants. J'exterminerai l'homme de la surface de la terre, dit Yahvé.
Eg vil taka burt menneskje og dyr, taka burt fuglarne under himmelen og fiskarne i havet og støytesteinarne i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.
4 J'étendrai ma main contre Juda et contre tous les habitants de Jérusalem. J'exterminerai de ce lieu le reste de Baal, le nom des prêtres idolâtres et païens,
Og eg vil retta ut handi mi mot Juda og alle deim som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden den siste leivning av Ba’al, namnet åt avgudsprestarne i lag med prestarne,
5 ceux qui adorent l'armée du ciel sur les toits, ceux qui adorent et jurent par Yahvé et qui jurent aussi par Malcom,
deim som på taki bed til himmelheren, deim som bed til og sver ved Herren og attpå sver ved Milkom,
6 ceux qui se sont détournés de Yahvé, ceux qui n'ont pas cherché Yahvé et ne l'ont pas recherché.
og deim som hev vendt seg burt frå Herren, og deim som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter honom.
7 Taisez-vous devant le Seigneur Yahvé, car le jour de Yahvé est proche. Car Yahvé a préparé un sacrifice. Il a consacré ses hôtes.
Ver stille for Herren, Herren! For Herrens dag er nær, Herren hev laga til eit slagtoffer, han hev vigt sine gjester.
8 Au jour du sacrifice de l'Éternel, je punirai les princes, les fils du roi et tous ceux qui sont revêtus de vêtements étrangers.
Og på Herrens slagtofferdag vil eg heimsøkja hovdingarne og kongssønerne og alle som klæder seg i utanlands-klæde.
9 En ce jour-là, je punirai tous ceux qui sautent par-dessus le seuil, qui remplissent la maison de leur maître par la violence et la tromperie.
Og eg vil på den dagen heimsøkja alle deim som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
10 En ce jour-là, dit l'Éternel, il y aura un cri de la porte des poissons, un gémissement du deuxième quartier, et un grand fracas des collines.
På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgderne.
11 Gémissez, habitants de Maktesh, car tout le peuple de Canaan est perdu! Tous ceux qui étaient chargés d'argent sont exterminés.
Jamra, de som bur i Mortelen, for heile kræmerfolket er gjort til inkjes, og alle kjøpmenner utrudde.
12 En ce temps-là, je fouillerai Jérusalem avec des lampes, et je punirai les hommes installés sur leur lie, qui disent en leur cœur: « L'Éternel ne fera pas le bien, il ne fera pas le mal. »
Og på den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei menneskje som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: «Herren gjer korkje godt eller vondt.»
13 Leurs richesses deviendront un butin, et leurs maisons une désolation. Oui, ils construiront des maisons, mais ils ne les habiteront pas. Ils planteront des vignes, mais ils ne boiront pas leur vin.
Og eigedomen deira skal verta til herfang og husi deira til tjon. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i deim, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka deira vin.
14 Le grand jour de Yahvé est proche. Elle est proche et se précipite, la voix du jour de Yahvé. Le puissant y pousse des cris amers.
Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast. Høyr! Det er Herrens dag! Sårt skrik då kjempa.
15 Ce jour-là est un jour de colère, un jour de détresse et d'angoisse, un jour de trouble et de ruine, un jour de ténèbres et d'obscurité, un jour de nuages et d'obscurité,
Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og audner, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodda,
16 un jour de trompette et d'alarme contre les villes fortes et contre les hauts remparts.
ein dag med lurblåster og herrop mot dei faste byar og mot dei høge murtindar.
17 Je ferai venir sur les hommes une telle détresse qu'ils marcheront comme des aveugles, parce qu'ils auront péché contre Yahvé. Leur sang sera répandu comme de la poussière et leur chair comme du fumier.
Då vil eg setja folk i slik angest, at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk.
18 Ni leur argent, ni leur or ne pourront les délivrer au jour de la colère de l'Éternel, mais tout le pays sera dévoré par le feu de sa jalousie, car il fera périr, terriblement périr, tous les habitants du pays.
Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga deim på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja, ein brå ende på alle deim som bur på jordi.

< Sophonie 1 >