< Psalms 96 >
1 Sing to Jehovah a new song, Sing to Jehovah all the earth.
Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!
2 Sing to Jehovah, bless His name, Proclaim from day to day His salvation.
Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!
3 Declare among nations His honour, Among all the peoples His wonders.
Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
4 For great [is] Jehovah, and praised greatly, Fearful He [is] over all gods.
For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.
5 For all the gods of the peoples [are] nought, And Jehovah made the heavens.
For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
6 Honour and majesty [are] before Him, Strength and beauty in His sanctuary.
Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.
7 Ascribe to Jehovah, O families of the peoples, Ascribe to Jehovah honour and strength.
Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!
8 Ascribe to Jehovah the honour of His name, Lift up a present and come in to His courts.
Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!
9 Bow yourselves to Jehovah, In the honour of holiness, Be afraid of His presence, all the earth.
Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!
10 Say among nations, 'Jehovah hath reigned, Also — established is the world, unmoved, He judgeth the peoples in uprightness.'
Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.»
11 The heavens joy, and the earth is joyful, The sea and its fulness roar.
Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!
12 The field exulteth, and all that [is] in it, Then sing do all trees of the forest,
Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen
13 Before Jehovah, for He hath come, For He hath come to judge the earth. He judgeth the world in righteousness, And the peoples in His faithfulness!
for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem til å døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.