< Ezekiel 45 >

1 And in your causing the land to fall in inheritance, ye lift up a heave-offering to Jehovah, a holy [portion] of the land: the length — five and twenty thousand [is] the length, and the breadth ten thousand; it [is] holy in all its border round about.
Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.
2 There is of this for the sanctuary five hundred by five hundred, square, round about; and fifty cubits of suburb [is] to it round about.
Av dette skal det vera åt heilagdomen fem hundrad på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring. Og til utmark rundt kringum det femti alner.
3 And by this measure thou dost measure: the length [is] five and twenty thousand, and the breadth ten thousand: and in it is the sanctuary, the holy of holies.
Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi, og i det skal heilagdomen, det høgheilage, vera.
4 The holy [portion] of the land it [is]; for priests, ministrants of the sanctuary, it is, who are drawing near to serve Jehovah; and it hath been to them a place for houses, and a holy place for a sanctuary.
Det er ein heilag-lut av landet. Han skal vera åt prestarne som gjer tenesta i heilagdomen, dei som fær koma nær til Herren og tena honom. Det skal vera til hustufter åt deim og til heilag-tufter åt heilagdomen.
5 'And of the five and twenty thousand of length, and of the ten thousand of breadth, there is to the Levites, ministrants of the house, for them — for a possession — twenty chambers.
Og fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi skal vera åt levitarne, tenarane i huset. Til eiga skal dei hava tjuge gardar.
6 'And of the possession of the city ye give five thousand of breadth, and of length five and twenty thousand, over-against the heave-offering of the holy [portion]: to all the house of Israel it is.
Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med luten åt heilagdomen; det skal vera åt Israels-lyden.
7 As to the prince, on this side, and on that side, of the heave-offering of the holy place, and of the possession of the city, at the front of the heave-offering of the holy place, and at the front of the possession of the city, from the west corner westward, and from the east corner eastward — and the length [is] over-against one of the portions from the west border unto the east border —
Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidorne åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, på vestsida vestetter, og på austsida, austetter, og han skal vera jamlang med ein arvlut åt ei ætt, frå grensa åt havet til austgrensa.
8 of the land there is to him for a possession in Israel, and My princes do not oppress any more My people, and the land they give to the house of Israel according to their tribes.
Dette skal han hava til land, til eiga i Israel. Og fyrstarne mine skal aldri meir tyngja folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ætterne.
9 'Thus said the Lord Jehovah: Enough to you — princes of Israel; violence and spoil turn aside, and judgment and righteousness do; lift up your exactions from off My people — an affirmation of the Lord Jehovah.
So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking, og gjer rett og rettferd! Haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn! segjer Herren, Herren.
10 Just balances, and a just ephah, and a just bath — ye have.
Rett vegt og rett efa og rett bat skal de hava.
11 The ephah and the bath is of one measure, for the bath to bear a tenth of the homer, and the ephah a tenth of the homer: according to the homer is its measurement.
Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål vera.
12 And, the shekel [is] twenty gerah: twenty shekels, five and twenty shekels, fifteen shekels — is your maneh.
Ein sekel skal vera tjuge gera. Tjuge seklar, fem og tjuge seklar, femtan seklar, det skal vera ei mina hjå dykk.
13 'This [is] the heave-offering that ye lift up; a sixth part of the ephah of a homer of wheat, also ye have given a sixth part of the ephah of a homer of barley,
Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og likeins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg.
14 and the portion of oil, the bath of oil, a tenth part of the bath out of the cor, a homer of ten baths — for ten baths [are] a homer;
Og den visse reida av olje, rekna i bat: tiandeparten av ein bat av kvar kor - som er ti bat eller ein homer, for ein homer er ti bat -
15 and one lamb out of the flock, out of two hundred, out of the watered country of Israel, for a present, and for a burnt-offering, and for peace-offerings, to make atonement by them — an affirmation of the Lord Jehovah.
og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren.
16 All the people of the land are at this heave-offering for the prince in Israel.
All landslyden skal vera skuldig til denne reida åt fyrsten i Israel.
17 And on the prince are the burnt-offerings, and the present, and the libation, in feasts, and in new moons, and in sabbaths, in all appointed times of the house of Israel: he doth make the sin-offering, and the present, and the burnt-offering, and the peace-offerings, to make atonement for the house of Israel.
Men fyrsten skal hava den skyldnaden: å leggja til brennofferi og grjonofferet og drykkofferet i helgarne og på nymånedagarne og på kviledagarne, på alle høgtiderne hjå Israels-lyden. Han skal greida med syndofferet og grjonofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden.
18 'Thus said the Lord Jehovah: In the first [month], in the first of the month, thou dost take a bullock, a son of the herd, a perfect one, and hast cleansed the sanctuary:
So segjer Herren, Herren: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd.
19 and the priest hath taken of the blood of the sin offering, and hath put on the door-post of the house, and on the four corners of the border of the altar, and on the post of the gate of the inner court.
Og presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskierne i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskierne i porten åt den indre fyregarden.
20 And so thou dost do on the seventh of the month, because of each erring one, and because of the simple one — and ye have purified the house.
Og likeins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for den som hev synda uviljande eller av fåkunna. Og de skal gjera soning for huset.
21 'In the first [month], in the fourteenth day of the month, ye have the passover, a feast of seven days, unleavened food is eaten.
Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg. I høgtidi, i sju dagar, skal de eta usyrt brød.
22 And the prince hath prepared on that day, for himself, and for all the people of the land, a bullock, a sin-offering.
Den same dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for all landslyden.
23 And the seven days of the feast he prepareth a burnt-offering to Jehovah, seven bullocks, and seven rams, perfect ones, daily seven days, and a sin-offering, a kid of the goats, daily.
Og dei sju høgtidsdagarne skal han ofra åt Herren eit brennoffer: sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagarne, og til syndoffer ein bukk kvar dag.
24 And a present of an ephah for a bullock, and an ephah for a ram, he doth prepare, and of oil a hin for an ephah.
Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver og ein åttung olje med kvar efa.
25 In the seventh [month], in the fifteenth day of the month, in the feast, he doth according to these things seven days; as the sin-offering so the burnt-offering, and as the present so also the oil.
Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han gjera likeins både syndofferet og med brennofferet og med grjonofferet og oljen i sju dagar.

< Ezekiel 45 >