< Acts 21 >

1 And whanne it was don, that we schulden seile, and weren passid awei fro hem, with streiyt cours we camen to Choum, and the day suynge to Rodis, and fro thennus to Patiram, and fro thennus to Myram.
Då me hadde rive oss frå deim og siglt av stad, kom me beinleides til Kos, næste dagen til Rodus og derifrå til Patara.
2 And whanne we founden a schip passinge ouer to Fenyce, we wenten vp in to it, and sailden forth.
Der fann me eit skip som skulde fara yver til Fønikia, og me gjekk då um bord og siglde av stad.
3 And whanne we apperiden to Cipre, we leften it at the left half, and seiliden in to Sirie, and camen to Tire. For there the schip schulde be vnchargid.
Då me fekk Kypern i syne og hadde late henne etter oss på vinstre handi, siglde me til Syria og lagde åt ved Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen.
4 And whanne we foundun disciplis, we dwelliden there seuene daies; whiche seiden bi spirit to Poul, that he schulde not go vp to Jerusalem.
Me leita då upp læresveinarne og vart verande der sju dagar; dei sagde ved Anden til Paulus, at han ikkje skulde fara upp til Jerusalem.
5 And whanne the daies weren fillid, we yeden forth, and alle men with wyues and children ledden forth vs with outen the citee; and we kneliden in the see brenke, and we preieden.
Då me hadde vore der dei dagarne ut, drog me derifrå og for lenger, og dei fylgde oss alle med kvinnor og born radt utanfor byen. So fall me på kne på strandi og bad;
6 And whanne we hadden maad fare wel togidre, we wenten vp into the schip; and thei turneden ayen in to her owne places.
og då me hadde sagt kvarandre farvel, gjekk me um bord på skipet; men dei andre vende heim att.
7 And whanne the schip sailinge was fillid fro Tire, we camen doun to Tolamayda, and whanne we hadden gret wel the britheren, we dwelliden o dai at hem.
Me fullenda no sjøferdi og kom frå Tyrus til Ptolemais; der helsa me på brørne og vart ein dag yver hjå deim.
8 And another dai we yeden forth, and camen to Cesarie. And we entriden in to the hous of Filip euangelist, that was oon of the seuene, and dwelliden at hym.
Dagen etter drog me derifrå og kom til Cæsarea; der tok me inn til evangelisten Filip, som var ein av dei sju, og vart verande hjå honom.
9 And to hym weren foure douytris, virgyns, that profecieden.
Han hadde fire ugifte døtter som hadde profetgåva.
10 And whanne we dwelliden there bi summe daies, a profete, Agabus bi name, cam ouer fro Judee.
Då me vart der fleire dagar, kom det ned frå Judæa ein profet med namnet Agabus.
11 This whanne he cam to vs, took the girdil of Poul, and boond togidere hise feet and hoondis, and seide, The Hooli Goost seith these thingis, Thus Jewis schulen bynde in Jerusalem the man, whos is this girdil; and thei schulen bytake into hethene mennys hoondis.
Han kom til oss og tok Paulus’ belte og batt seg sjølv på hender og føter og sagde: «So segjer den Heilage Ande: «Den mannen som eig dette beltet, skal jødarne binda soleis i Jerusalem og gjeva honom yver i henderne på heidningarne.»»
12 Which thing whanne we herden, we preieden, and thei that weren of that place, that he schulde not go vp to Jerusalem.
Då me høyrde dette, bad både me og dei som der budde, at han ikkje måtte fara upp til Jerusalem.
13 Thanne Poul answeride, and seide, What doen ye, wepinge and turmentinge myn herte? For Y am redi, not oonli to be boundun, but also to die in Jerusalem for the name of the Lord Jhesu.
Men Paulus svara: «Kvifor græt de og slit hjarta mitt sund? Eg er reidbuen ikkje berre til å verta bunden, men og til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»
14 And whanne we myyten not counseile hym, we weren stille, and seiden, The wille of the Lord be don.
Men då han ikkje var til å få yvertald, vart me stille og sagde: «Herrens vilje råde!»
15 And aftir these daies we weren maad redi, and wenten vp to Jerusalem.
Då desse dagarne var lidne, gjorde me oss ferdige og for upp til Jerusalem,
16 And summe of the disciplis camen with vs fro Cesarie, and ledden with hem a man, Jason of Cipre, an elde disciple, at whom we schulden be herborid.
og nokre av læresveinarne i Cæsarea fylgde og med oss, og dei førde oss til ein som me skulde bu hjå, Mnason frå Kypern, ein gamall læresvein.
17 And whanne we camen to Jerusalem, britheren resseyueden vs wilfulli.
Då me kom til Jerusalem, fagna brørne oss med gleda.
18 And in the dai suynge Poul entride with vs to James, and alle the eldre men weren gaderid.
Andre dagen gjekk Paulus med oss til Jakob, og alle dei eldste kom dit.
19 Whiche whanne he hadde gret, he telde bi alle thingis, what God hadde doon in hethene men, bi the mynysterie of hym.
Og då han hadde helsa på deim, fortalde han det eine etter det andre av det som Gud hadde gjort hjå heidningarne ved hans tenesta.
20 And whanne thei herden, thei magnyfiden God, and seiden to hym, Brothir, thou seest how many thousyndis ben in Jewis, that han bileued to God, and alle ben loueris of the lawe.
Då dei høyrde det, lova dei Gud; og so sagde dei til honom: «Du ser, bror, kor mange tusund det er av jødar som hev teke ved trui, og alle hev dei stor ihuge for lovi.
21 And thei herden of thee, that thou techist departing fro Moises of thilk Jewis that ben bi hethene men, that seien, that thei owen not circumcide her sones, nether owen to entre by custom.
Men dei hev spurt um deg, at du ute millom hedningarne lærer alle jødar fråfall frå Moses, med di du segjer at dei ikkje skal umskjera borni sine eller liva etter dei gamle sedvanarne.
22 Therfor what is? It bihoueth that the multitude come togidre; for thei schulen here, that thou art come.
Kva er då å gjera? Det vil i vissa koma ei stor mengd saman; for dei vil få høyra at du er komen.
23 Therfor do thou this thing, that we seien to thee. Ther ben to vs foure men, that han a vow on hem.
Gjer no difor som me segjer deg! Der er millom oss fire menner som hev ein lovnad på seg.
24 Take thou these men, and halowe thee with hem; honge on hem, that thei schaue her heedis; and that alle men wite, that the thingis that thei herden of thee ben false, but that thou walkist, and thi silf kepist the lawe.
Tak deim med deg og lat deg reinsa saman med deim, og ber du kostnaden for deim, so dei må kunna raka hovudet; so kann alle skyna at det er ingen ting i det som dei hev høyrt um deg, men at du og ferdast so at du held lovi.
25 But of these that bileueden of hethene men, we writen, demynge that thei absteyne hem fro thing offrid to idols, and fro blood, and also fro stranglid thing, and fro fornicacioun.
Men um dei heidningarne som hev teke trui, hev me sendt brev og avgjort at dei ikkje skal halda noko slikt, men berre vara seg for avgudsoffer og blod og det strøypte og hor.»
26 Thanne Poul took the men, and in the dai suynge he was purified with hem, and entride in to the temple, and schewide the filling of daies of purifying, til the offring was offrid for ech of hem.
Då tok Paulus mennerne med seg og let seg dagen etter reinsa saman med deim og gjekk inn i templet og vilde melda utgangen av reinsingsdagarne, då offeret skulde verta framført for kvar av deim.
27 And whanne seuene daies weren endid, the Jewis that weren of Asie, whanne thei saien him in the temple, stiriden al the puple, and leyden hondis on hym,
Då det so leid mot enden av dei sju dagarne, fekk jødarne frå Asia sjå honom i templet, og dei øste upp heile hopen og lagde hand på honom,
28 and crieden, Men of Israel, helpe ye vs. This is the man, that ayens the puple and the lawe and this place techith euery where alle men, more ouer and hath led hethene men in to the temple, and hath defoulid this hooli place.
medan dei skreik: «Israelitiske menner, kom til hjelp! Dette er det menneskjet som alle stader lærer alle imot folket og lovi og denne staden, og han hev jamvel ført grækarar inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»
29 For thei seyen Trofimus of Effesi in the citee with hym, whom thei gessiden that Poul hadde brouyt in to the temple.
For dei hadde fyrr set Trofimus frå Efesus saman med honom ute i byen, og so tenkte dei at Paulus hadde ført honom inn i templet.
30 And al the citee was moued, and a rennyng togider of the puple was maad. And thei token Poul, and drowen him out of the temple; and anoon the yatis weren closid.
Og det vart røra i heile byen og samanstrøyming av folket, og dei tok fat på Paulus og drog honom utanfor templet, og straks vart dørerne stengde.
31 And whanne thei souyten to sle hym, it was teld to the tribune of the cumpany of knyytis, that al Jerusalem is confoundid.
Medan dei heldt på og vilde slå honom i hel, gjekk det melding upp til den øvste hovudsmannen for vakti, at heile Jerusalem var i ei røra.
32 Which anoon took knyytis, and centuriens, and ran to hem. And whanne thei hadden seen the tribune, and the knyytis, thei ceessiden to smyte Poul.
Han tok straks hermenner og hovudsmenner og skunda seg ned til deim. Men då dei såg den øvste hovudsmannen og hermennerne, heldt dei upp med å slå Paulus.
33 Thanne the tribune cam, and cauyte hym, and comaundide, that he were boundun with twei cheynes; and axide, who he was, and what he hadde don.
Då kom den øvste hovudsmannen burt til honom og let deim gripa honom, og baud at han skulde verta bunden med tvo lekkjor; og han spurde kven han var, og kva han hadde gjort.
34 But othere crieden other thing among the puple. And whanne he miyte `knowe no certeyn thing for the noise, he comaundide hym to be led in to the castels.
Men den eine i hopen ropa det, og den andre det; og då han ikkje retteleg kunde få vissa for ståket skuld, baud han at han skulde førast inn i borgi.
35 And whanne Poul cam to the grees, it bifel that he was borun of kniytis, for strengthe of the puple.
Då han kom upp til troppestigi, vart det so at hermennerne laut bera honom, so ustyrleg var hopen;
36 For the multitude of the puple suede hym, and criede, Take hym awei.
for folkehopen fylgde med og skreik: «Drep honom!»
37 And whanne Poul bigan to be led in to the castels, he seide to the tribune, Whether it is leueful `to me, to speke ony thing to thee?
Då Paulus skulde førast inn i borgi, sagde han til den øvste hovudsmannen: «Må eg få segja noko til deg?» Han svara: «Kann du græsk?
38 And he seide, Kanst thou Greek? Whether thou art not the Egipcian, which bifor these daies mouedist a noise, and leddist out in to desert foure thousynde of men, mensleeris?
So er du då ikkje den egyptaren som gjorde upprør for ei tid sidan og førde dei fire tusund mordarar ut i øydemarki?»
39 And Poul seide to hym, For Y am a Jew, of Tharse of Cilicie, a citeseyn, which citee is not vnknowun. And Y preye thee, suffre me to speke to the puple.
Då sagde Paulus: «Eg er ein jøde frå Tarsus, borgar av ein ikkje ukjend by i Kilikia. Men eg bed deg: Gjev meg lov å tala til folket!»
40 And whanne he suffride, Poul stood in the grees, and bikenede with the hoond to the puple. And whanne a greet silence was maad, he spak in Ebrew tunge, and seide,
Då han gav honom lov, stelte Paulus seg i troppi og slo til ljod åt folket med handi. Då det vart reint stilt, tala han til deim på det hebraiske målet og sagde:

< Acts 21 >