< Numbers 13 >
1 The LORD spoke to Moses, saying,
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 “Send men, that they may spy out the land of Canaan, which I give to the children of Israel. Of every tribe of their fathers, you shall send a man, every one a prince among them.”
«Send ut folk til å forfara Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar ætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennerne deira.»
3 Moses sent them from the wilderness of Paran according to the commandment of the LORD. All of them were men who were heads of the children of Israel.
So sende Moses folk ut frå Paranheidi, som Herren hadde sagt, og dei han sende var alle av dei gjævaste mennerne i Israel.
4 These were their names: Of the tribe of Reuben, Shammua the son of Zaccur.
Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;
5 Of the tribe of Simeon, Shaphat the son of Hori.
Safat, son åt Hori, av Simeons-ætti;
6 Of the tribe of Judah, Caleb the son of Jephunneh.
Kaleb, son åt Jefunne, av Juda-ætti;
7 Of the tribe of Issachar, Igal the son of Joseph.
Jigeal, son åt Josef, av Issakars-ætti;
8 Of the tribe of Ephraim, Hoshea the son of Nun.
Hosea, son åt Nun, av Efraims-ætti;
9 Of the tribe of Benjamin, Palti the son of Raphu.
Palti, son åt Rafu, av Benjamins-ætti;
10 Of the tribe of Zebulun, Gaddiel the son of Sodi.
Gaddiel, son åt Sodi, av Sebulons-ætti;
11 Of the tribe of Joseph, of the tribe of Manasseh, Gaddi the son of Susi.
Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;
12 Of the tribe of Dan, Ammiel the son of Gemalli.
Ammiel, son åt Gemalli, av Dans-ætti;
13 Of the tribe of Asher, Sethur the son of Michael.
Setur, son åt Mikael, av Assers-ætti;
14 Of the tribe of Naphtali, Nahbi the son of Vophsi.
Nahbi, son åt Vofsi, av Naftali-ætti;
15 Of the tribe of Gad, Geuel the son of Machi.
Ge’uel, son åt Maki, av Gads-ætti.
16 These are the names of the men who Moses sent to spy out the land. Moses called Hoshea the son of Nun Joshua.
Det var dei mennerne som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.
17 Moses sent them to spy out the land of Canaan, and said to them, “Go up this way by the South, and go up into the hill country.
Han sende dei på njosningsferd til Kana’ans-landet, og sagde til deim: «Far upp her, til Sudlandet, og tak upp i fjellet,
18 See the land, what it is; and the people who dwell therein, whether they are strong or weak, whether they are few or many;
og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,
19 and what the land is that they dwell in, whether it is good or bad; and what cities they are that they dwell in, whether in camps, or in strongholds;
og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um der er læger eller borger,
20 and what the land is, whether it is fertile or poor, whether there is wood therein, or not. Be courageous, and bring some of the fruit of the land.” Now the time was the time of the first-ripe grapes.
og um jordi er feit eller skrinn, og um der er tre eller ikkje. Ver trøystuge, og tak med dykk noko av frukti i landet!» Det var då i det bilet druvorne for til å mogna.
21 So they went up, and spied out the land from the wilderness of Zin to Rehob, to the entrance of Hamath.
So tok dei av stad, og endefor landet, alt ifrå Sinheidi til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.
22 They went up by the South, and came to Hebron; and Ahiman, Sheshai, and Talmai, the children of Anak, were there. (Now Hebron was built seven years before Zoan in Egypt.)
Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. -
23 They came to the valley of Eshcol, and cut down from there a branch with one cluster of grapes, and they bore it on a staff between two. They also brought some of the pomegranates and figs.
So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.
24 That place was called the valley of Eshcol, because of the cluster which the children of Israel cut down from there.
Den staden vart sidan heitande Eskoldalen, etter den druvekransen som Israels-sønerne skar av der.
25 They returned from spying out the land at the end of forty days.
Då det leid av fyrti dagar, kom dei att, og hadde endefare landet.
26 They went and came to Moses, to Aaron, and to all the congregation of the children of Israel, to the wilderness of Paran, to Kadesh; and brought back word to them and to all the congregation. They showed them the fruit of the land.
Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranheidi, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte deim frukterne frå Kana’ans-landet.
27 They told him, and said, “We came to the land where you sent us. Surely it flows with milk and honey, and this is its fruit.
«Me kom til det landet du sende oss til, » sagde dei til Moses, «og det er visst at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de frukterne som veks der.
28 However, the people who dwell in the land are strong, and the cities are fortified and very large. Moreover, we saw the children of Anak there.
Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,
29 Amalek dwells in the land of the South. The Hittite, the Jebusite, and the Amorite dwell in the hill country. The Canaanite dwells by the sea, and along the side of the Jordan.”
og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»
30 Caleb stilled the people before Moses, and said, “Let’s go up at once, and possess it; for we are well able to overcome it!”
Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på deim, og sagde: «Jau, me vil fara dit, og leggja landet under oss; me kann godt taka det.»
31 But the men who went up with him said, “We aren’t able to go up against the people; for they are stronger than we.”
Men dei mennerne som hadde vore med honom, sagde: «Me torer ikkje ganga imot dette folket; dei er oss for sterke.»
32 They brought up an evil report of the land which they had spied out to the children of Israel, saying, “The land, through which we have gone to spy it out, is a land that eats up its inhabitants; and all the people who we saw in it are men of great stature.
Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;
33 There we saw the Nephilim, the sons of Anak, who come from the Nephilim. We were in our own sight as grasshoppers, and so we were in their sight.”
der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»