< Galatians 1 >
1 Paul, an emissary—not from men, nor through man, but through Yeshua the Messiah, and God the Father, who raised him from the dead—
Paulus, apostel, ikkje av menneskje og ikkje ved noko menneskje, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte honom upp frå dei daude,
2 and all the brothers who are with me, to the assemblies of Galatia:
og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydarne i Galatia:
3 Grace to you and peace from God the Father and our Lord Yeshua the Messiah,
Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader og vår Herre Jesus Kristus,
4 who gave himself for our sins, that he might deliver us out of this present evil age, according to the will of our God and Father— (aiōn )
som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje; (aiōn )
5 to whom be the glory forever and ever. Amen. (aiōn )
honom vere æra i all æve! Amen. (aiōn )
6 I marvel that you are so quickly deserting him who called you in the grace of Messiah to a different “good news”,
Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,
7 but there isn’t another “good news.” Only there are some who trouble you and want to pervert the Good News of Messiah.
endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.
8 But even though we, or an angel from heaven, should proclaim to you any “good news” other than that which we preached to you, let him be cursed.
Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!
9 As we have said before, so I now say again: if any man preaches to you any “good news” other than that which you received, let him be cursed.
Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt!
10 For am I now seeking the favour of men, or of God? Or am I striving to please men? For if I were still pleasing men, I wouldn’t be a servant of Messiah.
Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar.
11 But I make known to you, brothers, concerning the Good News which was preached by me, that it is not according to man.
Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk;
12 For I didn’t receive it from man, nor was I taught it, but it came to me through revelation of Yeshua the Messiah.
for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneskje, men ved Jesu Kristi openberring.
13 For you have heard of my way of living in time past in Judaism, how that beyond measure I persecuted the assembly of God and ravaged it.
For de hev høyrt mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;
14 I advanced in Judaism beyond many of my own age amongst my countrymen, being more exceedingly zealous for the traditions of my fathers.
og i jødedomen gjekk eg lenger enn mange av jamaldringarne mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.
15 But when it was the good pleasure of God, who separated me from my mother’s womb and called me through his grace,
Men då det tektest honom som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,
16 to reveal his Son in me, that I might proclaim him amongst the Gentiles, I didn’t immediately confer with flesh and blood,
å openberra sin Son i meg, at eg skulde forkynna evangeliet um honom millom heidningarne, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod
17 nor did I go up to Jerusalem to those who were emissaries before me, but I went away into Arabia. Then I returned to Damascus.
og drog ikkje heller upp til Jerusalem til deim som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia og vende um att til Damaskus.
18 Then after three years I went up to Jerusalem to visit Peter, and stayed with him fifteen days.
Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå honom vart eg verande femtan dagar.
19 But of the other emissaries I saw no one except Jacob, the Lord’s brother.
Men nokon annan av apostlarne såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.
20 Now about the things which I write to you, behold, before God, I’m not lying.
Det som eg skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.
21 Then I came to the regions of Syria and Cilicia.
So kom eg til bygderne i Syria og Kilikia.
22 I was still unknown by face to the assemblies of Judea which were in Messiah,
Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydarne i Judæa.
23 but they only heard, “He who once persecuted us now preaches the faith that he once tried to destroy.”
Dei hadde berre høyrt gjete: «Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr øydde ut.»
24 So they glorified God in me.
Og dei lova Gud for meg.