< Ezekiel 39 >
1 “You, son of man, prophesy against Gog, and say, ‘The Lord GOD says: “Behold, I am against you, Gog, prince of Rosh, Meshech, and Tubal.
Og du, menneskjeson! Spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.
2 I will turn you around, will lead you on, and will cause you to come up from the uttermost parts of the north; and I will bring you onto the mountains of Israel.
Og eg vil snu deg um og jaga deg fram og få deg til å koma upp, lengst or Norderland, og lata deg koma upp på Israelsfjelli.
3 I will strike your bow out of your left hand, and will cause your arrows to fall out of your right hand.
Og eg vil slå bogen din utor vinstre handi og lata pilerne dine detta utor høgre handi.
4 You will fall on the mountains of Israel, you, and all your hordes, and the peoples who are with you. I will give you to the ravenous birds of every sort and to the animals of the field to be devoured.
På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskararne dine og folkeslagi som er med deg. Til rovfuglar av alle slag og til villdyri på marki gjev eg deg til mat.
5 You will fall on the open field, for I have spoken it,” says the Lord GOD.
Utyver marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.
6 “I will send a fire on Magog and on those who dwell securely in the islands. Then they will know that I am the LORD.
Og eg vil senda eld på Magog og på dei som bur trygt i øylandi. Og dei skal sanna at eg er Herren.
7 “‘“I will make my holy name known amongst my people Israel. I won’t allow my holy name to be profaned any more. Then the nations will know that I am the LORD, the Holy One in Israel.
Og mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt midt ibland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga, og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.
8 Behold, it comes, and it will be done,” says the Lord GOD. “This is the day about which I have spoken.
Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren; det er dagen som eg hev tala um.
9 “‘“Those who dwell in the cities of Israel will go out and will make fires of the weapons and burn them, both the shields and the bucklers, the bows and the arrows, and the war clubs and the spears, and they will make fires with them for seven years;
Då skal dei som bur i Israels-byarne ganga ut og gjera upp eld og kveikja upp med herbunader; både med store skjoldar og med små, med bogar og med piler og med stavar og mot spjot. Og med dette til brennefang skal dei elda i sju år.
10 so that they will take no wood out of the field, and not cut down any out of the forests; for they will make fires with the weapons. They will plunder those who plundered them, and rob those who robbed them,” says the Lord GOD.
Dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogarne, for dei skal elda med herbunaderne. Og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Herren.
11 “‘“It will happen in that day, that I will give to Gog a place for burial in Israel, the valley of those who pass through on the east of the sea; and it will stop those who pass through. They will bury Gog and all his multitude there, and they will call it ‘The valley of Hamon Gog’.
Og det skal henda same dagen, at eg vil gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austum havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket. Der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans, og dei skal kalla det Gogs-muge-dalen.
12 “‘“The house of Israel will be burying them for seven months, that they may cleanse the land.
I sju månader skal Israels-lyden jorda deim, det skal vera til å reinsa landet.
13 Yes, all the people of the land will bury them; and they will become famous in the day that I will be glorified,” says the Lord GOD.
All landslyden skal jorda deim, og det skal gjera deim namnfræge den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Herren.
14 “‘“They will set apart men of continual employment who will pass through the land. Those who pass through will go with those who bury those who remain on the surface of the land, to cleanse it. After the end of seven months they will search.
Og dei skal velja ut menner som stødt skal fara um i landet og jorda deim som der hadde fare fram, deim som hadde vorte liggjande etter utyver jordi; det skal vera til å reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi.
15 Those who search through the land will pass through; and when anyone sees a man’s bone, then he will set up a sign by it, until the undertakers have buried it in the valley of Hamon Gog.
Når då yverfararane fer um i landet og fær sjå eit mannebein, skal dei setja upp et merke attmed det til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen.
16 Hamonah will also be the name of a city. Thus they will cleanse the land.”’
Ogso eit bynamn skal vera Hamona. Soleis skal dei reinsa landet.
17 “You, son of man, the Lord GOD says: ‘Speak to the birds of every sort, and to every animal of the field, “Assemble yourselves, and come; gather yourselves on every side to my sacrifice that I sacrifice for you, even a great sacrifice on the mountains of Israel, that you may eat meat and drink blood.
Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Seg med kvar fljugande fuglen og kvart eit udyr på marki: Samla dykk saman og kom! Sanka dykk frå alle stader til slagtofferet mitt, som eg hev slagta åt dykk, eit stort slagtoffer på Israelsfjelli. Og de skal eta kjøt og drikka blod.
18 You shall eat the flesh of the mighty, and drink the blood of the princes of the earth, of rams, of lambs, and of goats, of bulls, all of them fatlings of Bashan.
Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar på jord skal de få drikka; verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop.
19 You shall eat fat until you are full, and drink blood until you are drunk, of my sacrifice which I have sacrificed for you.
De skal få eta feitt til de vert mette, og drikka blod til det vert drukne, av slagtofferet mitt som eg slagtar åt dykk.
20 You shall be filled at my table with horses and charioteers, with mighty men, and with all men of war,” says the Lord GOD.’
Og de skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Herren.
21 “I will set my glory amongst the nations. Then all the nations will see my judgement that I have executed, and my hand that I have laid on them.
Og eg vil syna mitt storvelde millom folki, og alle folki skal sjå min dom, som eg hev halde, og mi hand, som eg hev lagt på deim.
22 So the house of Israel will know that I am the LORD their God, from that day and forward.
Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides.
23 The nations will know that the house of Israel went into captivity for their iniquity, because they trespassed against me, and I hid my face from them; so I gave them into the hand of their adversaries, and they all fell by the sword.
Og folkeslagi skal skyna at det var for sine misgjerningar Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg laut løyna mi åsyn for deim og gjeva deim i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman.
24 I did to them according to their uncleanness and according to their transgressions. I hid my face from them.
Etter deira ureinskap og misgjerningar for eg fram imot deim og løynde mi åsyn for deim.
25 “Therefore the Lord GOD says: ‘Now I will reverse the captivity of Jacob and have mercy on the whole house of Israel. I will be jealous for my holy name.
Difor, so segjer Herren, Herren: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna all Israels-lyden, og eg vil vera ihuga for mitt heilage namn.
26 They will forget their shame and all their trespasses by which they have trespassed against me, when they dwell securely in their land. No one will make them afraid
Og dei skal bera si skjemsla og all si utrue framferd mot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer deim.
27 when I have brought them back from the peoples, gathered them out of their enemies’ lands, and am shown holy amongst them in the sight of many nations.
Når eg fører deim tilbake frå folkeslagi og sankar deim or fiendelandi og helgar meg på deim for augo på dei mange folk,
28 They will know that I am the LORD their God, in that I caused them to go into captivity amongst the nations, and have gathered them to their own land. Then I will leave none of them captive any more.
då skal dei sanna at eg er Herren, deira Gud, med di at eg førde deim burt til folkeslagi, men samlar deim no inn i deira eige land og ikkje leiver ein einaste av deim etter meg der.
29 I won’t hide my face from them any more, for I have poured out my Spirit on the house of Israel,’ says the Lord GOD.”
So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.