< Genesis 18 >
1 The LORD appeared to him by the oaks of Mamre, as he sat in the tent door in the heat of the day.
Sidan synte Herren seg for honom i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbudi si, midt på heitaste dagen:
2 He lifted up his eyes and looked, and saw that three men stood near him. When he saw them, he ran to meet them from the tent door, and bowed himself to the earth,
Som han såg upp og skoda utyver, fekk han sjå tri menner som stod framfyre honom. Med same han vart var deim, sprang han imot deim frå buddøri, og bøygde seg nedåt jordi,
3 and said, “My lord, if now I have found favor in your sight, please don’t go away from your servant.
og sagde: «Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innum åt tenaren din.
4 Now let a little water be fetched, wash your feet, and rest yourselves under the tree.
Lat oss få henta noko vatn, so de kann två føterne og kvila dykk her under treet.
5 I will get a piece of bread so you can refresh your heart. After that you may go your way, now that you have come to your servant.” They said, “Very well, do as you have said.”
So skal eg finna ein bite mat, som de kann styrkja dykk med, fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar.» Og dei sagde: «Ja, gjer som du segjer!»
6 Abraham hurried into the tent to Sarah, and said, “Quickly prepare three seahs of fine meal, knead it, and make cakes.”
Då skunda Abraham seg inn i budi til Sara og sagde: «Nøyt deg og tak tri settung fint mjøl, og knoda det, og baka kakor!»
7 Abraham ran to the herd, and fetched a tender and good calf, and gave it to the servant. He hurried to dress it.
Og burt til buskapen sprang han, og tok ut ein uksekalv som var fin og god; den let han drengen få, og han nøytte seg og laga honom til.
8 He took butter, milk, and the calf which he had dressed, and set it before them. He stood by them under the tree, and they ate.
So tok han rjome og mjølk og kalven som drengen hadde laga til, og sette det fram åt deim, og sjølv stod han hjå deim under treet, medan dei åt.
9 They asked him, “Where is Sarah, your wife?” He said, “There, in the tent.”
Då sagde dei til honom: «Kvar er Sara, kona di?» «Sjå der inni tjeldbudi er ho, » sagde Abraham.
10 He said, “I will certainly return to you at about this time next year; and behold, Sarah your wife will have a son.” Sarah heard in the tent door, which was behind him.
Då sagde han: «Når det lid ut i årsmotet, kjem eg hit til deg att, og då hev Sara, kona di, fenge ein son.» Og Sara høyrde det i buddøri; for den var attanfor honom.
11 Now Abraham and Sarah were old, well advanced in age. Sarah had passed the age of childbearing.
Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det.
12 Sarah laughed within herself, saying, “After I have grown old will I have pleasure, my lord being old also?”
Difor log Sara med seg sjølv, og tenkte: «Skulde eg få hug, endå so gamall og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!»
13 The LORD said to Abraham, “Why did Sarah laugh, saying, ‘Will I really bear a child when I am old?’
Då sagde Herren til Abraham: «Kvi log Sara og tenkte: «Kann dette vera sant, at eg skal eiga barn, eg som er so gamall?»
14 Is anything too hard for the LORD? At the set time I will return to you, when the season comes around, and Sarah will have a son.”
Er det noko som er umogelegt for Herren? Til års dette bil kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.»
15 Then Sarah denied it, saying, “I didn’t laugh,” for she was afraid. He said, “No, but you did laugh.”
Men Sara neitta og sagde: «Eg log ikkje.» For ho var rædd. Då sagde han: «Jau, du log.»
16 The men rose up from there, and looked toward Sodom. Abraham went with them to see them on their way.
So gjorde mennerne seg ferdige og gjekk, og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med deim; han vilde fylgja deim på vegen.
17 The LORD said, “Will I hide from Abraham what I do,
Då sagde Herren: «Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera,
18 since Abraham will surely become a great and mighty nation, and all the nations of the earth will be blessed in him?
Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i honom.
19 For I have known him, to the end that he may command his children and his household after him, that they may keep the way of the LORD, to do righteousness and justice; to the end that the LORD may bring on Abraham that which he has spoken of him.”
For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.»
20 The LORD said, “Because the cry of Sodom and Gomorrah is great, and because their sin is very grievous,
Og Herren sagde: «Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjelegt, og synderne deira dei er ovleg svære.
21 I will go down now, and see whether their deeds are as bad as the reports which have come to me. If not, I will know.”
No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so fær eg vita det!»
22 The men turned from there, and went toward Sodom, but Abraham stood yet before the LORD.
So snudde mennerne seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren.
23 Abraham came near, and said, “Will you consume the righteous with the wicked?
Og Abraham gjekk innåt og sagde: «Vil du då riva burt dei rettvise saman med dei gudlause?
24 What if there are fifty righteous within the city? Will you consume and not spare the place for the fifty righteous who are in it?
Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld?
25 May it be far from you to do things like that, to kill the righteous with the wicked, so that the righteous should be like the wicked. May that be far from you. Shouldn’t the Judge of all the earth do right?”
Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!»
26 The LORD said, “If I find in Sodom fifty righteous within the city, then I will spare the whole place for their sake.”
Då sagde Herren: «Finn eg i Sodoma by femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.»
27 Abraham answered, “See now, I have taken it on myself to speak to the Lord, although I am dust and ashes.
Og Abraham tok til ords att og sagde: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min, endå eg er mold og oska!
28 What if there will lack five of the fifty righteous? Will you destroy all the city for lack of five?” He said, “I will not destroy it if I find forty-five there.”
Um det no skulde vanta fem på dei femti rettvise mennerne? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld?» og han svara: «Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja honom.»
29 He spoke to him yet again, and said, “What if there are forty found there?” He said, “I will not do it for the forty’s sake.”
Og Abraham heldt på og tala til honom, og sagde: «Um det no finst fyrti -?» og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, for dei fyrti skuld.»
30 He said, “Oh don’t let the Lord be angry, and I will speak. What if there are thirty found there?” He said, “I will not do it if I find thirty there.”
Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar! Um det no finst tretti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, so sant eg finn tretti.»
31 He said, “See now, I have taken it on myself to speak to the Lord. What if there are twenty found there?” He said, “I will not destroy it for the twenty’s sake.”
Då sagde Abraham: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min! Um det finst no tjuge -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja byen, for dei tjuge skuld.»
32 He said, “Oh don’t let the Lord be angry, and I will speak just once more. What if ten are found there?” He said, “I will not destroy it for the ten’s sake.”
Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar berre denne eine gongen til! Um det finst no ti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja honom, for dei ti skuld.»
33 The LORD went his way as soon as he had finished communing with Abraham, and Abraham returned to his place.
So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.