< Psalms 64 >
1 For the Chief Musician. A Psalm by David. Hear my voice, God, in my complaint. Preserve my life from fear of the enemy.
Til songmeisteren; ein salme av David. Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla!
2 Hide me from the conspiracy of the wicked, from the noisy crowd of the ones doing evil;
Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
3 who sharpen their tongue like a sword, and aim their arrows, deadly words,
som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord,
4 to shoot innocent men from ambushes. They shoot at him suddenly and fearlessly.
og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje.
5 They encourage themselves in evil plans. They talk about laying snares secretly. They say, “Who will see them?”
Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?»
6 They plot injustice, saying, “We have made a perfect plan!” Surely man’s mind and heart are cunning.
Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt.
7 But God will shoot at them. They will be suddenly struck down with an arrow.
Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim.
8 Their own tongues shall ruin them. All who see them will shake their heads.
Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet.
9 All mankind shall be afraid. They shall declare the work of God, and shall wisely ponder what he has done.
Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei.
10 The righteous shall be glad in the LORD, and shall take refuge in him. All the upright in heart shall praise him!
Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.