< Genesis 8 >
1 God remembered Noah, all the animals, and all the livestock that were with him in the ship; and God made a wind to pass over the earth. The waters subsided.
Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall.
2 The deep’s fountains and the sky’s windows were also stopped, and the rain from the sky was restrained.
Og brunnarne i djupet og lukorne på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.
3 The waters continually receded from the earth. After the end of one hundred and fifty days the waters receded.
Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne.
4 The ship rested in the seventh month, on the seventeenth day of the month, on Ararat’s mountains.
Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Araratfjelli.
5 The waters receded continually until the tenth month. In the tenth month, on the first day of the month, the tops of the mountains were visible.
Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg.
6 At the end of forty days, Noah opened the window of the ship which he had made,
Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort,
7 and he sent out a raven. It went back and forth, until the waters were dried up from the earth.
og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi.
8 He himself sent out a dove to see if the waters were abated from the surface of the ground,
So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki.
9 but the dove found no place to rest her foot, and she returned into the ship to him, for the waters were on the surface of the whole earth. He put out his hand, and took her, and brought her to him into the ship.
Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki.
10 He waited yet another seven days; and again he sent the dove out of the ship.
So bia han endå sju dagar, og sende so duva ut att or arki.
11 The dove came back to him at evening and, behold, in her mouth was a freshly plucked olive leaf. So Noah knew that the waters were abated from the earth.
Og då det leid til kvelds, kom duva heim til honom, og sjå: då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi.
12 He waited yet another seven days, and sent out the dove; and she didn’t return to him any more.
Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til honom meir.
13 In the six hundred first year, in the first month, the first day of the month, the waters were dried up from the earth. Noah removed the covering of the ship, and looked. He saw that the surface of the ground was dry.
Og det bar so til, at den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki, og såg utyver, og sjå, marki var turr.
14 In the second month, on the twenty-seventh day of the month, the earth was dry.
Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heiltupp turr.
15 God spoke to Noah, saying,
Då tala Gud til Noah og sagde:
16 “Go out of the ship, you, your wife, your sons, and your sons’ wives with you.
«Gakk ut or arki, du og kona di og sønerne dine og konorne åt sønerne dine med deg!
17 Bring out with you every living thing that is with you of all flesh, including birds, livestock, and every creeping thing that creeps on the earth, that they may breed abundantly in the earth, and be fruitful, and multiply on the earth.”
Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglarne og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi, og alast og aukast utyver jordi.»
18 Noah went out, with his sons, his wife, and his sons’ wives with him.
So gjekk Noah ut, og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom.
19 Every animal, every creeping thing, and every bird, whatever moves on the earth, after their families, went out of the ship.
Og alle dyri og alt kreket og alle fuglarne, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag.
20 Noah built an altar to the LORD, and took of every clean animal, and of every clean bird, and offered burnt offerings on the altar.
Og Noah bygde Herren eit altar, og tok utav alt det reine feet og utav alle dei reine fuglarne, og ofra brennoffer på altaret.
21 The LORD smelled the pleasant aroma. The LORD said in his heart, “I will not again curse the ground any more for man’s sake because the imagination of man’s heart is evil from his youth. I will never again strike every living thing, as I have done.
Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.
22 While the earth remains, seed time and harvest, and cold and heat, and summer and winter, and day and night will not cease.”
Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hite, og sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.»