< Deuteronomy 30 >

1 It shall happen, when all these things have come on you, the blessing and the curse, which I have set before you, and you shall call them to mind amongst all the nations where the LORD your God has driven you,
Når då alt dette kjem yver deg, velsigningi og våbøni som eg no hev lagt fyre deg, og du tek det til hjarta i dei framande landi som Herren, din Gud, hev drive deg burt til,
2 and return to the LORD your God and obey his voice according to all that I command you today, you and your children, with all your heart and with all your soul,
og du so vender um til Herren, din Gud, og lyder honom av heile ditt hjarta og heile din hug i alt det eg segjer med deg i dag, både du og borni dine,
3 that then the LORD your God will release you from captivity, have compassion on you, and will return and gather you from all the peoples where the LORD your God has scattered you.
då skal Herren, din Gud, ynkast yver deg og venda lagnaden din, og sanka dykk i hop att or alle dei landi som han hadde spreidt dykk utyver.
4 If your outcasts are in the uttermost parts of the heavens, from there the LORD your God will gather you, and from there he will bring you back.
Um de so var burtstøytte til verdsens ende, so skal Herren, dykkar Gud, samla dykk og henta dykk derifrå.
5 The LORD your God will bring you into the land which your fathers possessed, and you will possess it. He will do you good, and increase your numbers more than your fathers.
Han skal føra deg heim att til det landet federne dine hev ått, og du skal få eiga det, og han skal gjera vel mot deg, og auka dykk, so de vert endå mannsterkare enn federne dykkar.
6 The LORD your God will circumcise your heart, and the heart of your offspring, to love the LORD your God with all your heart and with all your soul, that you may live.
Og han skal gjeva deg og ætti di ein ny og skir hug, so du elskar Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile di sjæl, og då skal du få liva.
7 The LORD your God will put all these curses on your enemies and on those who hate you, who persecuted you.
Då skal Herren, din Gud, lata alle desse våbønerne koma yver fiendarne dine og yver deim som hev hata og sete etter deg;
8 You shall return and obey the LORD’s voice, and do all his commandments which I command you today.
og du skal på nytt lag lyda Herren, din Gud, og halda alle bodi hans, som eg lærer deg i dag.
9 The LORD your God will make you prosperous in all the work of your hand, in the fruit of your body, in the fruit of your livestock, and in the fruit of your ground, for good; for the LORD will again rejoice over you for good, as he rejoiced over your fathers,
Og Herren, din Gud, skal velsigna deg i alt du tek deg til; du skal hava lukka både med born og buskap og avling, so du vert sæl; for Herren skal då gleda seg yver deg og gjera vel imot deg, liksom han fyrr gledde seg yver federne dine,
10 if you will obey the LORD your God’s voice, to keep his commandments and his statutes which are written in this book of the law, if you turn to the LORD your God with all your heart and with all your soul.
so sant du lyder Herren, din Gud, og held bodi og fyresegnerne hans, alt det som er skrive denne lovboki, og so sant du vender um til Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile din hug.
11 For this commandment which I command you today is not too hard for you or too distant.
For dette bodet, som eg legg fyre deg i dag, det er ikkje for høgt for deg, og ikkje for langt burte;
12 It is not in heaven, that you should say, “Who will go up for us to heaven, bring it to us, and proclaim it to us, that we may do it?”
det er ikkje uppi himmelen, so du lyt segja: «Kven vil fara upp til himmelen og henta det, og lata oss få høyra det, so me kann liva etter det?»
13 Neither is it beyond the sea, that you should say, “Who will go over the sea for us, bring it to us, and proclaim it to us, that we may do it?”
Og det er ikkje på hi sida av havet, so du lyt segja: «Kven vil fara yver havet og henta det åt oss, so me kann få høyra det og liva etter det?»
14 But the word is very near to you, in your mouth and in your heart, that you may do it.
Bodet er deg næmare enn so: det er i din eigen munn og i ditt eige hjarta, so du vel kann liva etter det.
15 Behold, I have set before you today life and prosperity, and death and evil.
Sjå, i dag legg eg fram for deg livet og det gode, og dauden og det vonde.
16 For I command you today to love the LORD your God, to walk in his ways and to keep his commandments, his statutes, and his ordinances, that you may live and multiply, and that the LORD your God may bless you in the land where you go in to possess it.
Gjer du som eg segjer med deg i dag, elskar du Herren, din Gud, og gjeng på hans vegar, og held bodi og fyresegnerne og loverne hans, då skal du liva og veksa, og Herren, din Gud, skal velsigna deg i det landet du kjem til å eiga.
17 But if your heart turns away, and you will not hear, but are drawn away and worship other gods, and serve them,
Men vender du hugen din burt, og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å dyrka andre gudar og tena deim,
18 I declare to you today that you will surely perish. You will not prolong your days in the land where you pass over the Jordan to go in to possess it.
so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta utrudde; de skal ikkje få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.
19 I call heaven and earth to witness against you today that I have set before you life and death, the blessing and the curse. Therefore choose life, that you may live, you and your descendants,
Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg hev lagt fram for deg liv og daude, velsigning og våbøn! Vel då livet, so skal du få liva, både du og ætti di!
20 to love the LORD your God, to obey his voice, and to cling to him; for he is your life, and the length of your days, that you may dwell in the land which the LORD swore to your fathers, to Abraham, to Isaac, and to Jacob, to give them.
Elska Herren, din Gud, og lyd bodi hans, og haldt deg til honom! for då vinn du livet, og når ein høg alder, og fær bu i det landet som Herren lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.»

< Deuteronomy 30 >