< Amos 7 >
1 Thus the Lord GOD showed me: behold, he formed locusts in the beginning of the shooting up of the latter growth; and behold, it was the latter growth after the king’s harvest.
Soleis let Herren, Herren meg sjå: Det var ein som skapa grashoppar då håi for til og spratt, det var håi etter kongens slått.
2 When they finished eating the grass of the land, then I said, “Lord GOD, forgive, I beg you! How could Jacob stand? For he is small.”
Og då dei var ferdige reint med å eta upp grøda i landet, då sagde eg: «Herre, Herre, tilgjev! Kor gjeng det no med Jakob som liten er?»
3 The LORD relented concerning this. “It shall not be,” says the LORD.
Då angra Herren det. «Det skal ikkje henda, » sagde Herren.
4 Thus the Lord GOD showed me: behold, the Lord GOD called for judgement by fire; and it dried up the great deep, and would have devoured the land.
Soleis let Herren, Herren, meg sjå: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Herren, og han åt det store djupet han nærpå åt åkerlandet med.
5 Then I said, “Lord GOD, stop, I beg you! How could Jacob stand? For he is small.”
Då sagde eg: «Herre, Herre, haldt upp! Kor gjeng det med Jakob som liten er?»
6 The LORD relented concerning this. “This also shall not be,” says the Lord GOD.
Då angra Herren det. «Ikkje dette heller skal henda», sagde Herren, Herren.
7 Thus he showed me: behold, the Lord stood beside a wall made by a plumb line, with a plumb line in his hand.
Soleis let han meg sjå: Eg såg Herren standa på ein loddmur med blylodd i handi.
8 The LORD said to me, “Amos, what do you see?” I said, “A plumb line.” Then the Lord said, “Behold, I will set a plumb line in the middle of my people Israel. I will not again pass by them any more.
Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no.
9 The high places of Isaac will be desolate, the sanctuaries of Israel will be laid waste; and I will rise against the house of Jeroboam with the sword.”
Isaks haugar skal tynast, og Israels heilagdomar herjast, mot Jeroboams hus eg ris upp med sverd.»
10 Then Amaziah the priest of Bethel sent to Jeroboam king of Israel, saying, “Amos has conspired against you in the middle of the house of Israel. The land is not able to bear all his words.
Men Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: «Amos emnar på uppreist imot deg midt i Israels hus. Landet kann ikkje greida all røda hans.
11 For Amos says, ‘Jeroboam will die by the sword, and Israel shall surely be led away captive out of his land.’”
For soleis talar Amos: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel førast burt frå sitt land.»»
12 Amaziah also said to Amos, “You seer, go, flee away into the land of Judah, and there eat bread, and prophesy there,
Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet!
13 but don’t prophesy again any more at Bethel; for it is the king’s sanctuary, and it is a royal house!”
I Betel skal du ikkje driva lenger som profet, for det er kongeleg heilagdom og rikstempel her.»
14 Then Amos answered Amaziah, “I was no prophet, neither was I a prophet’s son, but I was a herdsman, and a farmer of sycamore figs;
Då svara Amos Amasja so: «Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein, ein hyrding er eg, og steller med morbærtre.
15 and the LORD took me from following the flock, and the LORD said to me, ‘Go, prophesy to my people Israel.’
Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sagde til meg: «Gakk og ver profet for mitt folk Israel!»
16 Now therefore listen to the LORD’s word: ‘You say, Don’t prophesy against Israel, and don’t preach against the house of Isaac.’
Og no skal du høyra ordet frå Herren. So segjer du: «Ver ikkje profet for Israel. Og ikkje du preike mot Isaks hus!»
17 Therefore the LORD says: ‘Your wife shall be a prostitute in the city, and your sons and your daughters shall fall by the sword, and your land shall be divided by line; and you yourself shall die in a land that is unclean, and Israel shall surely be led away captive out of his land.’”
Difor so talar Herren: Di kona vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, med mælesnor vert gjordet ditt bytt, du sjølv i eit ureint land skal døy, og Israel førast burt frå sitt land.»