< 2 Thessalonians 2 >

1 Now, brothers, concerning the coming of our Lord Jesus Christ and our gathering together to him, we ask you
Me bed dykk, brør, vedkomande vår Herre Jesu Kristi tilkoma og vår sameining med honom,
2 not to be quickly shaken in your mind or troubled, either by spirit or by word or by letter as if from us, saying that the day of Christ has already come.
at de ikkje so snart må lata dykk villa burt frå vitet eller skræma, korkje ved nokor ånd eller ved nokon tale eller ved noko brev, liksom det skulde vera frå oss, som um Herrens dag alt stod for døri.
3 Let no one deceive you in any way. For it will not be unless the rebellion comes first, and the man of sin is revealed, the son of destruction.
Lat ingen dåra dykk på nokon måte! for fyrst lyt fråfallet koma og syndmenneskjet verta openberra, fortapingssonen,
4 He opposes and exalts himself against all that is called God or that is worshipped, so that he sits as God in the temple of God, setting himself up as God.
han som set seg imot og upphøgjer seg yver alt som heiter Gud eller heilagdom, so han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud.
5 Don’t you remember that when I was still with you, I told you these things?
Minnest de ikkje at eg sagde dykk dette medan eg endå var hjå dykk?
6 Now you know what is restraining him, to the end that he may be revealed in his own season.
Og no veit de kva som held att, so han fyrst skal verta openberra i si tid.
7 For the mystery of lawlessness already works. Only there is one who restrains now, until he is taken out of the way.
For løyndomen i lovløysa er alt verksam, berre at den som no held att, vert rudd undan;
8 Then the lawless one will be revealed, whom the Lord will kill with the breath of his mouth and destroy by the manifestation of his coming;
og då skal den lovlause verta openberra, han som Herren Jesus skal tyna med sin munns ande og gjera til inkjes ved openberringi i si tilkoma.
9 even he whose coming is according to the working of Satan with all power and signs and lying wonders,
Og hans tilkoma gjeng fyre seg etter Satans kraftige verknad med all kraft og teikn og under av lygni,
10 and with all deception of wickedness for those who are being lost, because they didn’t receive the love of the truth, that they might be saved.
og med all dåring av urettferdi for deim som vert fortapte, av di dei ikkje tok imot kjærleik til sanningi, so dei kunde verta frelste.
11 Because of this, God sends them a powerful delusion, that they should believe a lie,
Og difor sender Gud deim kraftig villfaring, so dei trur lygni,
12 that they all might be judged who didn’t believe the truth, but had pleasure in unrighteousness.
so alle dei skal verta dømde, som ikkje hev havt tru til sanningi, men havt hugnad i urettferdi.
13 But we are bound to always give thanks to God for you, brothers loved by the Lord, because God chose you from the beginning for salvation through sanctification of the Spirit and belief in the truth,
Men me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som er elska av Herren, for di Gud frå upphavet tok dykk ut til frelsa ved helging av Anden og tru på sanningi,
14 to which he called you through our Good News, for the obtaining of the glory of our Lord Jesus Christ.
som han kalla dykk til ved vårt evangelium, til å vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15 So then, brothers, stand firm and hold the traditions which you were taught by us, whether by word or by letter.
Difor, brør, stat traust og hald fast ved dei lærdomar som de hev lært anten ved vår tale eller ved brev frå oss!
16 Now our Lord Jesus Christ himself, and God our Father, who loved us and gave us eternal comfort and good hope through grace, (aiōnios g166)
Men han vår Herre Jesus Kristus, og Gud, vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde, (aiōnios g166)
17 comfort your hearts and establish you in every good work and word.
han trøyste dykkar hjarto og styrkje dykk i all god gjerning og tale!

< 2 Thessalonians 2 >