< 2 Chronicles 10 >
1 Rehoboam went to Shechem, for all Israel had come to Shechem to make him king.
Rehabeam for til Sikem, for heile Israel var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
2 When Jeroboam the son of Nebat heard of it (for he was in Egypt, where he had fled from the presence of King Solomon), Jeroboam returned out of Egypt.
Men då Jeroboam Nebatsson frette det - han var i Egyptarland og hadde rømt dit for kong Salomo - då snudde han heim att frå Egyptarland.
3 They sent and called him; and Jeroboam and all Israel came, and they spoke to Rehoboam, saying,
Då sende dei bod og kalla honom; og Jeroboam og heile Israel kom. Og dei sagde til Rehabeam:
4 “Your father made our yoke grievous. Now therefore make the grievous service of your father and his heavy yoke which he put on us, lighter, and we will serve you.”
«Far lagde på oss eit hardt ok; men vil no du letta på det harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so skal me tena deg.»
5 He said to them, “Come again to me after three days.” So the people departed.
Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar, og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
6 King Rehoboam took counsel with the old men, who had stood before Solomon his father while he yet lived, saying, “What counsel do you give me about how to answer these people?”
Då rådførte kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de til å gjeva dette folket?»
7 They spoke to him, saying, “If you are kind to these people, please them, and speak good words to them, then they will be your servants forever.”
Dei svara honom: «Vil du vera venleg mot dette folket i dag og syna deg nådig imot deim og gjeva deim eit venlegt svar, då vil dei vera dine tenarar for alle tider.»
8 But he abandoned the counsel of the old men which they had given him, and took counsel with the young men who had grown up with him, who stood before him.
Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom, men rådførde seg med dei unge som var uppvaksne i lag med honom og stod i hans tenesta.
9 He said to them, “What counsel do you give, that we may give an answer to these people, who have spoken to me, saying, ‘Make the yoke that your father put on us lighter’?”
Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket, som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
10 The young men who had grown up with him spoke to him, saying, “Thus you shall tell the people who spoke to you, saying, ‘Your father made our yoke heavy, but make it lighter on us;’ thus you shall say to them, ‘My little finger is thicker than my father’s waist.
Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far lagde eit tung ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - so skal du segja til deim: «Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmarne åt far min.
11 Now whereas my father burdened you with a heavy yoke, I will add to your yoke. My father chastised you with whips, but I will chastise you with scorpions.’”
Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»»
12 So Jeroboam and all the people came to Rehoboam the third day, as the king asked, saying, “Come to me again the third day.”
So kom Jeroboam med heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom til meg att tridje dagen!»
13 The king answered them roughly; and King Rehoboam abandoned the counsel of the old men,
Då gav kongen folket eit hardt svar, for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom;
14 and spoke to them after the counsel of the young men, saying, “My father made your yoke heavy, but I will add to it. My father chastised you with whips, but I will chastise you with scorpions.”
etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt åk på dykk, so skal eg gjera det endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»
15 So the king didn’t listen to the people; for it was brought about by God, that the LORD might establish his word, which he spoke by Ahijah the Shilonite to Jeroboam the son of Nebat.
Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.
16 When all Israel saw that the king didn’t listen to them, the people answered the king, saying, “What portion do we have in David? We don’t have an inheritance in the son of Jesse! Every man to your tents, Israel! Now see to your own house, David.” So all Israel departed to their tents.
Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket kongen dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim att, Israel, kvar til si hytta! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So gjekk heile Israel kvar til sitt.
17 But as for the children of Israel who lived in the cities of Judah, Rehoboam reigned over them.
Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
18 Then King Rehoboam sent Hadoram, who was over the men subject to forced labour; and the children of Israel stoned him to death with stones. King Rehoboam hurried to get himself up to his chariot, to flee to Jerusalem.
Og då kong Rehabeam sende i veg Hadoram, som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet til deim, då steina Israels-sønerne honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
19 So Israel rebelled against David’s house to this day.
So reiv då Israel seg laus frå Davids hus, og soleis hev det vore til den dag i dag.