< Haggai 1 >

1 In the second year of Darius the king, in the sixth month, in the first day of the month, the LORD’s word came by Haggai the prophet, to Zerubbabel the son of Shealtiel, governor of Judah, and to Joshua the son of Jehozadak, the high priest, saying,
I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson:
2 “This is what the LORD of Armies says: These people say, ‘The time hasn’t yet come, the time for the LORD’s house to be built.’”
So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.»
3 Then the LORD’s word came by Haggai the prophet, saying,
Men so kom Herrens ord ved profeten Haggai:
4 “Is it a time for you yourselves to dwell in your panelled houses, while this house lies waste?
Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
5 Now therefore this is what the LORD of Armies says: ‘Consider your ways.
Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk!
6 You have sown much, and bring in little. You eat, but you don’t have enough. You drink, but you aren’t filled with drink. You clothe yourselves, but no one is warm; and he who earns wages earns wages to put them into a bag with holes in it.’
De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
7 “This is what the LORD of Armies says: ‘Consider your ways.
So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!»
8 Go up to the mountain, bring wood, and build the house. I will take pleasure in it, and I will be glorified,” says the LORD.
Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
9 “You looked for much, and, behold, it came to little; and when you brought it home, I blew it away. Why?” says the LORD of Armies, “Because of my house that lies waste, while each of you is busy with his own house.
De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
10 Therefore for your sake the heavens withhold the dew, and the earth withholds its fruit.
Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
11 I called for a drought on the land, on the mountains, on the grain, on the new wine, on the oil, on that which the ground produces, on men, on livestock, and on all the labour of the hands.”
Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
12 Then Zerubbabel the son of Shealtiel and Joshua the son of Jehozadak, the high priest, with all the remnant of the people, obeyed the LORD their God’s voice, and the words of Haggai the prophet, as the LORD their God had sent him; and the people feared the LORD.
Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren.
13 Then Haggai, the LORD’s messenger, spoke the LORD’s message to the people, saying, “I am with you,” says the LORD.
Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
14 The LORD stirred up the spirit of Zerubbabel the son of Shealtiel, governor of Judah, and the spirit of Joshua the son of Jehozadak, the high priest, and the spirit of all the remnant of the people; and they came and worked on the house of the LORD of Armies, their God,
Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud;
15 in the twenty-fourth day of the month, in the sixth month, in the second year of Darius the king.
den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.

< Haggai 1 >