< Matthew 26 >

1 When Jesus had ended all these discourses, He said to His disciples,
Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne:
2 "You know that in two days' time the Passover comes. And the Son of Man will be delivered up to be crucified."
«De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»
3 Then the High Priests and Elders of the People assembled in the court of the palace of the High Priest Caiaphas,
Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -
4 and consulted how to get Jesus into their power by stratagem and put Him to death.
og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel.
5 But they said, "Not during the Festival, lest there be a riot among the people."
«Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.»
6 Now when Jesus was come to Bethany and was at the house of Simon the Leper,
Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,
7 a woman came to Him with a jar of very costly, sweet-scented ointment, which she poured over His head as He reclined at table.
kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.
8 "Why such waste?" indignantly exclaimed the disciples;
Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til?
9 "for this might have been sold for a considerable sum, and the money given to the poor."
Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.»
10 But Jesus heard it, and said to them, "Why are you vexing her? For she has done a most gracious act towards me.
Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.
11 The poor you always have with you, but me you have not always.
Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.
12 In pouring this ointment over me, her object was to prepare me for burial.
Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi.
13 In solemn truth I tell you that wherever in the whole world this Good News shall be proclaimed, this deed of hers shall be spoken of in memory of her."
Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.»
14 At that time one of the Twelve, the one called Judas Iscariot, went to the High Priests
Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne
15 and said, "What are you willing to give me if I betray him to you?" So they weighed out to him thirty shekels,
og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom.
16 and from that moment he was on the look out for an opportunity to betray Him.
Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira.
17 On the first day of the Unleavened Bread the disciples came to Jesus with the question, "Where shall we make preparations for you to eat the Passover?"
Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?»
18 "Go into the city," He replied, "to a certain man, and tell him, 'The Teacher says, My time is close at hand. It is at your house that I shall keep the Passover with my disciples.'"
Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»»
19 The disciples did as Jesus directed them, and got the Passover ready.
Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet.
20 When evening came, He was at table with the twelve disciples,
Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
21 and the meal was proceeding, when Jesus said, "In solemn truth I tell you that one of you will betray me."
Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22 Intensely grieved they began one after another to ask Him, "Can it be I, Master?"
Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?»
23 "The one who has dipped his fingers in the bowl with me," He answered, "is the man who will betray me.
«Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg, » svara Jesus.
24 The Son of Man is indeed going as is written concerning Him; but alas for that man by whom the Son of Man is betrayed! It had been a happy thing for that man if he had never been born."
«Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.»
25 Then Judas, the disciple who was betraying Him, asked, "Can it be I, Rabbi?" "It is you," He replied.
Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv, » svara han.
26 During the meal Jesus took a Passover biscuit, blessed it and broke it. He then gave it to the disciples, saying, "Take this and eat it: it is my body."
Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»
27 And He took the cup and gave thanks, and gave it to them saying, "Drink from it, all of you;
Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle!
28 for this is my blood which is to be poured out for many for the remission of sins--the blood which ratifies the Covenant.
Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne.
29 I tell you that I will never again take the produce of the vine till that day when I shall drink the new wine with you in my Father's Kingdom."
Eg segjer dykk, at heretter skal eg’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.»
30 So they sang the hymn and went out to the Mount of Olives.
Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
31 Then said Jesus, "This night all of you will stumble and fail in your fidelity to me; for it is written, 'I will strike the Shepherd, and the sheep of the flock will be scattered in all directions.'
Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.»
32 But after I have risen to life again I will go before you into Galilee."
Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.»
33 "All may stumble and fail," said Peter, "but I never will."
Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.»
34 "In solemn truth I tell you," replied Jesus, "that this very night, before the cock crows, you will three times disown me."
«Det segjer eg deg for sant, » svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.»
35 "Even if I must die with you," declared Peter, "I will never disown you." In like manner protested all the disciples.
Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne.
36 Then Jesus came with them to a place called Gethsemane. And He said to the disciples, "Sit down here, whilst I go yonder and there pray."
So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!»
37 And He took with Him Peter and the two sons of Zabdi. Then He began to be full of anguish and distress,
Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast.
38 and He said to them, "My soul is crushed with anguish to the very point of death; wait here, and keep awake with me."
So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!»
39 Going forward a short distance He fell on His face and prayed. "My Father," He said, "if it is possible, let this cup pass away from me; nevertheless, not as I will, but as Thou willest."
Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»
40 Then He came to the disciples and found them asleep, and He said to Peter, "Alas, none of you could keep awake with me for even a single hour!
Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de’kje god til å vaka ein time med meg!
41 Keep awake, and pray that you may not enter into temptation: the spirit is right willing, but the body is frail."
Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»
42 Again a second time He went away and prayed, saying, "My Father, if it is impossible for this cup to pass without my drinking it, Thy will be done."
So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!»
43 He came and again found them asleep, for they were very tired.
Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.
44 So He left them, and went away once more and prayed a third time, again using the same words.
Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.
45 Then He came to the disciples and said, "Sleep on and rest. See, the moment is close at hand when the Son of Man is to be betrayed into the hands of sinful men.
So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.
46 Rouse yourselves. Let us be going. My betrayer is close at hand."
Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.»
47 He had scarcely finished speaking when Judas came--one of the Twelve--accompanied by a great crowd of men armed with swords and bludgeons, sent by the High Priests and Elders of the People.
Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne.
48 Now the betrayer had agreed upon a sign with them, to direct them. He had said, "The one whom I kiss is the man: lay hold of him."
Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!»
49 So he went straight to Jesus and said, "Peace to you, Rabbi!" And he kissed Him eagerly.
Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom.
50 "Friend," said Jesus, "carry out your intention." Then they came and laid their hands on Jesus and seized Him firmly.
Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom.
51 But one of those with Jesus drew his sword and struck the High Priest's servant, cutting off his ear.
Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten.
52 "Put back your sword again," said Jesus, "for all who draw the sword shall perish by the sword.
Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.
53 Or do you suppose I cannot entreat my Father and He would instantly send to my help more than twelve legions of angels?
Eller trur du’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar?
54 In that case how are the Scriptures to be fulfilled which declare that thus it must be?"
Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?»
55 Then said Jesus to the crowds, "Have you come out as if to fight with a robber, with swords and bludgeons to apprehend me? Day after day I have been sitting teaching in the Temple, and you did not arrest me.
I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.
56 But all this has taken place in order that the writings of the Prophets may be fulfilled." At this point the disciples all left Him and fled.
Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom.
57 But the officers who had laid hold of Jesus led Him away to Caiaphas the High Priest, at whose house the Scribes and the Elders had assembled.
Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla.
58 And Peter kept following Him at a distance, till he came even to the court of the High Priest's palace, where he entered and sat down among the officers to see the issue.
Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk.
59 Meanwhile the High Priests and the whole Sanhedrin were seeking false testimony against Jesus in order to put Him to death;
Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet;
60 but they could find none, although many false witnesses came forward. At length there came two
men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde:
61 who testified, "This man said, 'I am able to pull down the Sanctuary of God and three days afterwards to build a new one.'"
«Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»»
62 Then the High Priest stood up and asked Him, "Have you no answer to make? What is it these men are saying in evidence against you?"
Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?»
63 Jesus however remained silent. Again the High Priest addressed Him. "In the name of the ever-living God," he said, "I now put you on your oath. Tell us whether you are the Christ, the Son of God."
Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?»
64 "I am He," replied Jesus. "But I tell you that, later on, you will see the Son of Man sitting at the right hand of Omnipotence, and coming on the clouds of the sky."
Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.»
65 Then the High Priest tore his robes and exclaimed, "Impious language! What further need have we of witnesses! See, you have now heard the impiety.
Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.
66 What is your verdict?" "He deserves to die," they replied.
Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy, » svara dei.
67 Then they spat in His face, and struck Him--some with the fist, some with the open hand--
So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar,
68 while they taunted Him, saying, "Christ, prove yourself a Prophet by telling us who it was that struck you."
og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?»
69 Peter meanwhile was sitting outside in the court of the palace, when one of the maidservants came over to him and said, "You too were with Jesus the Galilaean."
Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.»
70 He denied it before them all, saying, "I do not know what you mean."
Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.»
71 Soon afterwards he went out and stood in the gateway, when another girl saw him, and said, addressing the people there, "This man was with Jesus the Nazarene."
So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.»
72 Again he denied it with an oath. "I do not know the man," he said.
Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.»
73 A short time afterwards the people standing there came and said to Peter, "Certainly you too are one of them, for your brogue shows it."
Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.»
74 Then with curses and oaths he declared, "I do not know the man." Immediately a cock crowed,
Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen.
75 and Peter recollected the words of Jesus, how He had said, "Before the cock crows you will three times disown me." And he went out and wept aloud, bitterly.
Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

< Matthew 26 >