< Job 38 >
1 Then the LORD answered Job out of the whirlwind, and said,
Og Herren svara Job or stormen og sagde:
2 Who [is] this that darkeneth counsel by words without knowledge?
«Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?
3 Gird up now thy loins like a man; for I will demand of thee, and answer thou me.
Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar.
4 Where wast thou when I laid the foundations of the earth? declare, if thou hast understanding.
Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev!
5 Who hath laid the measures of it, if thou knowest? or who hath stretched the line upon it?
Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne?
6 Upon what are the foundations of it fastened? or who laid its corner stone;
Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein,
7 When the morning stars sang together, and all the sons of God shouted for joy?
med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song?
8 Or [who] shut up the sea with doors, when it broke forth, [as if] it had issued out of the womb?
Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang?
9 When I made a cloud its garment, and thick darkness a swaddling band for it,
Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt det
10 And broke up for it my decreed [place], and set bars and doors,
då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bom
11 And said, Hitherto shalt thou come, but no further: and here shall thy proud waves be stayed.
og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!»
12 Hast thou commanded the morning since thy days; [and] caused the day-spring to know its place;
Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad,
13 That it might take hold of the ends of earth, that the wicked might be shaken out of it?
so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av?
14 It is turned as clay [to] the seal; and they stand as a garment.
Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad.
15 And from the wicked their light is withheld, and the high arm shall be broken.
Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt.
16 Hast thou entered into the springs of the sea? or hast thou walked in the search of the depth?
Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge?
17 Have the gates of death been opened to thee? or hast thou seen the doors of the shades of death?
Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar?
18 Hast thou perceived the breadth of the earth? declare if thou knowest it all.
Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram!
19 Where [is] the way [where] light dwelleth? and [as for] darkness, where [is] its place,
Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin?
20 That thou shouldest take it to its bound, and that thou shouldest know the paths [to] its house?
So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus.
21 Knowest thou [it], because thou wast then born? or [because] the number of thy days [is] great?
Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort.
22 Hast thou entered into the treasures of the snow? or hast thou seen the treasures of the hail,
Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet,
23 Which I have reserved against the time of trouble, against the day of battle and war?
som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig?
24 By what way is the light parted, [which] scattereth the east wind upon the earth?
Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi?
25 Who hath divided a watercourse for the overflowing of waters, or a way for the lightning of thunder;
Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen,
26 To cause it to rain on the earth, [where] no man [is]; [on] the wilderness in which [there is] no man;
so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur,
27 To satisfy the desolate and waste [ground]; and to cause the bud of the tender herb to spring forth?
til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert?
28 Hath the rain a father? or who hath begotten the drops of the dew?
Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne?
29 Out of whose womb came the ice? and the hoary frost of heaven, who hath gendered it?
Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd,
30 The waters are hid as [with] a stone, and the face of the deep is frozen.
når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til?
31 Canst thou bind the sweet influences of Pleiades, or loose the bands of Orion?
Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion?
32 Canst thou bring forth Mazzaroth in its season? or canst thou guide Arcturus with its sons?
Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar?
33 Knowest thou the ordinances of heaven? canst thou set its dominion on the earth?
Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt?
34 Canst thou lift thy voice to the clouds, that abundance of waters may cover thee?
Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg?
35 Canst thou send lightnings, that they may go, and say to thee, Here we [are]?
Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?»
36 Who hath put wisdom in the inward parts? or who hath given understanding to the heart?
Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi?
37 Who can number the clouds in wisdom? or who can stay the bottles of heaven,
Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut,
38 When the dust groweth into hardness, and the clods cleave fast together?
når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop?
39 Wilt thou hunt the prey for the lion? or fill the appetite of the young lions,
Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette,
40 When they couch in [their] dens, [and] abide in the covert to lie in wait?
medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr?
41 Who provideth for the raven his food? when his young ones cry to God, they wander for want of food.
Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat?