< 2 Samuel 1 >
1 Now it came to pass after the death of Saul, when David had returned from the slaughter of the Amalekites, and David had abode two days in Ziklag;
Saul var dåen, og David var attkomen frå sigeren yver Amalek og hadde halde seg i Siklag tvo dagar.
2 It came even to pass on the third day, that behold, a man came out of the camp from Saul with his clothes rent, and earth upon his head: and [so] it was, when he came to David, that he fell to the earth, and did obeisance.
Då hende det seg tridje dagen at han fekk sjå ein mann kom springande frå Sauls-lægret med sundrivne klæde og mold på hovudet. Då han kom burtåt David, fall han å gruve til jordi.
3 And David said to him, From whence comest thou? And he said to him, Out of the camp of Israel have I escaped.
David spurde honom: «Kvar kjem du ifrå?» Han svara: «Eg hev kome meg undan frå Israels-lægret.»
4 And David said to him, How went the matter? I pray thee, tell me. And he answered, That the people have fled from the battle, and many of the people also have fallen, and are dead; and Saul and Jonathan his son are dead also.
«Kor hev det gjenge?» spurde David, «seg meg det!» Han svara: «Folket rømde frå striden, mange av herfolket fall og døydde; Saul og Jonatan, son hans, er døydde og.»
5 And David said to the young man that told him, How knowest thou that Saul and Jonathan his son are dead?
David spurde sveinen som kom med tidendi: «Kor veit du at Saul og Jonatan, son hans, er daude?»
6 And the young man that told him said, As I happened by chance upon mount Gilboa, behold, Saul leaned upon his spear; and lo, the chariots and horsemen followed hard after him.
Då svara tidendsveinen: «Av eit hende høvde eg til å koma upp på Gilboafjellet og fekk sjå Saul studde seg til spjotet sitt, medan stridsvognerne og hestfolket sette inn på honom.
7 And when he looked behind him, he saw me, and called to me. And I answered, Here [am] I.
Han vende seg og såg meg, og ropte på meg, og eg svara ja;
8 And he said to me, Who [art] thou? And I answered him, I [am] an Amalekite.
Han spurde meg kven eg var; eg svara eg var ein amalekit.
9 He said to me again, Stand, I pray thee, upon me, and slay me: for anguish is come upon me, because my life [is] yet whole in me.
So bad han meg: «Kom hit og drep meg! eg hev fenge baneridi, alt med det endå er liv i meg.»
10 So I stood upon him, and slew him, because I was sure that he could not live after that he had fallen: and I took the crown that [was] upon his head, and the bracelet that [was] on his arm, and have brought them hither to my lord.
Eg gjekk då fram og gav honom banestyngen. Eg skyna han kunde ikkje liva når han stupte. Eg tok so hovudgullet og ein armring av honom og bar hit til deg, herre!»
11 Then David took hold on his clothes, and rent them; and likewise all the men that [were] with him:
Då tok David og reiv sund klædi sine. Sameleis gjorde alle fylgjesveinarne hans.
12 And they mourned and wept, and fasted until evening, for Saul and for Jonathan his son, and for the people of the LORD, and for the house of Israel; because they had fallen by the sword.
Dei øya og gret og fasta alt til kvelden, for di Saul og Jonatan, son hans, og Herrens folk og Israels ætt hadde falle for sverd.
13 And David said to the young man that told him, Whence [art] thou? And he answered, I [am] the son of a stranger, an Amalekite.
David spurde tiendsveinen: «Kvar er du ifrå?» Han svara: «Framandmanns son, amalekit er eg.»
14 And David said to him, How wast thou not afraid to stretch forth thy hand to destroy the LORD'S anointed?
Då sagde David med honom: «Kor våga du leggja hand på den som Herren hev salva, og drepe honom?»
15 And David called one of the young men, and said, Go near, [and] fall upon him. And he smote him that he died.
Og David ropa på ein av sveinarne sine og sagde: «Hit, og hogg honom ned!» Og han gav honom banehogg.
16 And David said to him, Thy blood [be] upon thy head; for thy mouth hath testified against thee, saying, I have slain the LORD'S anointed.
«Ditt blod kome yver ditt hovud, » sagde David; «din eigen munn vitna mot deg då du sagde: «Eg hev drepe honom som Herren hadde salva.»»
17 And David lamented with this lamentation over Saul, and over Jonathan his son:
David kvad eit syrgjekvæde yver Saul og Jonatan, son hans
18 (Also he bade them teach the children of Judah [the use of] the bow: behold, [it is] written in the book of Jasher.)
han baud dei skulde læra Juda-borni «Kvædet um bogen», det finst uppskrive i boki åt den rettvise:
19 The beauty of Israel is slain upon thy high places: how are the mighty fallen!
Israels prydnad! drepen ligg du på haugarne dine! Ai ei! falne er kjemporne dine!
20 Tell [it] not in Gath, publish [it] not in the streets of Askelon; lest the daughters of the Philistines rejoice, lest the daughters of the uncircumcised triumph.
Gjet det ikkje i Gat! Lat deim ikkje gleda seg i Askalons-gatorne, so ikkje filistardøtter skal frygda seg og døtter av u-umskorne fegnast!
21 Ye mountains of Gilboa, [let there be] no dew, neither rain upon you, nor fields of offerings: for there the shield of the mighty is vilely cast away, the shield of Saul, [as though he had] not [been] anointed with oil.
Og Gilboafjell! gjev dogg og regn ei må falla på dykk! og ingen åke gro med offergåvor! Der kasta kjemporne skjoldarne frå seg. Skjolden åt Saul - aldri med olje han meir vert smurd!
22 From the blood of the slain, from the fat of the mighty, the bow of Jonathan turned not back, and the sword of Saul returned not empty.
Av bøygde aldri Jonatans boge frå blod åt falne, frå feitta åt kjempor. Og aldri kom sverdet hans Saul kom att med ugjort!
23 Saul and Jonathan [were] lovely and pleasant in their lives, and in their death they were not divided: they were swifter than eagles, they were stronger than lions.
Saul og Jonatan, elska og ljuvlege, uskiljande både i liv og daude! snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor.
24 Ye daughters of Israel, weep over Saul, who clothed you in scarlet, with [other] delights, who put ornaments of gold upon your apparel.
Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk i yndeleg skarlak, han som prydde med gull dykkar klæde!
25 How are the mighty fallen in the midst of the battle! O Jonathan [thou wast] slain in thy high places.
Ai ei! kjemporne fall i striden! Jonatan, drepen ligg han på haugarne dine!
26 I am distressed for thee, my brother Jonathan: very pleasant hast thou been to me: thy love to me was wonderful, passing the love of women.
Sårt eg deg syrgjer, Jonatan, bror min! Utifrå yndeleg var du for meg. Kjærleiken din kjærare var meg enn kvende-elsk.
27 How have the mighty fallen, and the weapons of war perished!
Ai ei! at kjempor fall, og båe strids-sverdi øyddest!