< Psalms 84 >
1 To the chief Musician upon Gittith, A Psalm for the sons of Korah. How amiable are thy tabernacles, O LORD of hosts!
Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme. Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott!
2 My soul longeth, and, even fainteth for the courts of the LORD: my heart and my flesh crieth out for the living God.
Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud.
3 Yea, the sparrow hath found an house, and the swallow a nest for herself, where she may lay her young, even thy altars, O LORD of hosts, my King, and my God.
Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud!
4 Blessed are they that dwell in thy house: they will be still praising thee. (Selah)
Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. (Sela)
5 Blessed is the man whose strength is in thee; in whose heart are the ways of them.
Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar.
6 Who passing through the valley of Baca make it a well; the rain also filleth the pools.
Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom.
7 They go from strength to strength, every one of them in Zion appeareth before God.
Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.
8 O LORD God of hosts, hear my prayer: give ear, O God of Jacob. (Selah)
Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! (Sela)
9 Behold, O God our shield, and look upon the face of thy anointed.
Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva!
10 For a day in thy courts is better than a thousand. I had rather be a doorkeeper in the house of my God, than to dwell in the tents of wickedness.
For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa.
11 For the LORD God is a sun and shield: the LORD will give grace and glory: no good will he withhold from them that walk uprightly.
For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld.
12 O LORD of hosts, blessed is the man that trusteth in thee.
Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!