< Leviticus 3 >

1 And if his oblation shall be a sacrifice of peace offering, if he shall offer it of the herd; whether a male or female, he shall offer it without blemish before the LORD.
Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera.
2 And he shall lay his hand upon the head of his offering, and kill it at the door of the tabernacle of the congregation: and Aaron’s sons the priests shall sprinkle the blood around upon the altar.
Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og slagta det i døri til møtetjeldet, og Arons-sønerne, prestarne, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
3 And he shall offer of the sacrifice of the peace offering an offering made by fire to the LORD; the fat that covereth the inwards, and all the fat that is upon the inwards,
So skal han av takkofferet bera fram ei gåva åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen
4 And the two kidneys, and the fat that is on them, which is by the flanks, and the fat above the liver, with the kidneys, it shall he take away.
og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
5 And Aaron’s sons shall burn it on the altar upon the burnt sacrifice, which is upon the wood that is on the fire: it is an offering made by fire, of a sweet savour to the LORD.
og Arons-sønerne skal brenna det på altaret saman med brennofferet, som ligg på veden dei hev lagt på elden; då er det ein rjukande offerrett åt Herren, ein som gjev god ange.
6 And if his offering for a sacrifice of peace offering to the LORD shall be of the flock; male or female, he shall offer it without blemish.
Er det av småfeet han tek det dyret som han vil bera fram for Herren til takkoffer, so kann det vera anten han eller ho, men det skal vera fritt for lyte.
7 If he shall offer a lamb for his offering, then shall he offer it before the LORD.
Vil han ofra ein sau, so skal han leida honom fram for Herrens åsyn.
8 And he shall lay his hand upon the head of his offering, and kill it before the tabernacle of the congregation: and Aaron’s sons shall sprinkle the blood of it around upon the altar.
Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og slagta det framanfor møtetjeldet, og Arons-sønerne skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
9 And he shall offer of the sacrifice of the peace offering an offering made by fire to the LORD; its fat, and the whole rump, that shall he take off close to the backbone; and the fat that covereth the inwards, and all the fat that is upon the inwards,
So skal han av takkofferet bera fram ei gåva for Herren, og det skal vera alt feittet som er på sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er på innvolen,
10 And the two kidneys, and the fat that is upon them, which is by the flanks, and the fat above the liver, with the kidneys, that shall he take away.
og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
11 And the priest shall burn it upon the altar: it is the food of the offering made by fire to the LORD.
og presten skal brenna det på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; det er eit godt offermål for Herren.
12 And if his offering shall be a goat, then he shall offer it before the LORD.
Er det ei geit han vil ofra, so skal han leida henne fram for Herrens åsyn.
13 And he shall lay his hand upon the head of it, and kill it before the tabernacle of the congregation: and the sons of Aaron shall sprinkle its blood around upon the altar.
Han skal leggja handi på hovudet hennar, og slagta henne framanfor møtetjeldet, og Arons-sønerne skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
14 And he shall offer of it his offering, even an offering made by fire to the LORD; the fat that covereth the inwards, and all the fat that is upon the inwards,
So skal han av offeret sitt bera fram ein god rett for Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen
15 And the two kidneys, and the fat that is upon them, which is by the flanks, and the fat above the liver, with the kidneys, that shall he take away.
og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
16 And the priest shall burn them upon the altar: it is the food of the offering made by fire for a sweet savour: all the fat is the LORD’S.
og presten skal brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det ein offerrett som angar godt. Alt feitt høyrer Herren til.
17 It shall be a perpetual statute for your generations throughout all your dwellings, that ye eat neither fat nor blood.
Ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim, at de aldri må eta feitt og blod.»»

< Leviticus 3 >