< Job 33 >
1 Therefore, Job, I pray thee, hear my speeches, and hearken to all my words.
Men høyr no, Job, på talen min, lyd vel på alle mine ord!
2 Behold, now I have opened my mouth, my tongue hath spoken in my mouth.
Sjå eg hev opna mine lippor, og tunga talar i min munn.
3 My words shall be of the uprightness of my heart: and my lips shall utter knowledge clearly.
Frå ærlegt hjarta kjem min tale, rein kunnskap lipporne ber fram.
4 The Spirit of God hath made me, and the breath of the Almighty hath given me life.
Guds ånd er det som meg hev skapt, og Allvalds ande gjev meg liv.
5 If thou canst answer me, set thy words in order before me, take thy stand.
Um du det kann, so gjev meg svar! Væpna deg mot meg, og stig fram!
6 Behold, I am according to thy wish in God’s stead: I also am formed out of the clay.
Eg er din likemann for Gud, eg og av leiret forma er.
7 Behold, my terror shall not make thee afraid, neither shall my hand be heavy upon thee.
Du tarv’kje vera rædd for meg, min trykk skal ikkje tyngja deg.
8 Surely thou hast spoken in my hearing, and I have heard the voice of thy words, saying,
Men du hev sagt for øyro mine - eg høyrde ljoden av ditt ord -:
9 I am clean without transgression, I am innocent; neither is there iniquity in me.
«Eg skuldfri er og utan synd, eg flekkfri er og utan skuld;
10 Behold, he findeth occasions against me, he counteth me for his enemy,
men han fører uvensgrunnar mot meg og held meg for sin fiendsmann;
11 He putteth my feet in the stocks, he marketh all my paths.
han legg i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.»
12 Behold, in this thou art not just: I will answer thee, that God is greater than man.
Men du hev urett, svarar eg; Gud større er enn menneskja.
13 Why dost thou strive against him? for he giveth not account of any of his matters.
Men kvifor vil du klaga på han: Han aldri svarar i sin sak?
14 For God speaketh once, yea twice, yet man perceiveth it not.
På eit vis talar Gud, ja tvo, um enn dei ikkje agtar på det.
15 In a dream, in a vision of the night, when deep sleep falleth upon men, in slumberings upon the bed;
I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei på lægjet ligg og blundar,
16 Then he openeth the ears of men, and sealeth their instruction,
då let han øyro upp på folk, og innsiglar åtvaring til deim,
17 That he may withdraw man from his purpose, and hide pride from man.
for burt frå synd å driva mannen, og rydja ovmod ut or honom
18 He keepeth back his soul from the pit, and his life from perishing by the sword.
og berga sjæli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude.
19 He is chastened also with pain upon his bed, and the multitude of his bones with strong pain:
Han tuktast og med sjukelægje, med stendig uro inn til beini,
20 So that his life abhorreth bread, and his soul dainty food.
hans liv fær mothug imot brød, og sjæli hans mot lostemat.
21 His flesh is consumed away, that it cannot be seen; and his bones that were not seen stick out.
Hans misser holdet, vert usjåleg, og beini morknar, syner ikkje,
22 Yea, his soul draweth near to the grave, and his life to the destroyers.
og sjæli ned mot gravi lutar, hans liv mot daude-englarne.
23 If there is a messenger with him, an interpreter, one among a thousand, to show to man his uprightness:
Er det då yver han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som lærer mannen um hans plikt,
24 Then he is gracious to him, and saith, Deliver him from going down to the pit: I have found a ransom.
Han ynkast yver han og segjer: «Frels honom frå i grav å ganga! Eg hev ei løysepening funne.»
25 His flesh shall be fresher than a child’s: he shall return to the days of his youth:
Hans likam skal av helsa bløma, sin ungdom skal han atter få.
26 He shall pray to God, and he will be favourable to him: and he shall see his face with joy: for he will render to man his righteousness.
Han bed til Gud og nåde fær, so han hans åsyn ser med jubel. Og so fær mannen att si rettferd.
27 He looketh upon men, and if any shall say, I have sinned, and perverted that which was right, and it profited me not;
Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev’kje fenge lika for det;
28 He will deliver his soul from going into the pit, and his life shall see the light.
mi sjæl frå gravi berga han, med gleda fær eg ljoset sjå.»
29 Lo, all these things God often worketh with man,
Og sjå: alt dette gjerer Gud tvo gonger, ja tri gong’ mot mannen,
30 To bring back his soul from the pit, to be enlightened with the light of the living.
og ber hans sjæl frå gravi burt, so livsens ljos kann lysa for han.
31 Mark well, O Job, hearken to me: hold thy peace, and I will speak.
So gjev no gaum og høyr meg, Job, ver tagall du, so eg kann tala!
32 If thou hast any thing to say, answer me: speak, for I desire to justify thee.
Um du hev ord, so gjev meg svar! Tala, eg gjev deg gjerne rett.
33 If not, hearken to me: hold thy peace, and I shall teach thee wisdom.
I anna fall so høyr på meg, teg medan eg deg visdom lærer!»