< Isaiah 38 >

1 In those days was Hezekiah sick and near death. And Isaiah the prophet the son of Amoz came to him, and said to him, Thus saith the LORD, Set thy house in order: for thou shalt die, and not live.
I dei dagarne lagdes Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren: «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»
2 Then Hezekiah turned his face toward the wall, and prayed to the LORD,
Då snudde Hizkia seg mot veggen og bad til Herren:
3 And said, Remember now, O LORD, I beseech thee, how I have walked before thee in truth and with a perfect heart, and have done that which is good in thy sight. And Hezekiah wept bitterly.
«Å Herre! kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.
4 Then came the word of the LORD to Isaiah, saying,
Då kom Herrens ord til Jesaja soleis:
5 Go, and say to Hezekiah, Thus saith the LORD, the God of David thy father, I have heard thy prayer, I have seen thy tears: behold, I will add to thy days fifteen years.
«Gakk og seg til Hizkia: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårorne dine. Sjå, eg aukar alderen din med femtan år.
6 And I will deliver thee and this city from the hand of the king of Assyria: and I will defend this city.
Or handi på assyrarkongen bergar eg deg og denne byen; ja, eg vernar denne byen.
7 And this shall be a sign to thee from the LORD, that the LORD will do this thing that he hath spoken;
Og dette gjev Herren deg til merke på at Herren heldt det han hev lova:
8 Behold, I will bring again the shadow of the degrees, which hath gone down on the sun dial of Ahaz, ten degrees backward. So the sun returned ten degrees, by which degrees it had gone down.
Sjå, eg let skuggen på solskiva, som med soli hev gjenge ned på solskiva åt Ahaz, ganga ti strik attende.»» Og soli gjekk attende ti av dei striki ho hadde gjenge ned.
9 The writing of Hezekiah king of Judah, when he had been sick, and had recovered from his sickness:
Ein skrift av Hizkia, kongen i Juda, då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:
10 I said in the cutting off of my days, I shall go to the gates of the grave: I am deprived of the rest of my years. (Sheol h7585)
«Eg sagde: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportarne; eg lyt bøta med resten av åri mine. (Sheol h7585)
11 I said, I shall not see the LORD, even the LORD, in the land of the living: I shall behold man no more with the inhabitants of the world.
Eg sagde: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei livande; eg fær ikkje skoda menneskje meir millom deim som bur i stilla.
12 My age hath departed, and is removed from me as a shepherd’s tent: I have cut off like a weaver my life: he will cut me off with pining sickness: from day even to night wilt thou make an end of me.
Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld. Eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar; frå varpet skjer han meg av; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.
13 I reckoned till morning, that, as a lion, so will he break all my bones: from day even to night wilt thou make an end of me.
Eg roa meg alt til morgons; som ei løva, so bryt han alle mine bein; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.
14 Like a crane or a swallow, so I chattered: I mourned as a dove: my eyes fail with looking upward: O LORD, I am oppressed; undertake for me.
Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimt såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!
15 What shall I say? he hath both spoken to me, and himself hath done it: I shall go softly all my years in the bitterness of my soul.
Kva skal eg segja? Han hev meg sagt det, og han hev gjort det. Stilt vil eg ferdast alle mine år for all mi sjælekvida.
16 O Lord, by these things men live, and in all these things is the life of my spirit: so wilt thou restore me, and make me to live.
Herre, dei er til liv, og dei held uppe alt liv i mi ånd. So gjer meg då frisk og lat meg liva!
17 Behold, for peace I had great bitterness: but thou hast in love to my soul delivered it from the pit of corruption: for thou hast cast all my sins behind thy back.
Det beiske, det beiske vart meg til fred, og du drog kjærleg mi sjæl or tyningsgravi; for du kasta bak din rygg alle synderne mine.
18 For the grave cannot praise thee, death can not celebrate thee: they that go down into the pit cannot hope for thy truth. (Sheol h7585)
For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi på truskapen din. (Sheol h7585)
19 The living, the living, he shall praise thee, as I do this day: the father to the children shall make known thy truth.
Den livande, den livande, han prisar deg liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.
20 The LORD was ready to save me: therefore we will sing my songs to the stringed instruments all the days of our life in the house of the LORD.
Herren vil frelsa meg, og på strengleikar vil me leika alle våre livedagar i Herrens hus.»
21 For Isaiah had said, Let them take a lump of figs, and lay it for a plaster upon the boil, and he shall recover.
Jesaja sagde dei skulde taka ei fikekaka og leggja til plåster på svullen, so han skulde friskna til att.
22 Hezekiah also had said, What is the sign that I shall go up to the house of the LORD?
Hizkia sagde: «Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?»

< Isaiah 38 >