< Genesis 32 >
1 And Jacob went on his way, and the angels of God met him.
Og Jakob for sin veg framigjenom, og Guds englar møtte honom.
2 And when Jacob saw them, he said, This is God’s host: and he called the name of that place Mahanaim.
Då Jakob såg deim, sagde han: «Dette er Guds herlæger, » og han kalla den staden Mahanajim.
3 And Jacob sent messengers before him to Esau his brother to the land of Seir, the country of Edom.
Og Jakob sende folk fyre seg til Se’irlandet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin.
4 And he commanded them, saying, Thus shall ye speak to my lord Esau; Thy servant Jacob saith thus, I have sojourned with Laban, and stayed there till now:
Og han sagde deim fyre: «So skal de segja med herren min, Esau: «So segjer Jakob, tenaren din: «Eg hev halde til hjå Laban, og trøytt der til no.
5 And I have oxen, and donkeys, flocks, and male and female servants: and I have sent to tell my lord, that I may find grace in thy sight.
Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drengjer og gjentor, og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.»»»
6 And the messengers returned to Jacob, saying, We came to thy brother Esau, and also he is coming to meet thee, and four hundred men with him.
Og dei kom attende til Jakob og sagde: «Me råka Esau, bror din, og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med honom.»
7 Then Jacob was greatly afraid and distressed: and he divided the people that were with him, and the flocks, and herds, and camels, into two bands;
Då vart Jakob ovleg rædd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med honom, og sauerne og nauti og kamelarne, i tvo hopar,
8 And said, If Esau shall come to the one company, and smite it, then the other company which is left shall escape.
og sagde: «Um Esau kjem yver den eine hopen og slær honom ned, so kann den hopen som att er, få berga seg undan.»
9 And Jacob said, O God of my father Abraham, and God of my father Isaac, the LORD who saidst to me, Return to thy country, and to thy kindred, and I will deal well with thee:
Og Jakob sagde: «Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sagde til meg: «Far attende til landet ditt og fødesheimen din, og eg skal gjera vel imot deg» -
10 I am not worthy of the least of all the mercies, and of all the truth, which thou hast shown to thy servant; for with my staff I passed over this Jordan; and now I am become two bands.
eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og no er eg vorten til tvo store hopar.
11 Deliver me, I pray thee, from the hand of my brother, from the hand of Esau: for I fear him, lest he will come and smite me, and the mother with the children.
Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so rædd honom; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
12 And thou saidst, I will surely do thee good, and make thy seed as the sand of the sea, which cannot be numbered for multitude.
Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»»
13 And he lodged there that same night; and took of that which came to his hand a present for Esau his brother;
So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin:
14 Two hundred female goats, and twenty male goats, two hundred ewes, and twenty rams,
tvo hundrad geiter og tjuge bukkar, tvo hundrad søyor og tjuge verar,
15 Thirty milk camels with their colts, forty cows, and ten bulls, twenty female donkeys, and ten foals.
tretti mjølkekamelar med fyli deira, fyrti kvigor og ti vetrungsuksar, tjuge asenfyljur og ti asenfolar.
16 And he delivered them into the hand of his servants, every drove by themselves; and said to his servants, Pass over before me, and put a space between drove and drove.
Og han let drengjerne sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sagde med deim: «Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift!»
17 And he commanded the foremost, saying, When Esau my brother meeteth thee, and asketh thee, saying, Whose art thou? and where goest thou? and whose are these before thee?
So sagde han med den fyrste av deim: «Når Esau, bror min, møter deg, og han talar til deg og spør: «Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen, som du driv?»
18 Then thou shalt say, They are thy servant Jacob’s; it is a present sent to my lord Esau: and, behold, also he is behind us.
då skal du segja: «Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter.»»
19 And so he commanded the second, and the third, and all that followed the droves, saying, In this manner shall ye speak to Esau, when ye find him.
Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane, og sagde: «De som eg no hev sagt, skal de segja med Esau, når de møter honom.
20 And say ye moreover, Behold, thy servant Jacob is behind us. For he said, I will appease him with the present that goeth before me, and afterward I will see his face; perhaps he will accept of me.
Og dette skal de og segja: «Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.»» For han tenkte: «Eg vil blidka honom med denne gåva, som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå honom i andlitet; kann henda han då tek vel imot meg.»
21 So the present went over before him: and he himself lodged that night in the company.
So for dei fyre med gåva, og sjølv var han i lægret den natti.
22 And he arose that night, and took his two wives, and his two female servants, and his eleven sons, and passed over the ford Jabbok.
Same natti reis han upp, og tok båe konorne og båe ternorne sine og alle dei elleve sønerne sine og gjekk yver Jabbokvadet.
23 And he took them, and sent them over the brook, and sent over that which he had.
Han tok og flutte deim yver åi, og alt han åtte, førde han yver.
24 And Jacob was left alone; and there wrestled a man with him until the breaking of the day.
So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med honom radt til i dagingi.
25 And when he saw that he prevailed not against him, he touched the hollow of his thigh; and the hollow of Jacob’s thigh was out of joint, as he wrestled with him.
Og då han såg at han ikkje kunde råda med honom, snart han mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst.
26 And he said, Let me go, for the day breaketh. And he said, I will not let thee go, except thou bless me.
Og han sagde: «Slepp meg, for no er det dagen.» Men Jakob sagde: «Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.»
27 And he said to him, What is thy name? And he said, Jacob.
«Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob, » svara han.
28 And he said, Thy name shall be called no more Jacob, but Israel: for as a prince hast thou power with God and with men, and hast prevailed.
Då sagde mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menner, og vunne.»
29 And Jacob asked him, and said, Tell me, I pray thee, thy name. And he said, why is it that thou dost ask after my name? And he blessed him there.
Og Jakob spurde honom og sagde: «Kjære deg, seg meg namnet ditt!» Men han svara: «Kvi spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna honom der.
30 And Jacob called the name of the place Peniel: for I have seen God face to face, and my life is preserved.
Og Jakob kalla den staden Peniel; «for eg hev set Gud, andlit mot andlit, » sagde han, «og endå berga livet.»
31 And as he passed over Penuel the sun rose upon him, and he limped upon his thigh.
Og med same han var komen framum Penuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi.
32 Therefore the children of Israel eat not of the sinew which shrank, which is upon the hollow of the thigh, to this day: because he touched the hollow of Jacob’s thigh in the sinew that shrank.
Difor er det so den dag i dag, at Israels-sønerne aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han snart mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.