< 1 Samuel 20 >

1 And David fled from Naioth in Ramah, and came and said before Jonathan, What have I done? what is my iniquity? and what is my sin before thy father, that he seeketh my life?
David rømde frå Nevajot ved Rama, og kom til Jonatan og sagde: «Kva hev eg gjort? Kva ugjerning og kva synd hev eg gjort far din, etter di han vil taka livet av meg?»
2 And he said to him, Far be it from thee; thou shalt not die: behold, my father will do nothing either great or small, but that he will show it to me: and why should my father hide this thing from me? it is not so.
Han svara honom: «Aldri i verdi skal du døy! Sjå far gjer aldri noko, anten smått eller stort, utan han let meg vita det. Kvifor skulde då far løyna dette for meg? Det er ikkje so!»
3 And David swore moreover, and said, Thy father certainly knoweth that I have found grace in thy eyes; and he saith, Let not Jonathan know this, lest he should be grieved: but truly as the LORD liveth, and as thy soul liveth, there is but a step between me and death.
Men David gjorde eid på det: «Far din veit alt for vel at du hev fenge godvilje for meg. Difor tenkjer han: «Lat ikkje Jonatan få greida på dette! elles fær han sorg.» Men so sant Herren liver, og so sant du sjølv liver: det er berre eit stig millom meg og dauden.»
4 Then said Jonathan to David, Whatever thy soul desireth, I will even do it for thee.
Då sagde Jonatan med David: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg?»
5 And David said to Jonathan, Behold, to morrow is the new moon, and I should not fail to sit with the king at the table: but let me go, that I may hide myself in the field to the third day at evening.
David svara: «I morgon er det nymåne. Eg skulde då sitja til bords med kongen. Lat meg no ganga og løyna meg ute på marki til i yvermorgon kveld.
6 If thy father shall at all miss me, then say, David earnestly asked leave of me that he might run to Bethlehem his city: for there is a yearly sacrifice there for all the family.
Skulde då far din sakna meg, so seg: «David nidbad meg um løyve til å springa heim til Betlehem, der som heile ætti no ber fram det årlege slagtofferet sitt.»
7 If he shall say thus, It is well; thy servant shall have peace: but if he shall be very angry, then be sure that evil is determined by him.
Segjer han då: «Det er vel!» so kann tenaren din vera trygg. Men kjem sinnet yver honom, so skynar du han er fast meint på eitkvart ilt.
8 Therefore thou shalt deal kindly with thy servant; for thou hast brought thy servant into a covenant of the LORD with thee: however, if there is in me iniquity, slay me thyself; for why shouldest thou bring me to thy father?
Syn då godvilje mot tenaren din, sidan du hev late tenaren din gjera fostbrorlag med meg for Herren! Finst det nokor ugjerning eg hev gjort, so drep du meg! Kvifor skulde du føra meg til far din?»
9 And Jonathan said, Far be it from thee: for if I knew certainly that evil is determined by my father to come upon thee, then would not I tell it thee?
Då svara Jonatan: «Aldri i verdi! Skynar eg klårt at far vil deg eitkvart ilt, so skal eg sanneleg segja deg det.»
10 Then said David to Jonathan, Who shall tell me? or what if thy father shall answer thee roughly?
Då spurde David: «Kven skal no lata meg vita dette, um far din gjev deg eit hardt svar?»
11 And Jonathan said to David, Come, and let us go out into the field. And they went out both of them into the field.
Jonatan svara: «Kom, lat oss ganga ut på marki!» Og dei gjekk båe ut på marki.
12 And Jonathan said to David, O LORD God of Israel, when I have sounded my father about to morrow any time, or the third day, and, behold, if there be good toward David, and I then send not to thee, and show it thee;
Og Jonatan sagde med David: «Vitne er Herren, Israels Gud: når eg i morgon eller i yvermorgon ved denne tid røynar ut huglaget til far, og finn at det læt godt for David, so skal eg sanneleg senda bod til deg og lata deg vita det.
13 The LORD do so and much more to Jonathan: but if it shall please my father to do thee evil, then I will show it to thee, and send thee away, that thou mayest go in peace: and the LORD be with thee, as he hath been with my father.
Herren lata Jonatan bøta for det no og sidan: um far kjem på å gjera deg noko ilt, so let eg deg vita deg, og hjelper deg til å koma undan, so du kann fara din veg i fred. Og Herren vere med deg, som han hev vore med far!
14 And thou shalt not only while yet I live show me the kindness of the LORD, that I may not die:
Og vil so du, um eg endå liver, vil du so ikkje syna Herrens godvilje mot meg, so eg slepp lata livet?
15 But also thou shalt not withdraw thy kindness from my house for ever: no, not when the LORD hath cut off the enemies of David every one from the face of the earth.
Aldri i æva vil du vel taka godviljen burt frå ætti mi, jamvel når Herren tek alle uvenerne åt David burt frå jordi.»
16 So Jonathan made a covenant with the house of David, saying, Let the LORD even require it at the hand of David’s enemies.
So gjorde Jonatan ei pakt med Davids hus og sagde: «Herren take hemn yver uvenerne åt David!»
17 And Jonathan caused David to swear again, because he loved him: for he loved him as he loved his own soul.
Og Jonatan tok David i eid endå ein gong ved sin kjærleik til honom; for han elska honom som han elska si eigi sjæl.
18 Then Jonathan said to David, To morrow is the new moon: and thou shalt be missed, because thy seat will be empty.
Jonatan sagde til honom: «I morgon er det nymåne. Då vert du sakna, av di sessen din kjem til å sakna deg.
19 And when thou hast stayed three days, then thou shalt go down quickly, and come to the place where thou didst hide thyself when the business was in hand, and shalt remain by the stone Ezel.
I yvermorgon skal du skunda deg ned til løynstaden din, der du løynde deg den dagen det du veit skulde gjerast; og haldt deg attmed Burtferd-steinen.
20 And I will shoot three arrows on the side of it, as though I shot at a mark.
Eg vil då vera i nærleiken og skjota til måls med tri piler.
21 And, behold, I will send a lad, saying, Go, find the arrows. If I expressly say to the lad, Behold, the arrows are on this side of thee, take them; then come thou: for there is peace to thee, and no hurt; as the LORD liveth.
So sender eg sveinen min av stad til å leita upp pilerne. Brukar eg då desse ordi til sveinen: «Sjå pilerne ligg på denne sida, tak deim!» - so kann du koma fram; for då er det ingen fåre for deg og ingen ting i vegen, so sant Herren liver.
22 But if I say thus to the young man, Behold, the arrows are beyond thee; go thy way: for the LORD hath sent thee away.
Men segjer eg til guten: «Sjå pilerne ligg lenger burte!» so far din veg! for då sender Herren deg burt.
23 And as to the matter which thou and I have spoken of, behold, the LORD be between thee and me for ever.
Til æveleg tid er Herren vitne til det ordet eg og du hev tala saman.»
24 So David hid himself in the field: and when the new moon had come, the king sat down to eat food.
So løynde David seg ute på marki. Då nymånedagen kom, sette kongen seg til bords til å eta.
25 And the king sat upon his seat, as at other times, even upon a seat by the wall: and Jonathan arose, and Abner sat by Saul’s side, and David’s place was empty.
Kongen sat på sin vanlege sess, høgsætet attmed veggen; Jonatan stod upp, og Abner sat ved sida av Saul. Men sessen åt David var tom.
26 Nevertheless Saul spoke not any thing that day: for he thought, Something hath befallen him, he is not clean; surely he is not clean.
Saul gat ingen ting den dagen; for han tenkte: «Det hev vel hendt honom noko, so han ikkje er rein, av di han endå ikkje hev reinsa seg.»
27 And it came to pass on the next day, which was the second day of the month, that David’s place was empty: and Saul said to Jonathan his son, Why cometh not the son of Jesse to eat, neither yesterday, nor to day?
Men då sessen åt David stod tomt ogso næste dag, dagen etter nymånedagen, spurde Saul Jonatan, son sin: «Kvi hev ikkje Isaisonen kome til bords antan i går eller i dag?»
28 And Jonathan answered Saul, David earnestly asked leave of me to go to Bethlehem:
Jonatan svara Saul: «David nidbad meg um løyve til å fara åt Betlehem;
29 And he said, Let me go, I pray thee; for our family hath a sacrifice in the city; and my brother, he hath commanded me to be there: and now, if I have found favour in thy eyes, let me get away, I pray thee, and see my brethren. Therefore he cometh not to the king’s table.
han sagde: «Lat meg fara, for me held offerfest heile ætti der i byen, og bror min hev sjølv bode meg koma; held du aldri so lite av meg, so lat meg få lov å fara heim so eg kann vitja brørne mine!» Difor kjem han ikkje til kongsbordet.»
30 Then Saul’s anger was kindled against Jonathan, and he said to him, Thou son of the perverse rebellious woman, do not I know that thou hast chosen the son of Jesse to thy own shame, and to the shame of thy mother’s nakedness?
Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sagde til honom: «Du son til ei treisk og rangsnudd kvinna! Visste eg ikkje at du hev huglagt Isaisonen, til skjemsla for deg sjølv, og til skjemsla for blygsli åt mor di!
31 For as long as the son of Jesse liveth upon the earth, thou shalt not be established, nor thy kingdom. Therefore now send and bring him to me, for he shall surely die.
So lenge Isaisonen liver, stend både du og kongedømet ditt på utrygg grunn. Send difor bod og henta honom til meg! for han skal vera feig.»
32 And Jonathan answered Saul his father, and said to him, Why shall he be slain? what hath he done?
Jonatan svara Saul, far sin: «Kvifor skal han lata livet? Kva hev han gjort?»
33 And Saul cast a javelin at him to smite him: by which Jonathan knew that it was determined by his father to slay David.
Då kasta Saul spjotet imot honom, og vilde drepa honom. No skyna Jonatan at far hans var fast meint på å drepa David.
34 So Jonathan arose from the table in fierce anger, and ate no food the second day of the month: for he was grieved for David, because his father had done him shame.
Jonatan reis upp frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje matbiten denne andre nymånedagen; for han syrgde sårt yver David, av di far hans hadde svivyrdt honom.
35 And it came to pass in the morning, that Jonathan went out into the field at the time appointed with David, and a little lad with him.
Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marki den tid han hadde avtala med David; og ein liten svein var med honom.
36 And he said to his lad, Run, find now the arrows which I shoot. And as the lad ran, he shot an arrow beyond him.
Han sagde til sveinen: «Spring du og leita etter pilerne som eg skyt!» Medan sveinen sprang av stad, skaut han ut pili framum honom.
37 And when the lad had come to the place of the arrow which Jonathan had shot, Jonathan cried after the lad, and said, Is not the arrow beyond thee?
Då sveinen nådde dit pili låg som Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter sveinen: «Pili ligg då lenger burte!»
38 And Jonathan cried after the lad, Make speed, haste, stay not. And Jonathan’s lad gathered up the arrows, and came to his master.
Framleides ropa Jonatan etter sveinen: «Nøyt deg! skunda deg! statt ikkje der!» Då sanka sveinen åt Jonatan pilerne og bar til husbonden sin.
39 But the lad knew not any thing: only Jonathan and David knew the matter.
Sveinen skyna ingen ting; einast Jonatan og David skyna meiningi.
40 And Jonathan gave his weapons to his lad, and said to him, Go, carry them to the city.
Jonatan gav våpni sine til sveinen som var med honom, og sagde: «Far heim til byen med deim!»
41 And as soon as the lad was gone, David arose out of a place toward the south, and fell on his face to the ground, and bowed himself three times: and they kissed one another, and wept one with another, but David more so.
Då sveinen var faren, reis David upp på sørsida. Han fall å gruve til jordi, og bøygde seg tri gonger. Dei kysste einannan, og gret med einannan. Og David stridgret.
42 And Jonathan said to David, Go in peace, forasmuch as we have sworn both of us in the name of the LORD, saying, The LORD be between me and thee, and between my seed and thy seed for ever. And he arose and departed: and Jonathan went into the city.
Jonatan sagde til David: «Far i fred! Lat det standa med magt det me batt med ein eid i Herrens namn, då me sagde: «Herren skal vere vitne millom meg og deg, og millom mi ætt og di ætt, til æveleg tid!»» So reis David upp og gjekk sin veg. Og Jonatan gjekk heim att til byen.

< 1 Samuel 20 >