< Psalms 19 >

1 For the chief musician. A psalm of David. The heavens declare the glory of God, and the skies make his handiwork known!
Til songmeisteren; ein salme av David. Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.
2 Day after day speech pours out; night after night it reveals knowledge.
Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.
3 There is no speech or spoken words; their voice is not heard.
Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.
4 Yet their words go out over all the earth, and their speech to the end of the world. He has pitched a tent for the sun among them.
Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.
5 The sun is like a bridegroom coming out of his chamber and like a strong man who rejoices when he runs his race.
Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.
6 The sun rises from the one horizon and crosses the sky to the other; nothing escapes its heat.
Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.
7 The law of Yahweh is perfect, restoring the soul; the testimony of Yahweh is reliable, making the simple wise.
Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.
8 The instructions of Yahweh are right, making the heart glad; the commandment of Yahweh is pure, bringing light to the eyes.
Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.
9 The fear of Yahweh is pure, enduring forever; the righteous decrees of Yahweh are true and altogether right!
Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman.
10 They are of greater value than gold, even more than much fine gold; they are sweeter than honey and the dripping honey from the honeycomb.
Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
11 Yes, by them your servant is warned; in obeying them there is great reward.
Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn.
12 Who can discern all his own errors? Cleanse me from hidden faults.
Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!
13 Keep your servant also from arrogant sins; let them not rule over me. Then I will be perfect, and I will be innocent from many transgressions.
Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning.
14 May the words of my mouth and the thoughts of my heart be acceptable in your sight, Yahweh, my rock and my redeemer.
Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!

< Psalms 19 >