< Leviticus 27 >
1 Yahweh spoke to Moses and said,
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 “Speak to the people of Israel and say to them, 'If anyone makes a special vow to Yahweh, use the following valuations.
«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når ein hev lova å vigja seg sjølv eller eit anna menneskje til Herren, og sidan vil løysa seg frå lovnaden med penger, so skal du verdsetja den som er burtlova:
3 Your standard value for a male from twenty to sixty years old must be fifty shekels of silver, after the shekel of the sanctuary.
Verdet på ein mann som er millom tjuge og seksti år, skal vera femti sylvdalar i heilag mynt;
4 For a female of the same ages your standard value must be thirty shekels.
er det eit kvende, so skal du setja verdet til tretti dalar.
5 From five years to twenty years old your standard value for a male must be twenty shekels, and for the female ten shekels.
Eit menneskje som er millom fem år og tjuge år, skal du setja i tjuge dalar dersom det er ein kar, og i ti dalar dersom det er eit kvende.
6 From one month old to five years your standard value for a male must be five shekels of silver, and for a female three shekels of silver.
Er det eit barn millom ein månad og fem år, so skal verdet på ein gut vera fem sylvdalar, og på ei gjenta tri sylvdalar.
7 From sixty years old and up for a male your standard value must be fifteen shekels, and for a female ten shekels.
Deim som er seksti år eller meir, skal du setja i femtan dalar i fall det er menner, og i ti dalar i fall det er kvende.
8 But if the person making the vow cannot pay the standard value, then the person being given must be presented to the priest, and the priest will value that person by the amount the one making the vow is able to afford.
Er nokon so fatig at han ikkje kann greida ut pengarne, so skal dei koma til presten med honom, og presten skal setja verdet etter hans utkoma som gjorde lovnaden.
9 If someone wants to sacrifice an animal to Yahweh, and if Yahweh accepts it, then that animal will be set apart to him.
Er det eit dyr som er burtlova, eit av deim som folk ber fram til offer for Herren, so skal alt ein gjev Herren av slikt, reknast for heilagt.
10 The person must not alter or change such an animal, a good one for a bad one or a bad for a good. If he does at all change one animal for another, then both it and the one for which it is exchanged become holy.
Ein må ikkje byta det um eller gjeva eit anna dyr i staden, korkje eit ringt for eit godt eller eit godt for eit ringt. Byter ein det like vel i eit anna dyr, so skal båe tvo gjelda for heilage.
11 However, if what the person has vowed to give Yahweh is in fact unclean, so that Yahweh will not accept it, then the person must bring the animal to a priest.
Men er det eit ureint dyr, eit av deim ein ikkje kann gjeva Herren i offergåva, so skal det leidast fram for presten,
12 The priest will value it, by the market value of the animal. Whatever value the priest places on the animal, that will be its value.
og presten skal verdsetja det, etter som det er til, godt eller ringt; det som presten set det i, det skal vera prisen på det.
13 If the owner wishes to redeem it, then a fifth of its value is to be added to its redemption price.
Vil eigaren løysa det att, so lyt han leggja femteparten meir enn det er verdsett til.
14 When a man sets apart his house as a holy gift to Yahweh, then the priest will set its value as either good or bad. Whatever the priest values it, so it will be.
Når ein hev lova å vigja huset sitt til Herren, so skal presten verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt, og det som presten set det i, skal gjelda for rette verdet.
15 But if the owner who set apart his home wishes to redeem it, he must add a fifth of its value to its redemption price, and it will belong to him.
Vil den som hev lova burt huset løysa det att, so skal han leggja femteparten yver det verdet; då vert det hans.
16 If a man sets apart some of his own land, then the valuation of it will be in proportion to the amount of seed required to plant it—a homer of barley will be valued at fifty shekels of silver.
Når ein hev lova burt noko av odelsjordi si til Herren, so skal verdet retta seg etter sådmengdi: ein åker på halvtridje tunnesåd bygg skal svara til femti sylvdalar.
17 If he sets apart his field during the year of Jubilee, the valuation of it will stand.
Hev han lova burt jordi alt ifrå jubelåret, so skal det verdet gjelda fullt.
18 But if he sets apart his field after the year of Jubilee, then the priest must calculate the value of the field by the number of years that remain until the next year of Jubilee, and the valuation of it must be reduced.
Men er det etter jubelåret han hev lova henne burt, so skal presten rekna ut verdet etter dei åri som er att til komande jubelår, og prisen skal setjast ned etter måten.
19 If the man who set apart the field wishes to redeem it, then he must add a fifth to the valuation, and it will belong to him.
Hev ein lova Herren eit stykke av jordi si, og sidan vil løysa det, skal han leggja femteparten yver verdet, so skal han få det.
20 If he does not redeem the field, or if he has sold the field to another man, it cannot be redeemed any more.
Løyser han det ikkje, og like vel sel det til ein annan, so kann det ikkje løysast meir;
21 Instead, the field, when it is released in the year of Jubilee, will be a holy gift to Yahweh, like the field that has been completely given to Yahweh. It will belong to the priest.
når då jubelåret kjem, og jordi vert fri, skal ho høyra Herrens heilagdom til, liksom jord som er vigsla; presten skal hava eigedomsretten til henne.
22 If a man sets apart a field that he has bought, but that field is not part of his family's land,
Når ein hev lova Herren eit stykke jord som han hev kjøpt, og som ikkje er hans odel,
23 then the priest will figure the valuation of it up to the year of Jubilee, and the man must pay its value on that day as a holy gift to Yahweh.
so skal presten rekna ut verdet til komande jubelår, og mannen skal greida ut pengarne med det same, og vigja deim åt Herren.
24 In the year of Jubilee, the field will return to the man from whom it was bought, to the land's owner.
I jubelåret fell jordi attende til den han kjøpte av, og som hev odelen.
25 All the valuations must be set by the weight of the sanctuary shekel. Twenty gerahs must be the equivalent of one shekel.
All verdsetjing skal vera i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
26 No one may set apart the firstborn among animals, since the firstborn already belongs to Yahweh; whether ox or sheep, it is Yahweh's.
Det som er frumbore i buskapen, kann ikkje lovast burt; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.
27 If it is an unclean animal, then the owner may buy it back at the valuation of it, and a fifth must be added to that value. If the animal is not redeemed, then it is to be sold at the set value.
Er det ureine dyr, so kann ein løysa deim att etter verdet, men lyt då leggja attåt femteparten; vert dei ikkje attløyste, so kann dei seljast for verdet.
28 But nothing that a man devotes to Yahweh, from all that he has, whether human or animal, or his family land, may be sold or redeemed. Everything that is devoted is very holy to Yahweh.
Det som ein vigslar åt Herren av eigedomen sin, anten det er folk eller fe eller odelsjord, det kann ikkje seljast og ikkje løysast att; alt som er vigsla, er høgheilagt og høyrer Herren til.
29 No ransom may be paid for the person who is devoted for destruction. That person must be put to death.
Ingen mann som er bannstøytt, kann verta attløyst; han lyt lata livet.
30 All the tithe of the land, whether grain grown on the land or fruit from the trees, is Yahweh's. It is holy to Yahweh.
All tiend av jordi, av grøda på marki og av alda på trei, høyrer Herren til, og til Herren skal ho vigjast.
31 If a man redeems any of his tithe, he must add a fifth to its value.
Vil ein løysa att noko av tiendi, skal han leggja femteparten yver verdet.
32 As for every tenth of the herd or the flock, whatever passes under the shepherd's rod, one-tenth must be set apart to Yahweh.
Og av alt bufeet, både stort og smått, alt som kjem under hyrdingstaven, skal tiande kvart dyr vigjast til Herren.
33 The shepherd must not search for the better or the worse animals, and he must not substitute one for another. If he changes it at all, then both it and that for which it is changed will be holy. It cannot be redeemed.'”
Ein skal ikkje sjå etter um det er godt eller ringt, og ikkje byta det um. Vert det bytt i eit anna dyr, so skal dei høyra heilagdomen båe, og kann ikkje verta attløyste.»»
34 These are the commandments that Yahweh gave at Mount Sinai to Moses for the people of Israel.
Dette var dei loverne som Herren gav Moses på Sinaifjellet og baud honom kunngjera for Israels-folket.