< 1 Kings 1 >

1 When King David was old and advanced in years, they covered him with blankets, but he could not keep warm.
Kong David var no gamall og ut i åri komen, og han kunde ikkje halda varmen i seg, endå dei bredde klæde yver honom.
2 So his servants said to him, “Let us look for a young virgin for our master the king. Let her serve the king and take care of him. Let her lie in his arms so that our master the king may keep warm.”
Då sagde tenarane hans til honom: «Ein trong finna ei ung kvinna åt min herre kongen, ei ung møy som kunde vera hjå kongen og vyrdsla honom. Fekk ho liggja i fanget ditt, vart min herre kongen varm.»
3 So they searched for a beautiful girl within all the borders of Israel. They found Abishag the Shunammite and brought her to the king.
So leita dei då i heile Israelslandet etter ei fager gjenta, og dei fann Abisag frå Sunem og for til kongen med henne.
4 The girl was very beautiful. She served the king and took care of him, but the king did not have sexual relations with her.
Det var ei ovende væn gjenta; ho stelte for kongen og tente honom. Men elles hadde ikkje kongen umgjenge med henne.
5 At that time, Adonijah son of Haggith exalted himself, saying, “I will be king.” So he prepared for himself chariots and horsemen with fifty men to run ahead of him.
Men Adonia, som var son åt Haggit, gjorde seg sjølv høg og sagde: «Eg vil vera konge.» Han fekk seg vogner og hestfolk og femti mann som skulde springa fyre honom.
6 His father had never troubled him, saying, “Why have you done this or that?” Adonijah was also a very handsome man, born next after Absalom.
Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom.
7 He conferred with Joab son of Zeruiah and with Abiathar the priest. They followed Adonijah and helped him.
Han gjekk på råd med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei slo lag med Adonia og hjelpte honom.
8 But Zadok the priest, Benaiah son of Jehoiada, Nathan the prophet, Shimei, Rei, and the mighty men who belonged to David did not follow Adonijah.
Presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan, Sime’i og Re’i og stridskjemporne åt David heldt derimot ikkje med Adonia.
9 Adonijah sacrificed sheep, oxen, and fattened calves by the stone of Zoheleth, which is beside En Rogel. He invited all his brothers, the king's sons, and all the men of Judah, the king's servants.
Adonia slagta småfe og uksar og gjødkalvar ved Ormsteinen, som ligg attmed Rogel-kjelda; og han bad til seg dit alle brørne sine, kongssønerne, og alle dei Juda-menner som var i tenesta hjå kongen.
10 But he did not invite Nathan the prophet, Benaiah, the mighty men, or his brother Solomon.
Men profeten Natan og Benaja og stridskjemporne og Salomo, bror sin, bad han ikkje.
11 Then Nathan spoke to Bathsheba the mother of Solomon, saying, “Have you not heard that Adonijah son of Haggith has become king, and David our master does not know it?
Då tala Natan til Batseba, mor åt Salomo, soleis: «Du hev vel høyrt at Adonia, son åt Haggit, er vorten konge utan at vår herre David veit noko det um det?
12 Now therefore let me give you advice, so that you may save your own life and the life of your son Solomon.
No vil eg gjeva deg ei råd, so du kann berga livet for deg sjølv og for Salomo, son din!
13 Go to King David; say to him, 'My master the king, did you not swear to your servant, saying, “Surely Solomon your son will reign after me, and he will sit on my throne?” Why then is Adonijah reigning?'
Gakk inn til kong David og seg til honom: «Herre konge, hev du ikkje lova tenestkvinna di med eid at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i din kongsstol? Kvifor hev då Adonia vorte konge?»
14 While you are there speaking with the king, I will come in after you and confirm your words.”
Og medan du stend der og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna det du segjer.»
15 So Bathsheba went into the king's room. The king was very old, and Abishag the Shunammite was serving the king.
Batseba gjekk då inn i sengromet til kongen. Kongen var mykje gamall no, og Abisag frå Sunem tente honom.
16 Bathsheba bowed and prostrated herself before the king. Then the king said, “What do you desire?”
Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen. Då spurde kongen: «Kva er det du vil?»
17 She said to him, “My master, you swore to your servant by Yahweh your God, saying, 'Surely Solomon your son shall reign after me, and he shall sit on my throne.'
Ho svara honom: «Herre, ved Herren, din Gud, hev du lova tenestkvinna di med eid, at Salomo, son min, skal vera konge etter deg; han skal sitja i kongsstolen din.
18 Now, see, Adonijah is king, and you, my master the king, do not know it.
Men sjå no er Adonia vorten konge, utan at du, herre konge, veit um det.
19 He has sacrificed oxen, fatted calves, and sheep in abundance, and has invited all the sons of the king, Abiathar the priest, and Joab the captain of the army, but he has not invited Solomon your servant.
Han hev slagta uksar og gjødkalvar og småfe i mengd og bede til seg alle kongssønerne og presten Abjatar og herføraren Joab; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede.
20 As for you, my master the king, the eyes of all Israel are on you, waiting for you to tell them who will sit on the throne after you, my master.
Heile Israel vender no augo til deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja i kongsstolen etter dine dagar, herre konge.
21 Otherwise it will happen, when my master the king sleeps with his fathers, that I and my son Solomon will be regarded as criminals.”
Utan kann det henda, at når min herre kongen hev lagt seg til kvile hjå federne sine, so vert eg og Salomo, son min, rekna for brotsmenner.»
22 While she was still speaking with the king, Nathan the prophet came in.
Medan ho endå stod der og tala med kongen, kom profeten Natan.
23 The servants told the king, “Nathan the prophet is here.” When he came in before the king, he prostrated himself before the king with his face to the ground.
Og dei vitra kongen um det og sagde: «Profeten Natan er her.» Han steig fram for kongen og kasta seg å gruve på jordi for honom.
24 Nathan said, “My master the king, have you said, 'Adonijah will reign after me, and he will sit on my throne?'
So sagde Natan: «Herre konge, er det so du hev sagt at Adonia skal verta konge etter deg, at han skal sitja i kongsstolen din?
25 For he has gone down today and sacrificed oxen, fatted calves, and sheep in abundance, and has invited all the king's sons, the captains of the army, and Abiathar the priest. They are eating and drinking before him, and saying, 'Long live King Adonijah!'
Ja, for i dag hev han fare ned og slagta uksar og gjødkalvar og sauer i mengd og hev bede til seg alle kongssønerne og herførarane og presten Abjatar, og no et dei og drikk dei i lag med honom og ropar: «Live kong Adonia!»
26 But as for me, your servant, Zadok the priest, Benaiah son of Jehoiada, and your servant Solomon, he has not invited us.
Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og din tenar Salomo hev han ikkje bede.
27 Has my master the king done this without telling us, your servants, who should sit on the throne after him?”
Kann dette vera gjort etter din vilje, herre konge, utan at du hev late tenarane dine vita kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge?»
28 Then King David answered and said, “Call Bathsheba back to me.” She came into the king's presence and stood before the king.
Då svara kong David og sagde: «Ropa Batseba hit til meg!» Ho steig hitåt, og då ho stod der framfor kongen,
29 The king made an oath and said, “As Yahweh lives, who has redeemed me out of all trouble,
svor kongen og sagde: «So sant Herren liver, han som hev løyst meg or all trengsla:
30 as I vowed to you by Yahweh, the God of Israel, saying, 'Solomon your son will reign after me, and he will sit on my throne in my place,' I will do this today.”
liksom eg fyrr hev svore deg til ved Herren, Israels Gud, og sagt at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja i kongsstolen i min stad, so gjer eg det og i dag.»
31 Then Bathsheba bowed with her face to the ground and prostrated herself before the king and said, “May my master King David live forever!”
Då bøygde Batseba seg med andlitet mot jordi og kasta seg ned for kongen og sagde: «Gjev herren min, kong David, må liva i all æva!»
32 King David said, “Call to me Zadok the priest, Nathan the prophet, and Benaiah son of Jehoiada.” So they came before the king.
Og kong David sagde: «Ropa inn til meg presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason!» Då dei kom fram for kongen,
33 The king said to them, “Take with you the servants of your master, and have Solomon my son ride on my own mule and take him down to Gihon.
sagde kongen til deim: «Tak tenarane åt herren dykkar med dykk og set Salomo, son min, på mitt eige muldyr og far med honom ned til Gihon.
34 Let Zadok the priest and Nathan the prophet anoint him king over Israel and blow the trumpet and say, 'Long live King Solomon!'
Der skal Sadok, presten, og Natan, profeten, salva honom til konge yver Israel, og de skal blåsa i lur og ropa: «Live kong Salomo!»
35 Then you will come up after him, and he will come and sit on my throne; for he will be king in my place. I have appointed him to be ruler over Israel and Judah.”
So skal de fylgja honom upp att, og han skal koma og setja seg i kongsstolen min; og han skal vera konge i min stad. For det er honom eg hev sett til hovding yver Israel og Juda.»
36 Benaiah son of Jehoiada answered the king, and said, “So let it be! May Yahweh, the God of my master the king, confirm it.
Då svara Benaja Jojadason kongen og sagde: «Amen! Må Herren, din Gud, herre konge, segja det same!
37 As Yahweh has been with my master the king, so may he be with Solomon, and make his throne greater than the throne of my master King David.”
Herren vere Salomo som Herren hev vore med deg, herre konge, og gjere hans kongsstol endå veldugare enn kongsstolen til min herre, kong David!»
38 So Zadok the priest, Nathan the prophet, Benaiah son of Jehoiada, and the Kerethites and the Pelethites went down and had Solomon ride upon King David's mule; they brought him to Gihon.
So gjekk då presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason saman med livvakti av og sette Salomo på muldyret åt kong David og for med honom ned til Gihon.
39 Zadok the priest took the horn of oil out of the tent and anointed Solomon. Then they blew the trumpet, and all the people said, “Long live King Solomon!”
Og presten Sadok tok oljehornet or tjeldet og salva Salomo; so blæs dei i lur, og heile lyden ropa: «Live kong Salomo!»
40 Then all the people went up after him, and the people played the flutes and rejoiced with great joy, so that the earth shook with their sound.
Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira.
41 Adonijah and all the guests who were with him heard it as they finished eating. When Joab heard the sound of the trumpet, he said, “Why is there an uproar in the city?”
Men Adonia og alle gjesterne som var hjå honom, høyrde dette nettupp då dei var ferdige med måltidi; og då Joab høyrde lurblåsteren, sagde han: «Kva er dette for glam og ståk i byen?»
42 While he was still speaking, Jonathan son of Abiathar the priest came. Adonijah said, “Come in, for you are a worthy man and bring good news.”
I same stundi kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonia sagde: «Kom hit! du er ein fagnamann, som visst hev eit gledebod å bera.»
43 Jonathan answered and said to Adonijah, “Our master King David has made Solomon the king,
Men Jonatan svara honom: «Å nei då; herren vår, kong David, hev gjort Salomo til konge.
44 and the king has sent with him Zadok the priest, Nathan the prophet, Benaiah son of Jehoiada, and the Kerethites and the Pelethites. They have had Solomon ride on the king's mule.
Kongen sende presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason og livvakti i veg med honom, dei hev sett honom på muldyret åt kongen.
45 Zadok the priest and Nathan the prophet have anointed him king at Gihon, and have come up from there rejoicing, so that the city is in an uproar. This is the noise that you have heard.
So hev presten Sadok og profeten Natan salva honom til konge i Gihon, og med fagnad hev dei fare upp att derifrå, og heile byen er komen på føterne. Det er det ståket de hev høyrt.
46 Also, Solomon is sitting on the throne of the kingdom.
Salomo hev no alt og sett seg i kongsstolen.
47 Moreover, the king's servants came to bless our master King David, saying, 'May your God make the name of Solomon better than your name, and make his throne greater than your throne.' Then the king bowed down on the bed.
Og kongsmennerne er komne og hev ynskt vår herre kong David til lukka og sagt: «Gjev no din Gud vil lata namnet åt Salomo verta endå gjævare enn ditt eige, og kongsstolen hans endå veldugare enn din kongsstol!» Og kongen heldt bøn på lega si.
48 The king also said, 'Blessed be Yahweh, the God of Israel, who has given a person to sit on my throne this day, and that my own eyes should see it.'”
Kongen hev og sagt: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sett ein ettermann i kongsstolen min, so eg kann sjå det med eigne augo!»»
49 Then all the guests of Adonijah were terrified. They stood up and each man went his way.
Då vart alle gjesterne hjå Adonia forstøkte, reis upp og tok ut kvar sin veg.
50 Adonijah was afraid of Solomon and rose up, went, and took hold of the horns of the altar.
Men Adonia ræddast Salomo, so han reis upp og gjekk av og greip um altarhorni.
51 Then it was told Solomon, saying, “See, Adonijah is afraid of King Solomon, for he has laid hold on the horns of the altar, saying, 'Let King Solomon swear to me first that he will not kill his servant with the sword.'”
Og dei vitra Salomo um det og sagde: «Sjå, Adonia ræddast kong Salomo; difor hev han gripe um altarhorni og segjer: «Kong Salomo skal lova meg med eid i dag at han ikkje drep tenaren sin med sverd.»»
52 Solomon said, “If he will show himself a worthy man, not a hair of his will fall to the earth, but if wickedness is found in him, he will die.”
Då sagde Salomo: «Vil han bera seg åt som ein fagnamann, so skal ikkje eit hår av hovudet hans falla til jordi; men syner det seg at han fer med noko vondt, so skal han døy.»
53 So King Solomon sent men, who brought Adonijah down from the altar. He came and bowed down to King Solomon, and Solomon said to him, “Go to your house.”
So sende kong Salomo folk av stad, og dei førde honom ned ifrå altaret; han kom då og kasta seg ned for kong Salomo, og Salomo sagde til honom: «Gakk heim!»

< 1 Kings 1 >