< Genesis 7 >
1 Then Yahweh said to Noah, “I have seen that out of everyone who is now living, you alone always act righteously. So you and all your family go into the boat.
So sagde Herren til Noah: «Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis millom deim som no liver.
2 Take with you seven pairs of every kind of animal that I have said I will accept for sacrifices. Take seven males and seven females. Also take a male and a female from every kind of animal that I have said that I will not accept for sacrifices.
Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho;
3 Also take seven pairs of every kind of bird from all over the earth to keep them alive.
like eins av fuglarne i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi.
4 Do this because seven days from now I will cause rain to fall on the earth. It will rain constantly for 40 days and nights. By doing that, I will destroy everything that I have made that is on the earth.”
For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.»
5 Noah did everything that Yahweh told him to do.
Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sagde honom fyre.
6 Noah was 600 years old when the flood covered the earth.
Noah var seks hundrad år gamall, då storflodi kom med vatn yver jordi.
7 Before it started to rain, Noah and his wife and his sons went into the boat to escape from the flood water.
Då gjekk Noah og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom inn i arki, og berga seg for flaumen.
8 Pairs of animals, those that God said that he would accept for sacrifices and those that he would not accept for sacrifices, and pairs of birds and pairs of all the kinds of creatures that move close to the ground,
Og av dei reine dyri, og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglarne, og av alt det som krelar på marki,
9 males and females, came to Noah and then went into the boat, just as God told Noah that they would do.
kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre.
10 Seven days later, it started to rain and a flood began to cover the earth.
Og det hende, då dei sju dagarne var lidne, då kom vatnet fløymande yver jordi.
11 When Noah was 600 years old, (on the 17th day of the second month [of that year/late in October]), all the water that is under the surface of the earth burst forth, and it began to rain so hard that it was as though a dam [MET] in the sky burst open.
Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp.
12 Rain fell on the earth constantly for 40 days and nights.
Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter.
13 On the day that it started to rain, Noah went into the boat with his wife, and his three sons, Shem, Ham, and Japheth and their wives.
Denne same dagen gjekk Noah, og Sem og Kham og Jafet, sønerne hans Noah, og kona hans Noah, og dei tri sonekonorne hans med deim inn i arki,
14 They had already put in the boat some of every kind of wild animal and every kind of livestock and every kind of bird and every other creature that has wings.
dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som kvitrar, alt som hev vengjor.
15 Pairs of all animals came to Noah and entered the boat.
Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det er livsande i.
16 There was a male and a female of each animal that came to Noah, just as God had said they would do. After they were all in the boat, God shut the door.
Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt honom fyre. Og Herren let att etter honom.
17 It rained for 40 days and nights, and the flood increased. It flooded until the water lifted the boat above the ground.
So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka, og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi.
18 As he water rose higher and higher, the boat floated on the surface of the water.
Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet.
19 The water rose all over the earth until it covered all the mountains.
Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde.
20 Even the highest mountains were covered by more than (20 feet/6 meters) of water.
Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.
21 As a result, every living creature on the surface of the earth died. That included birds and livestock and wild animals and other creatures that scurry across the ground, and all the people.
Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket.
22 On the land, (everything that breathed/every living thing) died.
Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, laut døy.
23 God destroyed every living creature: People and animals and creatures that scurry across the ground and birds. Only Noah and those who were in the boat with him remained alive.
So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglarne i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med honom i arki.
24 The flood remained like that on the earth for 150 days.
Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.