< Psalms 75 >
1 To the Chief Musician. "Do not Destroy." A Melody of Asaph, a Song. We have given thanks unto thee, O God, we have given thanks, And, in calling upon thy Name, men have recounted thy wonders.
Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song. Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.
2 Surely I will take a set time, —I, with equity, will judge:
For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.
3 Earth was melting away with all its inhabitants, I, have fixed the pillars thereof. (Selah)
Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» (Sela)
4 I have said to the boasters, Do not boast, And to the lawless, Do not lift up a horn;
Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!
5 Do not lift up on high your horn, Nor speak of the Rock, with arrogance;
Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»
6 For neither from east nor west, Nor from the wilderness of the mountains [cometh exaltation];
For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -
7 For, God himself, is about to judge, One, he will cast down, Another, he will lift up;
men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.
8 For, a cup, is in the hand of Yahweh, Whose wine is foaming, It is full of spiced wine, Which he hath caused to flow from one to another, —Surely, the dregs thereof, they shall drain out—they shall drink, Even all the lawless ones of the earth.
For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
9 But, I, will exult unto times age-abiding, I will sing praises unto the God of Jacob;
Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud.
10 But, all the horns of the lawless, will I hew off, —Exalted shall be the horns of the Righteous One.
Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.