< 2 Samuel 9 >
1 And David said, Is there yet one left unto the house of Saul, —that I may show him lovingkindness, for the sake of, Jonathan?
David spurte: «Finst det endå att nokon av Sauls hus? Eg vil gjera sælebot mot honom for Jonatans skuld.»
2 Now, unto the house of Saul, belonged a servant, whose name, was Ziba, and, when they had called him unto David, the king said unto him—Art, thou, Ziba? And he said—Thy servant!
Sauls hus åtte ein tenar, Siba heitte han; honom kalla dei til David. Kongen spurde honom: «Er du Siba?» Han svara: «Ja, tenaren din er det.»
3 Then said the king—Is there never a man remaining unto the house of Saul, that I may show him the lovingkindness of God? And Ziba said unto the king, There remaineth a son unto Jonathan, lame in his feet.
Kongen spurde: «Finst det endå att nokon av Sauls hus, som eg kann gjera Guds sælebot mot?» Siba svara kongen: «Det finst endå att ein son åt Jonatan, han er lam på båe føterne.»
4 And the king said to him, Where is he? And Ziba said unto the king, Lo! he, is in the house of Machir son of Ammiel, in Lo-debar.
Kongen spurde: «Kvar er han?» Siba svara: «Han held seg no hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.»
5 Then sent King David, —and fetched him out of the house of Machir son of Ammiel, from Lo-debar.
Kong David sende då bod og henta honom frå Lo-Debar, frå heimen åt Makir Ammielsson.
6 Now, when Mephibosheth, son of Jonathan, son of Saul, came in unto David, he fell on his face and did homage. And David said, Mephibosheth? And he said, Lo! thy servant.
Då Mefiboset, son åt Jonatan Saulsson, kom til David, fall han å gruve og bøygde seg. David sagde: «Mefiboset!» Han svara: «Ja, her er tenaren din.»
7 And David said to him—Do not fear, for I will, indeed shew, thee lovingkindness, for the sake of Jonathan thy father, and will restore unto thee all the land of Saul thy father, —but, thou thyself, shall eat bread at my table, continually.
David trøysta honom: «Ver hugheil; eg vil gjera sælebot mot deg for skuld Jonatan, far din. Eg gjev deg att all jordeigedomen åt Saul, farfar din. Og du skal allstødt eta ved mitt bord.»
8 And he did homage, and said—What is thy servant, —that thou hast turned towards such a dead dog as I?
Då bøygde han seg og sagde: «Kva er eg, tenaren din, at du vendar deg til ein daud hund som meg?»
9 Then the king called for Ziba, Saul’s servant, and said unto him, —All that pertained unto Saul and unto all his house, have I given unto the son of thy lord:
Kongen kalla på Siba, sveinen åt Saul, og gav honom det bodet: «Alt det Saul og ætti hans åtte, gjev eg åt son til herren din.
10 therefore shalt thou till for him the ground, thou, and thy sons, and thy servants, and shalt bring in, so that thy lord’s son may have bread to eat, but, Mephibosheth, thy lord’s son, shall continually eat bread at my table. Now, Ziba, had fifteen sons, and twenty servants.
Du og sønerne dine og tenarane dine skal dyrka og hausta eigedomen hans; og det skal vera til kost og tæring levemåte åt son til herren din. Men sjølv skal Mefiboset, son åt herren din, stødt eta ved mitt bord.» Siba hadde femtan søner og tjuge tenarar.
11 Then said Ziba unto the king, According to all that my lord the king shall command his servant, so, will thy servant do, —but, Mephibosheth, is to eat at the table of David, as one of the sons of the king.
Han svara kongen: «Alt det du, herre konge, byd tenaren din, det skal tenaren din gjera.» «Og Mefiboset skal eta ved mitt bord som ein av kongssønerne.»
12 Now, Mephibosheth, had a little son, whose name, was Micha. And, all that dwelt in the house of Ziba, were servants unto Mephibosheth.
Mefiboset hadde ein liten son, Mika heitte han. Alle som budde i huset åt Siba, vart tenarar for Mefiboset.
13 So, Mephibosheth, dwelt in Jerusalem, for, at the table of the king, continually, had he to eat, —he being lame, in both his feet.
Men sjølv budde Mefiboset i Jerusalem, då han stødt åt ved kongens bord. Han var lam på båe føterne.