< Ezekiel 21 >

1 And the word of the LORD came unto me, saying,
Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
2 Son of man, set thy face toward Jerusalem, and drop [thy word] toward the sanctuaries, and prophesy against the land of Israel;
Menneskjeson! Snu di åsyn mot Jerusalem og preika mot heilagdomarne og spå mot Israelslandet!
3 and say to the land of Israel, Thus saith the LORD: Behold, I am against thee, and will draw forth my sword out of its sheath, and will cut off from thee the righteous and the wicked.
Og du skal segja til Israelslandet: So segjer Herren: Sjå, eg skal finna deg og draga sverdet utor slira og rydja ut or deg rettferdige og ugudleg.
4 Seeing then that I will cut off from thee the righteous and the wicked, therefore shall my sword go forth out of its sheath against all flesh from the south to the north:
Sidan eg vil rydja ut or deg rettferdig og ugudleg, so skal sverdet mitt fara utor slira mot alt kjøt frå sud til nord.
5 and all flesh shall know that I the LORD have drawn forth my sword out of its sheath; it shall not return any more.
Og alt kjøt skal sanna at eg, Herren, hev drege sverdet mitt or slira, det vert innatt-stunge.
6 Sigh therefore, thou son of man; with the breaking of thy loins and with bitterness shalt thou sigh before their eyes.
Og du, menneskjeson, sukka! Du skal sukka framfor augo deira so det knakar i dine lender - i såran sut.
7 And it shall be, when they say unto thee, Wherefore sighest thou? that thou shalt say, Because of the tidings, for it cometh: and every heart shall melt, and all hands shall be feeble, and every spirit shall faint, and all knees shall be weak as water: behold, it cometh, and it shall be done, saith the Lord GOD.
Og når dei då segjer med deg: «Kvifor sukkar du?» då skal du segja: «For ei fretnad; for han kjem. Då vil kvart eit hjarta bråna og alle hender siga, og kvar ei ånd dovna og alle kne verta som vatn. Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren.»
8 And the word of the LORD came unto me, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
9 Son of man, prophesy, and say, Thus saith the LORD: Say, A sword, a sword, it is sharpened, and also furbished:
Menneskjeson! Spå og seg: So segjer Herren: Seg: Eit sverd, eit sverd, kvest, ja, blenkt og.
10 it is sharpened that it may make a slaughter; it is furbished that it may be as lightning: shall we then make mirth? the rod of my son, it contemneth every tree.
Til å halda slagting med er det kvest, og til å blikta som eldingen er det blenkt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt, som vanvyrder alt tre?
11 And it is given to be furbished, that it may be handled: the sword, it is sharpened, yea, it is furbished, to give it into the hand of the slayer.
Og han let det blenkjast til eit handyvle; dette sverdet er kvest og blenkt, med det er etla åt dråpsmanns hand.
12 Cry and howl, son of man: for it is upon my people, it is upon all the princes of Israel: they are delivered over to the sword with my people: smite therefore upon thy thigh.
Ropa og barma deg, menneskjeson! For det er åt mitt folk, det er åt alle fyrstar i Israel; etla åt sverdet er dei med mitt folk. Difor, slå deg på lendi!
13 For there is a trial; and what if even the rod that contemneth shall be no more? saith the Lord GOD.
For prøva er komi, og kven skulde ho råka, um ikkje den ætti som vanvyrder tukt? segjer Herren, Herren.
14 Thou therefore, son of man, prophesy, and smite thine hands together; and let the sword be doubled the third time, the sword of the deadly wounded: it is the sword of the great one that is deadly wounded, which entereth into their chambers.
Og du, menneskjeson! Spå og slå i hop henderne! Tvifelt, ja trifelt kjem sverdet: sverdet til å stinga menner, sverd til å stinga den store, det møter deim alle stader.
15 I have set the point of the sword against all their gates, that their heart may melt, and their stumblings be multiplied: ah! it is made as lightning, it is pointed for slaughter.
Til eit bliktande sverd sette eg det imot alle portarne deira, so hjarto skal bråna og støytesteinarne verta mange. Å, det er gjort til å ljona, kvest til å slagta med.
16 Gather thee together, go to the right; set thyself in array, go to the left; whithersoever thy face is set.
Tak deg på tak, sverd, hogg til høgre! Snu deg, hogg til vinstre! Kvar so eggi di snur!
17 I will also smite mine hands together, and I will satisfy my fury: I the LORD have spoken it.
Då skal eg og slå i hop henderne mine og svala min harm. Eg, Herren, hev tala.
18 The word of the LORD came unto me again, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
19 Also, thou son of man, appoint thee two ways, that the sword of the king of Babylon may come; they twain shall come forth out of one land: and mark out a place, mark it out at the head of the way to the city.
Og du, menneskjeson! Gjer deg tvo vegar som sverdet åt Babel-kongen kann fara fram på! Frå eitt land skal dei ganga ut båe. Laga so til ein vegvisar, laga honom til der vegarne tek av til kvar ein by!
20 Thou shalt appoint a way, for the sword to come to Rabbah of the children of Ammon, and to Judah in Jerusalem the defenced.
Du skal gjera ein veg som sverdet kann fara fram på til Rabba åt Ammons-sønerne, og ein til Juda, inn i Jerusalem, borgbyen.
21 For the king of Babylon stood at the parting of the way, at the head of the two ways, to use divination: he shook the arrows to and fro, he consulted the teraphim, he looked in the liver.
For Babel-kongen stend attmed vegemotet, der som båe vegarne tek til, og driv på med spaning; han rister pilerne, spør husgudarne, skodar på livri.
22 In his right hand was the divination [for] Jerusalem, to set battering rams, to open the mouth in the slaughter, to lift up the voice with shouting, to set battering rams against the gates, to cast up mounts, to build forts.
I høgre handi fær han luten «Jerusalem», at han skal setja upp murstangarar, lata upp munnen med tynar-rop, lata herrop ljoma, setja upp murstangarar mot portarne, kasta upp umlægringsvoll, byggja åtaksmurar.
23 And it shall be unto them as a vain divination in their sight, which have sworn oaths unto them: but he bringeth iniquity to remembrance, that they may be taken.
Men dei tykkjer det er berre fåfengd spådom; dei hev då lovnadseidar i mengd. Men han minner um misgjerning, so dei skal verta tekne.
24 Therefore thus saith the Lord GOD: Because ye have made your iniquity to be remembered, in that your transgressions are discovered, so that in all your doings your sins do appear; because that ye are come to remembrance, ye shall be taken with the hand.
Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di de hev drege dykkar misgjerning fram or gløymsla, med di dykkar brot vert openberra, so dykkar syndar vert synberre i alle dykkar verk - etter di de kjem fram or gløymsla, skal de verta tekne med handi.
25 And thou, O deadly wounded wicked one, the prince of Israel, whose day is come, in the time of the iniquity of the end;
Og du vanheilage gudløysing, Israels fyrste, din dag er komen når misgjerningi ein gong lyt enda.
26 thus saith the Lord GOD: Remove the mitre, and take off the crown: this [shall be] no more the same: exalt that which is low, and abase that which is high.
So segjer Herren, Herren: Tak huva av, lyft kruna ned! Det som er, skal ikkje vera; det låge skal upp, det høge skal ned.
27 I will overturn, overturn, overturn it: this also shall be no more, until he come whose right it is; and I will give it [him].
I koll, i koll, i koll vil eg støyta det; det skal ikkje vera gjort med det heller - til dess han kjem som retten hev, han som eg vil gjeva det.
28 And thou, son of man, prophesy, and say, Thus saith the Lord GOD concerning the children of Ammon, and concerning their reproach; and say thou, A sword, a sword is drawn, for the slaughter it is furbished, to cause it to devour, that it may be as lightning:
Og, du menneskjeson, spå og seg: So segjer Herren, Herren um Ammons-sønerne og um deira svivyrding: Og du skal segja: Eit sverd, eit sverd er drege, blenkt til å slagta med, til å tyna, til å ljona,
29 whiles they see vanity unto thee, whiles they divine lies unto thee, to lay thee upon the necks of the wicked that are deadly wounded, whose day is come, in the time of the iniquity of the end.
medan dei ser fåfengde syner og spår deg lygn, so du kann verta lagd attmed halsarne åt daudedømde gudløysingar som dagen er komen åt, når misgjerningi ein gong lyt enda.
30 Cause it to return into its sheath. In the place where thou wast created, in the land of thy birth, will I judge thee.
Stikk i slira ditt sverd! På den staden der du er skapt, i det landet du er ætta ifrå, vil eg døma deg.
31 And I will pour out mine indignation upon thee; I will blow upon thee with the fire of my wrath: and I will deliver thee into the hand of brutish men, skilful to destroy.
Eg vil renna utyver deg min harm, min vreideloge vil eg blåsa imot deg og gjeva deg i henderne på villmenner, meistrar i tynarverk.
32 Thou shalt be for fuel to the fire; thy blood shall be in the midst of the land; thou shalt be no more remembered: for I the LORD have spoken it.
Elden skal øyda deg, ditt blod skal verta utrent midt i landet, ingen skal koma deg i meir hug; for eg, Herren, hev tala.

< Ezekiel 21 >