< Psalms 38 >

1 A Psalm of David. A lament. Reprove me not, Lord, in your anger, and chasten me not in your wrath;
Ein salme av David; til minnesofferet. Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!
2 for your arrows have sunk into me, and your hand lies heavy upon me.
For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg.
3 In my flesh is no soundness because of your anger, no health in my bones, because of my sin.
Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld.
4 For that my guilt is gone over my head: it weighs like a burden too heavy for me.
For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.
5 My wounds stink and fester, for my foolishness I am tormented.
Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
6 Bent and bowed am I utterly, all the day going in mourning.
Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd.
7 My loins are filled with burning, and in my flesh is no soundness.
For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
8 I am utterly crushed and numb; I cry louder than lion roars.
Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
9 Lord, you know all that I long for, my groans are not hidden from you.
Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg.
10 My heart is throbbing, my strength has failed me. The light of my eyes – even it is gone from me.
Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
11 My dear ones and friends keep aloof, and my neighbors stand afar off.
Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte.
12 They who aim at my life lay their snares, they who seek my hurt speak of ruin, nursing treachery all the day long.
Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen.
13 But I turn a deaf ear and hear not; like the dumb I open not my mouth.
Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn.
14 I am like one without hearing, with no arguments in my mouth.
Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
15 For my hope, O Lord, is in you. You will answer, O Lord my God,
For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud!
16 when I utter the hope that those who made scorn of my tottering feet may not rejoice over me.
For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»
17 For I am ready to fall, my pain forsakes me never.
For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg.
18 I acknowledge my guilt, I am anxious because of my sin:
For eg må sanna mi skuld, syrgja yver mi synd.
19 My wanton assailants are strong, those who wrongfully hate me are many,
Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak.
20 who render me evil for good, and oppose me, because I make good my goal.
Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
21 Do not forsake me, O Lord; my God, be not far from me.
Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg!
22 Hasten to help me, O Lord my savior.
Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!

< Psalms 38 >