< Psalms 6 >

1 “For the leader of the music; to be accompanied with stringed instruments; to the octave. A psalm of David.” O LORD! rebuke me not in thine anger; Chasten me not in thy hot displeasure!
Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!
2 Have pity upon me, O LORD! for I am weak; Heal me, O LORD! for my bones tremble!
Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande.
3 My soul, also, is sore troubled; And thou, O LORD! how long—?
Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge?
4 Return, O LORD! and deliver me; Oh, save me according to thy mercy!
Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld!
5 For in death no praise is given to thee; In the underworld who can give thee thanks? (Sheol h7585)
For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen? (Sheol h7585)
6 I am weary with my groaning; All the night I make my bed to swim, And drench my couch with my tears.
Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.
7 Mine eye is wasted with grief; It hath become old because of all my enemies.
Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg.
8 Depart from me, all ye that do iniquity; For the LORD heareth the voice of my weeping.
Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.
9 The LORD heareth my supplication; The LORD accepteth my prayer.
Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn.
10 All my enemies shall be ashamed and utterly confounded; They shall be turned back, and put to shame suddenly.
Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.

< Psalms 6 >