< John 3 >
1 And there was a man of the Pharisees, named Nicodemus, a ruler of the Jews.
Det var ein mann av farisæarflokken som heitte Nikodemus, ein av rådsherrarne åt jødarne.
2 This man came to him by night, and said to him, Rabbi, we know that thou hast come as a teacher from God; for no one can do these signs which thou doest, unless God be with him.
Han kom ein gong til Jesus um natti og sagde: «Rabbi, me veit at du er ein lærar som er komen frå Gud; for ingen kann gjera desse teikni som du gjer, utan Gud er med honom.»
3 Jesus answered and said to him, Truly, truly do I say to thee, Unless a man be born again, he cannot see the kingdom of God.
Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Ingen kann sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.»
4 Nicodemus saith to him, How can a man be born when he is old? Can he enter his mother's womb a second time, and be born?
Nikodemus segjer til honom: «Korleis kann ein som er gamall verta fødd? han kann då vel ikkje koma inn i livet åt mor si andre gongen, og fødast til verdi!»
5 Jesus answered, Truly, truly do I say to thee, Unless a man be born of water and of the Spirit, he cannot enter the kingdom of heaven.
Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Utan ein vert fødd av vatn og ånd, kann han ikkje koma inn i Guds rike.
6 That which is born of the flesh, is flesh; and that which is born of the Spirit, is spirit.
Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av åndi, er ånd.
7 Marvel not that I said to thee, Ye must be born again.
Undrast ikkje på at eg sagde med deg: De lyt fødast på nytt!
8 The wind bloweth where it will; and thou hearest the sound thereof, but knowest not whence it cometh, and whither it goeth: so is every one that is born of the Spirit.
Vinden blæs kvar han vil, og du høyrer han tyt, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av åndi».
9 Nicodemus answered and said to him, How can these things be?
«Korleis kann det ganga til?» spurde Nikodemus.
10 Jesus answered and said to him, Art thou the teacher of Israel, and understandest not these things?
«Du er Israels lærar, og veit ikkje det!» svara Jesus.
11 Truly, truly do I say to thee, We speak that which we know, and testify that which we have seen; and ye receive not our testimony.
«Det segjer eg deg for visst og sant: Me talar um det me veit, og vitnar um det me hev set, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt!
12 If I have told you earthly things, and ye believe not, how will ye believe if I tell you heavenly things?
Når eg hev tala til dykk um det som høyrer jordi til, og de ikkje trur, korleis skal de då tru når eg talar til dykk um det som høyrer himmelen til?
13 And no one hath ascended into heaven, but he who came down from heaven, even the Son of man.
Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskjesonen, som var i himmelen.
14 And as Moses lifted up the serpent in the wilderness, so must the Son of man be lifted up
Og liksom Moses lyfte upp ormen i øydemarki, soleis lyt Menneskjesonen lyftast upp,
15 that every one who believeth in him may have everlasting life. (aiōnios )
so kvar den som trur, skal hava æveleg liv i honom. (aiōnios )
16 For God so loved the world, that he gave the only begotten Son, that every one who believeth in him may not perish, but may have everlasting life. (aiōnios )
For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv. (aiōnios )
17 For God sent not the Son into the world to condemn the world, but that through him the world might be saved.
For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved honom.
18 He that believeth in him is not condemned; he that believeth not hath already been condemned, because he hath not believed in the name of the only begotten Son of God.
Den som trur på honom, vert ikkje dømd; den som ikkje trur, er alt dømd, for di han ikkje hev trutt på namnet åt Guds einborne Son.
19 And this is the condemnation, that the light hath come into the world, and men loved the darkness rather than the light; for their deeds were evil.
Og dette er domen: Ljoset hev kome til verdi, og menneski lika myrkret betre enn ljoset, for gjerningarne deira var vonde.
20 For every one that doeth evil hateth the light, and cometh not to the light, lest his deeds should be reproved.
For kvar den som driv på med det som låkt er, hatar ljoset, og kjem ikkje til ljoset; for han vil ikkje at gjerningarne hans skal koma upp i dagen, slike dei er.
21 But he that doeth the truth cometh to the light, that his deeds may be made manifest, that they are wrought in God.
Men den som gjer etter sanningi, kjem til ljoset, so gjerningarne hans kann verta synberre; for dei er gjorde i Gud.»
22 After these things Jesus and his disciples came into the land of Judaea; and there he remained with them, and baptized.
Sidan kom Jesus og læresveinarne hans til Juda-bygderne, og der var han ei tid med deim, og døypte.
23 And John also was baptizing in AEnon, near Salim, because there was much water there; and they came, and were baptized.
Johannes døypte og då; det var i Ænon, tett med Salim, han døypte; for det var mykje vatn der; og folk kom dit og let seg døypa.
24 For John was not yet thrown into prison.
Den tid var Johannes endå ikkje sett i fengsel.
25 Then there arose a question on the part of John's disciples with a Jew about purifying.
So vart det eit ordskifte millom læresveinarne åt Johannes og ein Juda-mann um reinsingi.
26 And they came to John, and said to him, Rabbi, he who was with thee beyond the Jordan, to whom thou hast borne witness, behold, he baptizeth, and all men are going to him.
Og dei kom til Johannes og sagde: «Rabbi, han som var i hop med deg på hi sida åt Jordan, han som du hev vitna for, han døyper, og alle kjem til honom.»
27 John answered and said, A man can receive nothing, unless it be given him from heaven.
Johannes svara: «Eit menneskje kann ikkje få noko, utan det er gjeve honom frå himmelen.
28 Ye yourselves bear me witness, that I said, I am not the Christ, but that I was sent before that man.
De er sjølve vitni mine at eg sagde: «Eg er ikkje Messias, » men: «Eg er send fyre honom.»
29 He that hath the bride is the bridegroom; but the friend of the bridegroom, who standeth and heareth him, rejoiceth greatly because of the bridegroom's voice. This my joy then hath become full.
Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål.
30 He must increase, but I must decrease.
Han lyt veksa, eg lyt minka.
31 He that cometh from above is above all. He that is from the earth is earthly, and speaketh earthly things; he that cometh from heaven
Den som kjem ovantil, er yver alle; den som er frå jordi, er av jordi, og det han talar, er av jordi. Den som kjem frå himmelen, er yver alle;
32 testifieth what he hath seen and heard; and no one receiveth his testimony.
det han hev set og høyrt, det vitnar han um, men ingen tek imot vitnemålet hans.
33 He that hath received his testimony hath set his seal that God is true.
Den som hev teke imot hans vitnemål, hev stadfest at Gud er sannordig.
34 For he whom God sent speaketh the words of God; for he giveth not the Spirit by measure.
For den som Gud sende, talar Guds ord; for Gud gjev honom Anden umælt.
35 The Father loveth the Son, and hath given all things into his hand.
Faderen elskar Sonen, og hev gjeve alt i hans hender.
36 He that believeth in the Son hath everlasting life; and he that disobeyeth the Son shall not see life, but the wrath of God abideth on him. (aiōnios )
Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje lyder Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver honom». (aiōnios )