< Psalms 90 >
1 [A Prayer by Moses, the man of God.] YHWH, you have been our dwelling place for all generations.
Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du hev vore ei livd for oss frå ætt til ætt.
2 Before the mountains were brought forth, before you had formed the earth and the world, even from everlasting to everlasting, you are God.
Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du Gud.
3 You turn man to destruction, saying, "Return, you descendants of Adam."
Du let menneskja venda um til dust og segjer: «Vend um att, de menneskjeborn!»
4 For a thousand years in your sight are just like yesterday when it is past, like a watch in the night.
For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.
5 You sweep them away as they sleep. In the morning they sprout like new grass.
Du riv deim burt som i flaum, dei vert som ein svevn, um morgonen er dei som groande graset;
6 In the morning it sprouts and springs up. By evening, it is withered and dry.
um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp.
7 For we are consumed in your anger. We are troubled in your wrath.
For me hev forgjengest ved din vreide, og ved din harm er me burtskræmde.
8 You have set our iniquities before you, our secret sins in the light of your presence.
Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn.
9 For all our days have passed away in your wrath. We bring our years to an end as a sigh.
For alle våre dagar er framfarne i din vreide, me hev livt våre år til ende som ein sukk.
10 The days of our years are seventy, or even by reason of strength eighty years; yet their pride is but labor and sorrow, for it passes quickly, and we fly away.
Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtteti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd, for snart er det framfare, og me flaug burt.
11 Who knows the power of your anger, your wrath according to the fear that is due to you?
Kven kjenner styrken i din vreide og din harm, soleis som ein bør ottast deg?
12 So teach us to number our days, that we may gain a heart of wisdom.
Å telja våre dagar, det lære du oss, at me kann få visdom i hjarta.
13 Relent, YHWH. How long? Have compassion on your servants.
Vend um, Herre! Kor lenge? Og lat det gjera deg vondt for tenarane dine!
14 Satisfy us in the morning with your loving kindness, that we may rejoice and be glad all our days.
Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar!
15 Make us glad for as many days as you have afflicted us, for as many years as we have seen evil.
Gled oss etter dei dagar du hev bøygt oss, etter dei år me hev set ulukka!
16 Let your work appear to your servants; your glory to their children.
Lat di gjerning syna seg for tenarane dine og din herlegdom yver deira born!
17 Let the favor of YHWH our God be on us; establish the work of our hands for us; yes, establish the work of our hands.
Og Herren, vår Guds ynde vere yver oss, og det våre hender gjer, gjeve du framgang for oss, ja, det våre hender gjer, det gjeve du framgang!