< Obadiah 1 >

1 The vision of Obadiah. This is what YHWH says about Edom. We have heard news from YHWH, and an ambassador is sent among the nations, saying, "Arise, and let's rise up against her in battle.
Syni hans Obadja. So segjer Herren, Herren til Edom: Fretnad hev me fengje frå Herren, og bod er bore ut millom folki: «Kom! Lat oss fara til strid imot det!»
2 Look, I have made you small among the nations. You are greatly despised.
Ja, liten gjer eg deg millom folki, og ovleg vanvyrd vert du.
3 The pride of your heart has deceived you, you who dwell in the clefts of the rock, whose habitation is high, who says in his heart, 'Who will bring me down to the ground?'
Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som i bergrivor byggjar, og bur i den høge heimen og segjer i ditt hjarta: «Kven kastar meg ned?»
4 Though you mount on high as the eagle, and though your nest is set among the stars, I will bring you down from there," says YHWH.
Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernorne, eg kastar deg ned derifrå, segjer Herren.
5 "If thieves came to you, if robbers by night—oh, what disaster awaits you? wouldn't they only steal until they had enough? If grape pickers came to you, wouldn't they leave some gleaning grapes?
Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - kor du vert reint til inkjes! - Vilde dei’kje stela det dei trong? Og kom dei og hausta ditt vinberg, vilde dei’kje leiva etter seg?
6 How Esau will be ransacked. How his hidden treasures are sought out.
Å, kor dei ransakar Esau, kor dei granskar hans skattar!
7 All the men of your alliance have brought you on your way, even to the border. The men who were at peace with you have deceived you, and prevailed against you. Those who eat bread with you lay a snare under you. There is no understanding in him."
Radt til landskilet driv dei deg alle dine sambandsbrøder; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener. I staden for brød legg dei snara for deg som ikkje hev vit.
8 "Won't I in that day," says YHWH, "destroy the wise men out of Edom, and understanding out of the mountain of Esau?
Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut dei vise or Edom, og vitet or Esaufjelli?
9 Your mighty men, Teman, will be dismayed, to the end that everyone may be cut off from the mountain of Esau by slaughter.
Dei fæler kjemporne, Teman, so kvar mann or Esaufjelli vert utrudd og drepen.
10 For the violence done to your brother Jacob, shame will cover you, and you will be cut off forever.
For vald imot Jakob, bror din, skal du sveipast i skjemsla, ja, øydast til æveleg tid.
11 In the day that you stood on the other side, in the day that strangers carried away his substance, and foreigners entered into his gates, and cast lots for Jerusalem, even you were like one of them.
Den dagen du stod der og såg på, då framande rana hans eiga, og utlendingar kom i hans port og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.
12 But do not look down on your brother in the day of his disaster, and do not rejoice over the people of Judah in the day of their destruction. Do not speak proudly in the day of distress.
Sjå ikkje med hugnad på bror din’s dag, på hans motgangsdag, og gled deg ei yver Juda-borni, på øydingsdagen, og bruk ikkje bause ord på trengsledagen!
13 Do not enter into the gate of my people in the day of their calamity. Do not look down on their affliction in the day of their calamity, neither seize their wealth on the day of their calamity.
Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen! Sjå ikkje du og med lyst på hans naud på uferdsdagen! Rett ikkje handi etter hans eiga på uferdsdagen!
14 Do not stand in the crossroads to cut off those of his who escape. Do not deliver up those of his who remain in the day of distress.
Og ikkje du stande ved vegemot til å rydja ut deim som rømar! Og fli ikkje ut deim som bergar seg på trengsledagen!
15 For the day of YHWH is near all the nations. As you have done, it will be done to you. Your deeds will return upon your own head.
For Herrens dag er nær yver alle folki. Som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att yver hovudet ditt.
16 For as you have drunk on my holy mountain, so will all the nations drink continually. Yes, they will drink, swallow down, and will be as though they had not been.
Som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt, ja, drikka og slurpa og verta som aldri dei vore til.
17 But in Mount Zion, there will be those who escape, and it will be holy. The house of Jacob will possess those who dispossessed them.
Men på Sionsfjellet skal det vera ein flokk av frelste, og det skal vera ein heilagdom, og Jakobs hus skal få att si odelseiga.
18 The house of Jacob will be a fire, the house of Joseph a flame, and the house of Esau for stubble. They will burn among them, and devour them. There will not be any remaining to the house of Esau." Indeed, YHWH has spoken.
Og Jakobs hus vert eld og Josefs hus ein loge, og Esaus hus vert til halm og eld set dei på det og øyder det ut, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.
19 Those of the Negev will possess the mountain of Esau, and those of the lowland, the Philistines. They will possess the field of Ephraim, and the field of Samaria. Benjamin will possess Gilead.
Og Sudlands-folket skal taka Esaufjellet og Låglands-folket filistarane, dei skal taka Efraims-bygdi og Samaria-bygdi, og Benjamin skal taka Gilead.
20 The captives of this army of the children of Israel, who are among the Canaanites, will possess even to Zarephath; and the captives of Jerusalem, who are in Sepharad, will possess the cities of the Negev.
Og dei burtførte av denne fylking av Israels-borni skal taka det som finst av kananitar alt til Sarefat, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka Sudlands-byarne i eiga.
21 Those who have been saved will go up on Mount Zion to judge the mountains of Esau, and the kingdom will be YHWH's.
Og frelsarar skal draga upp på Sionsfjellet og døma Esaufjellet, og kongsveldet skal høyra Herren til.

< Obadiah 1 >