< Numbers 35 >

1 YHWH spoke to Moses in the plains of Moab by the Jordan at Jericho, saying,
Og Herren tala atter til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
2 "Command the children of Israel that they give to the Levites of the inheritance of their possession cities to dwell in; and you shall give suburbs for the cities around them to the Levites.
«Seg til Israels-sønerne: «De skal gjeva levitarne byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitarne få.
3 The cities shall they have to dwell in; and their suburbs shall be for their livestock, and for their substance, and for all their animals.
Byarne skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for klyvdyri og feet og all buskapen deira.
4 "The suburbs of the cities, which you shall give to the Levites, shall be from the wall of the city and outward one thousand seven hundred twenty-two feet six inches around it.
Utmarki som de gjev levitarne, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.
5 You shall measure outside of the city for the east side three thousand four hundred forty-five feet, and for the south side three thousand four hundred forty-five feet, and for the west side three thousand four hundred forty-five feet, and for the north side three thousand four hundred forty-five feet, the city being in the midst. This shall be to them the suburbs of the cities.
Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida, og tvo tusund alner på sudsida, og tvo tusund alner på vestsida, og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkerne deira.
6 "The cities which you shall give to the Levites, they shall be the six cities of refuge, which you shall give for the manslayer to flee to: and besides them you shall give forty-two cities.
Dei byarne som de gjev levitarne, skal vera dei seks fredstaderne, som dråpsmenner kann røma til, og attåt deim skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.
7 All the cities which you shall give to the Levites shall be forty-eight cities together with their suburbs.
I alt skal de gjeva levitarne åtte og fyrti byar med beitemarkerne som høyrer til.
8 Concerning the cities which you shall give of the possession of the children of Israel, from the many you shall take many; and from the few you shall take few: everyone according to his inheritance which he inherits shall give of his cities to the Levites."
Og av dei byarne som de gjev deim av eigedomen åt Israels-sønerne, skal dei taka fleire frå den som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitarne byar etter som han hev fenge land til.»»
9 YHWH spoke to Moses, saying,
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
10 "Speak to the children of Israel, and tell them, 'When you pass over the Jordan into the land of Canaan,
«Tala til Israels-sønerne og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og til Kana’ans-landet,
11 then you shall appoint you cities to be cities of refuge for you, that the manslayer who kills any person unwittingly may flee there.
so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
12 The cities shall be to you for refuge from the avenger, that the manslayer not die, until he stands before the congregation for judgment.
Dei byarne skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemna dråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet, fyrr han hev stade til doms for lyden.
13 The cities which you shall give shall be for you six cities of refuge.
Dei byarne som de tek til fredstader, skal vera seks i talet.
14 You shall give three cities beyond the Jordan, and you shall give three cities in the land of Canaan; they shall be cities of refuge.
Tri av deim skal vera på austsida av Jordan og tri i Kana’ans-landet; fredstader skal dei vera.
15 For the children of Israel, and for the stranger and for the foreigner living among them, shall these six cities be for refuge; that everyone who kills any person unwittingly may flee there.
Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom deim, skal desse seks byarne vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann søkja dit.
16 "'But if he struck him with an instrument of iron, so that he died, he is a murderer: the murderer shall surely be put to death.
Den som slær ein med eit jarnhandyvle, so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
17 If he struck him with a stone in the hand, by which a man may die, and he died, he is a murderer: the murderer shall surely be put to death.
Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
18 Or if he struck him with a weapon of wood in the hand, by which a man may die, and he died, he is a murderer: the murderer shall surely be put to death.
Tek nokon eit trehandyvle som dei kann drepa folk med, og slær ein med det, so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
19 The avenger of blood shall himself put the murderer to death: when he meets him, he shall put him to death.
Det er blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn honom, skal han slå honom i hel.
20 If he thrust him of hatred, or hurled at him, lying in wait, so that he died,
Dersom nokon støyter til ein av hat, eller kastar noko på honom med vilje, so han døyr,
21 or in enmity struck him with his hand, so that he died; he who struck him shall surely be put to death. He is a murderer, the murderer must surely be put to death; the avenger of blood shall put the murderer to death when he meets him.
eller av fiendskap slær ein med neven, so han døyr, so skal den som gjorde det lata livet; han er ein manndråpar: og blodhemnaren skal slå honom i hel so snøgt han finn honom.
22 "'But if he thrust him suddenly without enmity, or hurled on him anything without lying in wait,
Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på honom mot sin vilje,
23 or with any stone, by which a man may die, not seeing him, and cast it on him, so that he died, and he was not his enemy, neither sought his harm;
eller råmar honom med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser honom, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde honom vondt,
24 then the congregation shall judge between the striker and the avenger of blood according to these ordinances;
då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse loverne.
25 and the congregation shall deliver the manslayer out of the hand of the avenger of blood, and the congregation shall restore him to his city of refuge, where he was fled: and he shall dwell in it until the death of the high priest, who was anointed with the holy oil.
Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren, og føra honom attende til fredstaden som han hadde søkt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.
26 "'But if the manslayer shall at any time go beyond the border of his city of refuge, where he flees,
Men kjem han utum fredstaden som han hev tydt til,
27 and the avenger of blood find him outside of the border of his city of refuge, and the avenger of blood kill the manslayer; he shall not be guilty of blood,
og blodhemnaren råkar honom der - utanfor fredstaden - so kann hemnaren slå honom i hel, og det skal ikkje reknast for manndråp;
28 because he should have remained in his city of refuge until the death of the high priest: but after the death of the high priest the manslayer shall return into the land of his possession.
for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin, til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til si eigi bygd og sin eigedom.
29 "'These things shall be for a statute and ordinance to you throughout your generations in all your dwellings.
Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.
30 "'Whoever kills any person, the murderer shall be slain at the mouth of witnesses: but one witness shall not testify against any person that he die.
Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er meir enn eitt vitne mot honom; etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.
31 "'Moreover you shall take no ransom for the life of a murderer who is guilty of death; but he shall surely be put to death.
De må ikkje taka imot løysepengar for ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
32 "'You shall take no ransom for him who is fled to his city of refuge, that he may come again to dwell in the land, until the death of the priest.
Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata honom koma ut att og bu ein annan stad i landet, fyrr øvstepresten er avliden.
33 "'So you shall not pollute the land in which you are: for blood, it pollutes the land; and no expiation can be made for the land for the blood that is shed in it, but by the blood of him who shed it.
De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blodet vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.
34 You shall not defile the land which you inhabit, in the midst of which I dwell: for I, YHWH, dwell in the midst of the children of Israel.'"
Difor skal du ikkje sulka det landet de bur i, og som eg hev min bustad i; for eg Herren, hev bustaden min millom Israels-folket.»»

< Numbers 35 >