< Nahum 3 >
1 Woe to the bloody city. It is all full of lies and robbery. The prey doesn't depart.
Usæl du blod-by, som all igjenom er full av lygn og vald, du som aldri held upp med å rana.
2 The noise of the whip, the noise of the rattling of wheels, prancing horses, and bounding chariots,
Høyr svepesmell og ramling av hjul og hestar i flog og hoppande vogner!
3 the horseman mounting, and the flashing sword, the glittering spear, and a multitude of slain, and a great heap of corpses, and there is no end of the bodies. They stumble on their bodies,
Ridar i tvisprang og logande sverd og blinkande spjot! Drepne i mengd og dungar av daude kroppar. Ingen ende er det på daude. Ein snåvar i lik.
4 because of the multitude of the prostitution of the alluring prostitute, the mistress of witchcraft, who sells nations through her prostitution, and families through her witchcraft.
Alt dette for den mangfelte hordomen som ho dreiv, ho, den fagre og trollkunnige skjøkja, som selde folkeslag ved hordomen sin og folke-ætter ved trolldomskunsterne sine.
5 "Look, I am against you," says YHWH of hosts, "and I will lift your skirts over your face. I will show the nations your nakedness, and the kingdoms your shame.
Sjå, eg skal venda meg mot deg, segjer Herren, allhers drott. Eg skal lyfta kjolefalden din upp yver andlitet ditt og syna folkeslagi blygsli di og kongeriki skammi di.
6 I will throw abominable filth on you, and make you vile, and will set you a spectacle.
Eg skal kasta saur på deg og svivyrda deg. Ja, til eit skodespel skal eg gjera deg.
7 It will happen that all those who look at you will flee from you, and say, 'Nineveh is laid waste. Who will mourn for her?' Where will I seek comforters for you?"
Og kvar og ein som ser deg, skal fly frå deg og segja: «Nineve er lagt i øyde. Men kven kann tykkja synd i henne? Kvar skal eg søkja trøystarar åt deg?»
8 Are you better than No-Amon, who was situated among the rivers, who had the waters around her; whose rampart was the sea, and her wall was of the sea?
Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilelvi, umringa av vatn, med hav til vern, hav til mur?
9 Cush and Egypt were her boundless strength. Put and Libya were her helpers.
Ætiopar i mengd og uteljande egyptarar; Put-menner og Libya-menner var hjelpeheren hennar.
10 Yet was she carried away. She went into captivity. Her young children also were dashed in pieces at the head of all the streets, and they cast lots for her honorable men, and all her great men were bound in chains.
Ho og laut ganga ut i utlægd, sitja fange. Småborni hennar vart krasa på alle gatehyrno. Um alle gjævingarne hennar kasta dei lut, og alle hennar stormenner vart sette i jarn.
11 You also will be drunk. You will be hidden. You also will seek a stronghold because of the enemy.
Du skal og drikka og verta sanselaus. Du og skal søkja ei livd imot fienden.
12 All your fortresses will be like fig trees with the first-ripe figs: if they are shaken, they fall into the mouth of the eater.
Alle dine borger likjest på fiketre med snar-mogne fikor; ved minste skaking dett dei i munnen på den som vil eta.
13 Look, your troops in your midst are women. The gates of your land are set wide open to your enemies. The fire has devoured your bars.
Sjå, ditt mannskap er kvinnfolk midt i deg. Portarne til landet ditt stend vidopne for dine fiendar. Elden hev øydt upp dine portslåer.
14 Draw water for the siege. Strengthen your fortresses. Go into the clay, and tread the mortar. Make the brick kiln strong.
Aus deg vatn til kringsetjingi! Vøl um dine skansar! Gakk ut gyrma og stampa leira! Triv tiglsteinsformi!
15 There the fire will devour you. The sword will cut you off. It will devour you like the grasshopper. Multiply like grasshoppers. Multiply like the locust.
Der skal elden eta deg, sverdet øyda deg ut, ja, øyda deg som engspettor, um du og sjølv samlar skarar so tallause som engspettor, ei ovmengd som grashoppar.
16 You have increased your merchants more than the stars of the skies. The grasshopper strips, and flees away.
Um du og hev kræmarar fleire enn stjernor på himmelen, so skal du vita: engspettor skyt hamen og flyg burt.
17 Your guards are like the locusts, and your officials like the swarms of locusts, which settle on the walls on a cold day, but when the sun appears, they flee away, and their place is not known where they are.
Ja, fyrstarne dine er som grashoppar og hovdingarne dine som svermar av engtytor; dei slær læger i hegni med det er svalt. Men når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av deim.
18 Your shepherds slumber, king of Assyria. Your nobles lie down. Your people are scattered on the mountains, and there is no one to gather them.
Hyrdingarne dine blundar, du Assur-konge, gjævingarne dine søv. Folket ditt sundsprengt på fjelli, og ingen samlar det saman.
19 There is no healing your wound, for your injury is fatal. All who hear the report of you clap their hands over you; for who hasn't felt your endless cruelty?
Ditt mein er ulækjande, ditt sår er til ulivs. Ved tiendi um deg klappar alle i handi. For kven hev ikkje din vondskap råka stødt og stendigt?