< Malachi 4 >

1 "For, look, the day comes, it burns as a furnace; and all the proud, and all who work wickedness, will be stubble; and the day that comes will burn them up," says YHWH of hosts, "that it shall leave them neither root nor branch.
For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna deim upp, segjer Herren, allhers drott, so det ikkje vert att av deim anten rot eller grein.
2 But to you who fear my name shall the sun of righteousness arise with healing in its wings. You will go out, and leap like calves of the stall.
Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom i vengjerne sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.
3 You shall tread down the wicked; for they will be ashes under the soles of your feet in the day that I make," says YHWH of hosts.
Og de skal trakka ned dei gudlause, for dei skal verta som oska under føterne dykkar på den dagen som eg skaper, segjer Herren, allhers drott.
4 "Remember the Law of Moses my servant, which I commanded to him in Horeb for all Israel, even statutes and ordinances.
Kom i hug lovi åt Moses, tenaren min, som eg gav honom på Horeb for heile Israel med bod og rettar!
5 Look, I will send you Elijah the prophet before the great and awesome day of YHWH comes.
Sjå, eg sender dykk profeten Elia fyrr Herrens store og skræmelege dag kjem.
6 He will turn the hearts of the fathers to the children, and the hearts of the children to their fathers, lest I come and strike the earth with a curse.
Han skal venda fedrehjarto til borni og barnehjarto til federne, so eg ikkje skal koma og slå landet med bann. Det nye testamentet

< Malachi 4 >