< Jeremiah 49 >
1 Of the people of Ammon. "Thus says YHWH: 'Has Israel no sons? Has he no heir? Why then does Milcom possess Gad, and his people dwell in its cities?
Um Ammons-sønerne. So segjer Herren: Eig Israel ingi søner, eller hev han ingen erving? Kvi hev Malkam ervt Gad og hans folk sett seg ned i byarne hans?
2 Therefore look, the days come,' says YHWH, 'that I will cause an alarm of war to be heard against Rabbah of the people of Ammon; and it shall become a desolate heap, and her daughters shall be burned with fire: then shall Israel possess those who possessed him,' says YHWH.
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg let herrop høyrast til Rabba hjå Ammons-sønerne, og det skal verta til aude steinrøysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og då skal Israel erva sine ervingar, segjer Herren.
3 'Wail, Heshbon, for Ai is laid waste; cry, you daughters of Rabbah, clothe yourself in sackcloth: lament, and run back and forth among the fences; for Milcom shall go into captivity, his priests and his officials together.
Øya deg, Hesbon! For Aj er i øyde lagt; ropa, de Rabba-døtter! Sveip dykk i sekk, barma dykk, og renn att og fram millom kvierne! for Malkam lyt fara i utlægd, prestarne hans og hovdingarne i lag med kvarandre.
4 Why do you glory in the valleys, your flowing valley, backsliding daughter? You who trusted in her treasures, saying, "Who shall come to me?"
Kvi gildar du deg av dalarne, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattarne dine og segjer: «Kven kann nå meg?»
5 Look, I will bring a fear on you,' says YHWH of hosts, 'from all who are around you; and you shall be driven out every man right forth, and there shall be none to gather together the fugitives.
Sjå, eg let fælske nå deg, segjer Herren, Herren, allhers drott, frå alle stader rundt ikring deg. Og de skal verta drivne burt, kvar til sin kant, og ingen skal samla i hop deim som flyr.
6 But afterward I will bring back the captivity of the people of Ammon,' says YHWH."
Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-sønerne, segjer Herren.
7 Of Edom. "Thus says YHWH of hosts: 'Is wisdom no more in Teman? Is counsel perished from the prudent? Is their wisdom vanished?
Um Edom. So segjer Herren, allhers drott: Bid det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?
8 Flee, turn back, dwell in the depths, inhabitants of Dedan; for I will bring the calamity of Esau on him, the time that I shall visit him.
Fly, snu dykk, gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan! For Esaus ulukka let eg koma yver honom den tid eg heimsøkjer honom.
9 If grape gatherers came to you, would they not leave some gleaning grapes? If thieves by night, wouldn't they destroy until they had enough?
Um druvehentarar kjem yver deg, so leiver dei ikkje noko til attpåhenting. Um tjuvar kjem med natti, vil dei tyna til dei hev fengje sitt nøgje.
10 But I have made Esau bare, I have uncovered his secret places, and he shall not be able to hide himself: his seed is destroyed, and his brothers, and his neighbors; and he is no more.
For eg vil sjølv draga hamen av Esau, eg legg gøymslorne hans i berrsyni, so han ikkje kann løyna seg. Avkjømet hans og brørne hans og grannarne hans vert tynte, og det er ute med honom.
11 Leave your fatherless children, I will preserve them alive; and let your widows trust in me.'
Bry deg ikkje um dine faderlause! eg vil halda liv i deim, og enkjorne dine kann lita på meg.
12 For thus says YHWH: 'Look, they to whom it did not pertain to drink of the cup shall certainly drink; and are you he who shall altogether go unpunished? You shall not go unpunished, but you shall surely drink.
For so segjer Herren: Sjå, dei som med rette ikkje skulde ha drukke or staupet, dei lyt drikka, og so skulde du sleppa urefst! Du skal ikkje sleppa urefst, men drikka skal du.
13 For I have sworn by myself,' says YHWH, 'that Bozrah shall become an astonishment, a reproach, a waste, and a curse; and all its cities shall be perpetual wastes.'"
For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
14 I have heard news from YHWH, and an ambassador is sent among the nations, saying, "Gather yourselves together, and come against her, and rise up to the battle."
Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send millom folkeslagi: «Sanka dykk og far imot honom, bu dykk til bardage!»
15 "For, look, I have made you small among the nations, and despised among men.
For sjå, eg gjer deg liten millom folki, svivyrd millom menner.
16 As for your terror, the pride of your heart has deceived you, O you who dwell in the clefts of the rock, who hold the height of the hill: though you should make your nest as high as the eagle, I will bring you down from there," says YHWH.
Rædsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, som klengjer deg fast til fjelltinden. Um du bygde reiret ditt so høgt som ørnen, so skulde eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.
17 "Edom shall become an astonishment: everyone who passes by it shall be astonished, and shall hiss at all its plagues.
Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal ræddast og spotta yver alle plågorne hans.
18 As in the overthrow of Sodom and Gomorrah and the neighbor cities of it," says YHWH, "no man shall dwell there, neither shall any son of man live in it.
Liksom då Sodoma og Gomorra med grannebyar vart lagde i øyde, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.
19 Look, he shall come up like a lion from the pride of the Jordan against the strong habitation: for I will suddenly make them run away from it; and whoever is chosen, him will I appoint over it: for who is like me? And who will appoint me a time? And who is the shepherd who will stand before me?
Sjå, det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga det burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
20 Therefore hear the counsel of YHWH, that he has taken against Edom; and his purposes, that he has purposed against the inhabitants of Teman: Surely they shall drag them away, the little ones of the flock; surely he shall make their habitation desolate over them.
Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Edom, og dei tankarne han hev tenkt um Teman-buarne: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, hagelendet deira skal taka fæla av deim.
21 The earth trembles at the noise of their fall; there is a cry, the noise which is heard in the Red Sea.
Av dynen av deira fall bivrar jordi, naudropet - omen av det høyrer ein radt til Raudehavet.
22 Look, he shall come up and fly as the eagle, and spread out his wings against Bozrah: and the heart of the mighty men of Edom at that day shall be as the heart of a woman in her pangs."
Sjå, ein lik ein ørn stig upp og flyg fram og breider ut vengjerne sine yver Bosra. Og hjarta til Edom-kjemporne vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
23 Of Damascus. "Hamath is confounded, and Arpad; for they have heard evil news, they are melted away: there is sorrow on the sea; it can't be quiet.
Um Damaskus. Hamat og Arpad er skjemde, for dei hev spurt ei låk tidend, dei er reint vitskræmde; i havet er uro, det kann ikkje vera stilt.
24 Damascus has grown feeble, she turns herself to flee, and trembling has seized on her: anguish and sorrows have taken hold of her, as of a woman in travail.
Damaskus er hugfalle, det snur seg og flyr, otte hev gripe det; angest og rider hev gripe det liksom kvinna med fødeflagor.
25 How is the city of praise not forsaken, the city of my joy?
Kvi fekk han ikkje vera, byen den namnfræge, fagnad-byen min?
26 Therefore her young men shall fall in her streets, and all the men of war shall be brought to silence in that day," says YHWH of hosts.
Difor skal hans sveinar falla på gatorne hans og alle hermennerne verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers drott.
27 "I will kindle a fire in the wall of Damascus, and it shall devour the palaces of Ben Hadad."
Og eg vil kveikja eld i Damaskus-murarne, og han skal øyda Benhadad-slotti.
28 Of Kedar, and of the kingdoms of Hazor, which Nebuchadnezzar king of Babylon struck. "Thus says YHWH: 'Arise, go up to Kedar, and destroy the people of the east.'
Um Kedar og Hasor-riki, som Nebukadressar, Babel-kongen, vann. So segjer Herren: Statt upp, far mot Kedar og tyn Austheims-sønerne!
29 Their tents and their flocks shall they take; they shall carry away for themselves their curtains, and all their vessels, and their camels; and they shall cry to them, 'Terror on every side.'
Tjeldi deira og sauerne deira skal dei taka, tjelddukarne deira og all bunaden deira og kamelarne deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: «Rædsla rundt ikring!»
30 Flee, wander far off, dwell in the depths, you inhabitants of Hazor," says YHWH; "for Nebuchadnezzar king of Babylon has taken counsel against you, and has conceived a purpose against you."
«Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadressar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut løynråd imot dykk.
31 "Arise, go up to a nation that is at ease, that dwells without care, says YHWH; that have neither gates nor bars, that dwell alone.
Statt upp, far upp imot eit fredleg folk som bur trygt, segjer Herren; portar og bommar vantar dei, for seg sjølve bur dei.
32 Their camels shall be a booty, and the multitude of their livestock a spoil: and I will scatter to all winds those who have the corners of their beards cut off; and I will bring their calamity from every side of them," says YHWH.
Og kamelarne deira skal verta til ran, og dei store bølingarne deira til herfang; og eg vil spreida deim for alle vindar, mennerne med rundklypt hår; og frå alle leider let eg ulukka koma yver deim, segjer Herren.
33 "Hazor shall be a dwelling place of jackals, a desolation forever: no man shall dwell there, neither shall any son of man live in it."
Og Hasor skal verta til sjakal-bøle, ei audn um alder og æva; ingen mann skal bu der, og inkje mannsbarn skal halda til der.»
34 The word of YHWH that came to Jeremiah the prophet concerning Elam, in the beginning of the reign of Zedekiah king of Judah, saying,
Herrens ord som kom til profeten Jeremia um Elam i den fyrste tidi Sidkia, Juda-kongen, styrde; han sagde:
35 "Thus says YHWH of hosts: 'Look, I will break the bow of Elam, the chief of their might.
So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, den likaste magti deira.
36 On Elam will I bring the four winds from the four quarters of the sky, and will scatter them toward all those winds; and there shall be no nation where the outcasts of Elam shall not come.
Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelætterne og spreider deim for alle desse vindarne. Og det skal ikkje finnast det folket som ikkje burtdrivne frå Elam skal koma til.
37 I will cause Elam to be dismayed before their enemies, and before those who seek their life; and I will bring evil on them, even my fierce anger,' says YHWH; 'and I will send the sword after them, until I have consumed them;
Og eg vil gjera Elam forfærd for uvenerne sine og for deim som ligg deim etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver deim, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter deim, til eg fær gjort ende på deim.
38 and I will set my throne in Elam, and will destroy from there king and officials,' says YHWH.
Og eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil tyna der både konge og hovdingar, segjer Herren.
39 'But it shall happen in the latter days, that I will bring back the captivity of Elam,' says YHWH."
Men når tider er lidne, vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.