< Hosea 2 >
1 "Say to your brothers, 'My People.' and to your sisters, 'Compassion.'
Seg då til brørne dykkar: «Ammi»! og til systerne dykkar: «Ru-hama»!
2 Contend with your mother. Contend, for she is not my wife, neither am I her husband; and let her put away her prostitution from her face, and her adulteries from between her breasts;
Skjem på mor dykkar, skjem! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Lat henne få burt horebragderne or andlitet sitt og lauslynde-merket frå barmen sin!
3 Lest I strip her naked, and make her bare as in the day that she was born, and make her like a wilderness, and set her like a dry land, and kill her with thirst.
Elles skal eg klæda av henne, so ho ligg naki: Eg skal te henne fram som den dagen ho vart fødd. Eg skal gjera henne lik ei øydemark og ei turr-audn, og lata henne døy av torste.
4 Indeed, on her children I will have no mercy; for they are children of unfaithfulness;
Og borni hennar, ikkje vil eg miskunna deim; for horeborn er dei.
5 For their mother has played the prostitute. She who conceived them has done shamefully; for she said, 'I will go after my lovers, who give me my bread and my water, my wool and my flax, my oil and my drink.'
For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk deim, for skamleg åt, med di ho sagde: «Eg vil fara etter elskarane mine. For dei gjev meg maten min og drykken min, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.»
6 Therefore, look, I will hedge up her way with thorns, and I will build a wall against her, that she can't find her way.
Sjå, difor stengjer vil eg stengja vegen din med tornar. Ja, ein mur skal eg setja upp framfyre henne, so ho ikkje skal finna stigarne sine.
7 She will follow after her lovers, but she won't overtake them; and she will seek them, but won't find them. Then she will say, 'I will go and return to my first husband; for then was it better with me than now.'
Når ho då renner etter elskarane sine, skal ho ikkje nå i deim, når ho leitar etter deim, skal ho ikkje finna deim. Då skal ho segja: «Eg vil attende til den fyrste mannen min. For betre hadde eg det då enn no.»
8 For she did not know that I gave her the grain, the new wine, and the oil, and multiplied to her silver and gold, which they used for Baal.
Og ho, ikkje skyna ho at det var eg som gav henne kornet og druvesafti og oljen, og som var storgjæv imot henne med sylv og med gull, som dei nytta ut for Ba’al.
9 Therefore I will take back my grain in its time, and my new wine in its season, and will pluck away my wool and my flax which should have covered her nakedness.
Difor skal eg taka att kornet mitt når korntidi kjem, og druvesafti mi i rette stundi, og taka burt ulli mi og linet mitt, det som ho skulde løyna blygsli si med.
10 Now I will uncover her lewdness in the sight of her lovers, and no one will deliver her out of my hand.
Ja, no skal eg nækja blygsli hennar beint for augo på elskarane hennar, og ingen skal berga henne or mi hand.
11 I will also cause all her celebrations to cease: her feasts, her new moons, her Sabbaths, and all her solemn assemblies.
Og eg skal gjera ende på all kjæta hennar, på gildi hennar, nymånarne og kviledagarne og alle høgtiderne hennar.
12 I will lay waste her vines and her fig trees, about which she has said, 'These are my wages that my lovers have given me; and I will make them a forest,' and the animals of the field shall eat them.
Eg skal øyda vintrei og fiketrei hennar, som ho sagde um: «Dei er meg ei løn som elskarane mine gav meg.» Og eg skal gjera deim til villkjør som villdyri skal eta av.
13 I will visit on her the days of the Baals, to which she burned incense, when she decked herself with her earrings and her jewels, and went after her lovers, and forgot me," says YHWH.
Soleis skal eg refsa henne for Ba’als-dagarne hennar, då ho brende røykjelse for deim og prydde seg med nasering og bringespenne og for etter elskarane sine, men gløymde meg, segjer Herren.
14 "Therefore, look, I will allure her, and bring her into the wilderness, and speak tenderly to her.
Difor skal de vita at eg vil lokka henne burt og leida henne ut i villmarki, so eg kan få tala hjarteord med henne.
15 I will give her vineyards from there, and the Valley of Achor for a door of hope; and she will respond there, as in the days of her youth, and as in the day when she came up out of the land of Egypt.
So vil eg derifrå gjeva henne att vinhagarne hennar, og gjera Akordalen til eit vonarled. Der skal ho syngja som i ungdomsdagarne sine, og som då ho for upp frå Egyptarlandet.
16 It will be in that day," says YHWH, "that you will call me 'my husband,' and no longer call me 'my master.'
Og den dagen, segjer Herren, kjem det til å verta so at du ropar til meg: «Mannen min!» Og du skal ikkje meir ropa til meg: «Ba’al min!»
17 For I will take away the names of the Baals out of her mouth, and they will no longer be mentioned by name.
Ja, Ba’als-namni vil eg taka reint ut or munnen hennar, so dei aldri skal nemnast meir.
18 In that day I will make a covenant for them with the animals of the field, and with the birds of the sky, and with the crawling creatures of the ground. I will break the bow, the sword, and the battle out of the land, and will make them lie down safely.
Den dagen gjer eg for deim ei pakt med dyri på marki, med fuglarne under himmelen og med kreket på jordi. Og boge og sverd og krig bryt eg sund. Eg skal få det reint ut or landet, og lata deim bu trygt.
19 I will betroth you to me forever. Yes, I will betroth you to me in righteousness, in justice, in loving kindness, and in compassion.
Og eg vil trulova meg med deg til æveleg tid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn.
20 I will even betroth you to me in faithfulness; and you shall know YHWH.
Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 It will happen in that day, I will respond," says YHWH, "I will respond to the heavens, and they will respond to the earth;
Og den dagen kjem det til å verta so at eg bønhøyrer, segjer Herren, eg bønhøyrer himmelen, og han bønhøyrer jordi.
22 and the earth will respond to the grain, and the new wine, and the oil; and they will respond to Jezreel.
Og jordi skal bønhøyra kornet og druvesafti og oljen, og dei skal bønhøyra Jizre’el.
23 And I will sow her for myself in the land; and I will compassion on No Compassion; and I will say to Not My People, 'You are my people;' and they will say, 'My God.'"
Og plantar meg henne i landet og miskunnar Lo-Ruhama, og eg segjer til Lo-Ammi: «Folket mitt er du!» og ho, ho skal segja: «Min Gud!»