< Deuteronomy 34 >
1 Moses went up from the plains of Moab to Mount Nebo, to the top of Pisgah, that is over against Jericho. YHWH showed him all the land of Gilead, to Dan,
So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan,
2 and all Naphtali, and the land of Ephraim and Manasseh, and all the land of Judah as far as the western sea,
og heile Naftali og Efraims- og Manasselandet, og heile Judalandet radt til Vesterhavet,
3 and the Negev, and the Plain of the Valley of Jericho the city of palm trees, to Zoar.
og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar;
4 YHWH said to him, "This is the land which I swore to Abraham, to Isaac, and to Jacob, saying, 'I will give it to your descendants.' I have caused you to see it with your eyes, but you shall not go over there."
Og Herren sagde til honom: «Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev du set det for augo dine, men sjølv skal ikkje få koma dit.»
5 So Moses the servant of YHWH died there in the land of Moab, according to the word of YHWH.
So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moablandet, som Herren hadde sagt.
6 And he buried him in the valley in the land of Moab over against Beth Peor: but no man knows of his tomb to this day.
Han jorda honom i dalen midt for Bet-Peor, i Moablandet, og ingen hev til denne dag visst um gravi hans.
7 Moses was one hundred twenty years old when he died: his eye was not dim, nor his natural vigor diminished.
Moses var hundrad og tjuge år gamall då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi.
8 The children of Israel wept for Moses in the plains of Moab thirty days: so the days of weeping in the mourning for Moses were ended.
Israels-sønerne gret yver honom på Moabmoarne i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi.
9 Joshua the son of Nun was full of the spirit of wisdom; for Moses had laid his hands on him: and the children of Israel listened to him, and did as YHWH commanded Moses.
Moses hadde lagt henderne på Josva, son åt Nun, so han og var full av visdomsånd, og Israels-sønerne lydde honom, og gjorde som Herren hadde sagt med Moses.
10 There has not arisen a prophet since in Israel like Moses, whom YHWH knew face to face,
Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit.
11 in all the signs and the wonders, which YHWH sent him to do in the land of Egypt, to Pharaoh, and to all his servants, and to all his land,
Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette honom til å gjera i Egyptarland med Farao og alle mennarne og heile landet hans,
12 and in all the mighty hand, and in all the great terror, which Moses worked in the sight of all Israel.
og kom i hug alle dei store verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!